Ein svart bårebil køyrer over dei enorme viddene på veg frå Alta til Honningsvåg i Finnmark.

Det er ein uvanleg varm septemberdag i 2011.

Bak rattet sit Arve Olsen.

Han er på sitt livs tyngste biltur.

I kista bak i bilen ligg sonen hans, Steffen.

Allan Klo/NRK
Allan Klo/NRK

Alle kjenner Steffen

Steffen Ulvatne mekka og skrudde frå han var liten.

Han vaks opp hos mor i Honningsvåg, men besøka hos faren Arve litt utanfor byen, gav han store moglegheiter til å dyrke interessene sine.

For faren dreiv både bilverkstad, gjenvinningsanlegg og bilbergingsselskap, i tillegg til å vere medeigar i eit gravferdsbyrå og ein blomsterbutikk.

Allereie som liten gut fekk Steffen vere med å køyre både hjullastar og gravemaskin.

Han var ein ekstremt omgjengeleg fyr som fekk kjemi med alle.

Steffen hadde vener over heile Vest-Finnmark.

Det beste han visste var å køyre snøskuter i timevis på vidda.

Men det var havet han drøymde om.

Målet var å bli motormann på ein båt, og etter to år på den vidaregåande skulen i heimbyen var han klar for å bli lærling.

Ein dårleg følelse

Faren Arve hugsar dagen då atten år gamle Steffen kom slentrande over golvet inne på bilverkstaden.

Det var tydeleg at sonen hadde noko på hjartet.

For Steffen hadde først fått avslag på søknaden om lærlingkontrakt fordi det ikkje var nok plassar til alle dette året.

Plan B var då å jobbe eit år for faren i verkstaden.

Men no hadde mora hjelpt han med å ta nokre telefonar og lærlingplassen var omsider i boks.

– Eg veit ikkje heilt kvifor, men det sokk liksom i magen min då han fortalde at han hadde fått jobb om bord i hurtigruta, seier Arve.

Arve veit ikkje om den dårlege magefølelsen skuldast at han hadde gledd seg til å ha sonen rundt seg dagleg det neste året, eller om det er fordi han var redd det ikkje skulle vere trygt for han i maskinrommet.

Han lét det vere opp til Steffen å ta avgjerda.

Og Steffen takka ja.

Dette var draumejobben.

Person går mot hurtigruta som ligger ved kai
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Den andre september i 2011 går Steffen om bord i MS «Nordlys» i Bergen.

Den unge mannen er klar for å teste ut kunnskapen sin om bord i eit skip som han heile livet har sett kome og gå inne i hamna i heimbyen.

For både i Honningsvåg og langs heile kysten har folk eit sterkt forhold til hurtigruta.

Gjennom generasjonar har skipa frakta gods og folk mellom store og små plassar og vore eit viktig bindeledd.

Oversiktsbilde av Honningsvåg sentrum tatt fra fjellet. Båter i havna og hurtigruta MS Nordlys ved kai. Grå himmel og snø i fjella
Hurtigruta MS «Nordlys» i Honningsvåg, ein fast stoppestad på den 12 dagar lange rundturen mellom Bergen og Kirkenes. Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Ein utsett plass

Som motorlærling skal Steffen jobbe i maskinrommet, heilt i botnen av det 120 meter lange skipet.

Støyen der nede er overveldande.

Steffen og resten av maskinbesetninga veit godt at det er enorme krefter i sving rundt dei.

Store mengder brennbart drivstoff blir pumpa rundt med stort trykk i røyra.

Der er høge temperaturar og ventilasjonsanlegget gir god tilgang på luft.

Eit maskinrom har dei perfekte forholda for ein brann.

Steffen har vore om bord i knappe to veker, og morgonen den 15. september nærmar dei seg Ålesund.

Det er 207 passasjerar som har sjekka inn på MS «Nordlys», klare for å oppleve noko av det mest spektakulære landskapet som Noreg har å by på.

Indre havn i ÅlesundØyvind Sandnes/NRK
Indre havn i ÅlesundØyvind Sandnes/NRK

Nede i botnen av skipet er Steffen og dei åtte andre kollegaene klare for dagvakta.

Steffen glir rett inn i gjengen og det blir lagt merke til at han er vand til å arbeide og vant til å bruke verktøy.

Alt er normalt i maskinrommet – ingen har sett teikn til det som snart skal skje.

Illustrasjon over hurtigruteskipet MS Nordlys som viser hvor maskinrommet, evakueringsdekket, broa og restaurantene er i forhold til hverandre
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Dødeleg alvor

Steffen jobbar saman med førstemaskinisten og reparatøren inne i verkstaden, eit rom som ligg rett ved ein av dei to store hovudmotorane.

Klokka er litt over ni.

Plutseleg ropar Steffen at det kjem røyk inn døra.

Dei tre skjønar raskt at det er ein kraftig brann, rett på utsida.

Dørene er lukka, men svart, giftig røyk siv inn.

Dei innser at dei må kome seg ut.

Men den einaste vegen ut av verkstaden er gjennom flammane som slikkar seg opp etter golvet og veggane.

Temperaturen rundt brannen er allereie mange hundre grader og både røyken og alt stålet i maskinrommet blir raskt dødeleg varmt.

Dei tre mennene grip tak i kvarandre og stormar ut i den beksvarte røyken.

Hender som griper hverandre og stikker ut av svart røyk
Illustrasjon: Marco Vaglieri

Alt blir mørkt.

Dei kan ikkje sjå hendene framføre seg og må føle seg fram i det røykfylte maskinrommet.

Støyen er øyredøyvande.

Varmen frå røyken og flammane er intens.

Steffen og dei to kollegaene blir desorienterte og misser etter kvart kontrollen på kvarandre.

Høyr kollegaene til Steffen skildre dramaet og kampen på innsida av skipet:

Alt blir svart

Oppe i styrhuset på sjette dekk har dei første alarmane gått.

Den erfarne kapteinen, John Tindvik, skjønar at noko er alvorleg gale nede i botnen av skipet.

Han snur seg og ser rett inn i beksvart røyk som veltar ut av pipa og den bakre delen av skipet.

Så ringer det på den interne telefonlinja.

John løftar av røret.

Det er frå ein i maskinbesetninga som ropar:

– Der er full fyr i maskinrommet.

Han rekk å gi beskjed om at han akkurat har klart å berge seg ut. Så blir sambandet brote.

Det ular i alarmane, situasjonen i styrhuset er uoversiktleg.

Kapteinen forstår at mannskapet nede i botnen av skipet kjempar for livet.

I maskinrommet har Steffen, førstemaskinisten og reparatøren kome seg bort til ei stor, vasstett dør.

Sakte men sikkert opnar den seg og dei kan krype ut i neste rom.

Men røyken følgjer etter.

Det kraftige ventilasjonsanlegget i maskinrommet pressar den tunge, seige røyken ut og fyller det neste rommet på eit blunk.

Steffen kjempar for livet.

Røyken er gloheit. Den kveler pusten og sluker alt lys.

Han må famle seg vidare mellom pallar og utstyr.

Så kjem han fram til personaltrappa som går opp gjennom heile skipet, heilt opp til femte dekk.

Men det er langt å gå og røyken omgir han.

Tegning av hånd som strekker seg ut av svart røyk
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Dødt skip

Oppe i styrhuset merkar kapteinen John at motorane stoppar opp og straumen går.

Naudaggregatet startar, men etter kort tid sluttar også det å fungere.

Alt går i svart.

Det einaste som fungerer om bord er naudbatteria som driv alarmane og enkelte instrument i styrhuset.

– Då var det dødt skip. Ikkje noko å gjere, seier kapteinen John.

Han kallar opp kystradioen og ber dei slå full alarm.

Dei er berre nokre hundre meter frå hamna, men skipet driv på fjorden utan motorkraft og styring.

John gir ordre om å få passasjerane i livbåtane.

Det mørklagde, brennande skipet driv hjelpelaust rundt.

Den eksplosive brannen er ute av kontroll og faren er at den kan spreie seg til heile skipet.

No står kapteinen John igjen med éin sløkkemetode som framleis fungerer på det straumlause skipet: å fylle maskinrommet med drepande CO2-gass.

Den vil raskt kvele flammane, men den vil også kvele alt anna liv som er i nærleiken.

Det er berre kapteinen som kan gi ordren om å utløyse CO2-anlegget.

John får ikkje kontakt med mannskapet i maskinen, og det er for farleg å sende nokon ned for å leite.

Han blir stilt overfor eit umenneskeleg val.

Skal han sløkke brannen og redde skipet, men samtidig risikere at nokon av mannskapet døyr?

John kjenner på presset.

Men til slutt seier han nei.

– Det er ikkje nokon som hadde klart å overtale meg så lenge det kunne vere eit liv igjen i båten!

No hastar det med å få hjelp frå land og få fart i evakueringsarbeidet.

Passasjerane blir telte og registrerte og plassert i dei oransje livbåtane, uvitande om dødskampen under dei.

Så kjem det to forbrente menn i kjeledressar ut døra på femte dekk, rett ved livbåtane.

Det er kollegaene til Steffen frå verkstaden.

Frå maskinrommet har dei klart å kome seg opp eitt dekk via personaltrappa. Der har dei stupt ut i ein røykfri lugarkorridor i etasjen over maskinrommet.

Derifrå har dei klart å kome seg vidare gjennom røykfrie delar av skipet – og opp til frisk luft ute på femte dekk.

Dei er stygt skadde på hovudet og ryggen, kjeledressane er delvis smelta og frå hendene heng det remser med hud.

Kollegaene ute på evakueringsdekket skjønar at det hastar med å få dei to i land.

Dei senkar ein liten hurtiggåande båt ned langs skipssida og køyrer dei i land til ein ventande ambulanse.

Men ingen veit kvar Steffen er.

Ålesund 20110915.
Hurtigruteskipet Nordlys brenner like utenfor Ålesund torsdag morgen. To skadde føres inn i ambulanse.
Foto: Olav Helge Matvik / Kystverket / Scanpix
Hei blir dei to hardt skadde kollegaene til Steffen ført inn i ein ventande ambulanse. Foto: SCANPIX

Full alarm

I Ålesund har storalarmen gått og kaia fyllest opp av politi, brannvesen og ambulansar.

Folk i byen er vant til å sjå hurtigruta kome og gå. No blir dei ufrivillig publikum til eit drama ute på fjorden ingen enno veit omfanget av.

Ålesund 20110915.
Hurtigruteskipet Nordlys brenner like utenfor Ålesund torsdag morgen.
Foto: Olav Helge Matvik / Kystverket / Scanpix
Redningsskøyta er på veg ut til den brennande hurtigruta, rett utanfor Ålesund sentrum. Foto: SCANPIX

Bilda av det brennande skipet, innhylla i beksvart røyk ute på fjorden, er toppoppslag i alle nettaviser og tv-kanalar, i inn- og utland.

MS «Nordlys» blir slept til kai. Passasjerane er evakuerte og brannvesenet kan endeleg starte kampen mot flammane og leite etter folk.

Ei førebels oppteljing av mannskapet viser at fem-seks personar er sakna.

Røykdykkarar søkjer gjennom skipet, lugar for lugar og dekk for dekk.

Så kjem dei opp til fjerde dekk, der byssa og frukostsalen er.

Det er tydeleg at passasjerane har forlate plassane sine i all hast.

Rundt om på borda står kaffikoppar, glas med juice og fat med halvetne smørbrød.

Ålesund 20110919.
Ombord på hurtigruta MS Nordlys. Forlatt frokost i restauranten på fjerde dekk etter brannen i forrige uke.
Foto: TV2 POOL / Ben Fylling / Scanpix
Slik såg frukostsalen ut etter at passasjerane hadde rømt ut på evakueringsdekket. Foto: Scanpix

Redningsmannskapa går forbi den fyldige frukostbuffeten der egg og bacon, ferskt brød og godt pålegg står framme.

Inst inne på kjøkkenet finn dei ein person liggande på golvet.

Dei startar livreddande behandling, men livet står ikkje til å redde.

Oppe i styrhuset får kapteinen John Tindvik beskjed om at den omkomne har på seg ei svart jakke med Hurtigruten-logo på.

Han kjenner seg heilt paralysert. John skjønar at det er ein frå hans mannskap som ligg der.

Vegen frå styrhuset og ned til fjerde dekk er tung.

Inne i frukostsalen set han seg på huk ved likposen som ligg på golvet.

Mann i røykdykkerutstyr sitter bøyd over en likpose
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Han opnar posen og ser den unge mannen som ligg framfor han.

Det er Steffen, motorlærlingen han helste på for nokre dagar sidan.

– Eg såg han hadde smykket rundt halsen som han hadde på seg då han kom om bord ...

Det blir klart for John og dei rundt at Steffen har gått i den brennvarme, giftige røyken frå botnen av skipet og oppover trappene.

Der kollegaene kom seg inn i korridoren på andre dekk, så har Steffen halde fram med å famle seg vidare oppover den bratte personaltrappa.

Den svarte, tunge røyken har følgt etter han. Heilt til han ikkje klarte meir.

Nedsota trappegang midt i skipet på MS Nordlys, mellom dekk 2 og 3
Trappegangen der Steffen gjekk oppover for å rømme unna brannen er dekt av sot. Foto: Politiet / Politiet

Steffen har segna om få meter frå døra som ville tatt han ut i frisk luft.

Like etter gjer røykdykkarane eit nytt funn nede i maskinrommet.

I eit siderom finn dei den 57 år gamle maskinsjefen Geir Isaksen omkomen.

Ein ny gjennomgang av mannskapslistene viser at det ikkje er fleire sakna.

Den brutale telefonen

I Honningsvåg har familien til Steffen fått med seg nyheita om den brennande hurtigruta i Ålesund og skjønar at det er hans båt det er snakk om.

Dei har følgt med på nyheitssendingane og bilda som rullar over skjermen er dramatiske.

Dei ringer og ringer til Steffen, men får ikkje svar.

Uroa veks og timane går. Det nærmar seg kveld.

Familien til Steffen har ikkje fått noko informasjon. Dei anar ikkje om han lever, om han er sakna, skada eller om han har det heilt fint.

Arve sit i førarhuset på ein hjullastar ute på gjenvinningsanlegget sitt når telefonen ringer litt før 18.30. Det har gått rundt ni timar sidan brannen starta.

Bodskapen er knusande.

– Det var ein tøff beskjed, at eit av barna dine ikkje er meir.

Arve hoppar ned frå den store hjullastaren. Han brøler alt han maktar og kastar det han har i hendene med all kraft.

Jakka, lommeboka, telefonen fyk bortover.

Så forsvinn beina under han.

Arve fell ned på bakken og blir sittande mens kollegaene kjem springande.

Ein stille tur

Nokre dagar etter ulykka blir kista til Steffen sendt med fly til Alta, tre timar unna heimbyen Honningsvåg.

Arve Olsen er bestemt på at den einaste som skal hente sonen Steffen heim, det er han.

Som medeigar i eit gravferdsbyrå, er han vant til å køyre den svarte bårebilen.

Saman med storfamilien køyrer han den lange vegen.

På flyplassen blir kista lasta inn i bårebilen. Den tunge heimturen kan starte.

Arve har handtert døde menneske før. Men dette er annleis enn alt anna.

– Du visste at guten din låg inni der.

Når følgjet med bårebilen nærmar seg Honningsvåg ser Arve noko i vegkanten langt framme.

Det er rundt femti bilar som har tatt oppstilling langs vegen.

I bilane sit vener og familie – klare til å følgje Steffen heim for siste gong.

Alle bilane har naudblinken på.

Eit fast signal mellom Steffen og kompisane når dei er ute og køyrer.

Dei siste kilometrane inn mot Honningsvåg sentrum står folk oppstilte langs vegen, som ei siste helsing.

Framme ved det vesle kapellet på sjukestua i byen, ber familien kista inn.

Arve er den første som får sjå sonen.

– På ein måte så var det fint å sjå han igjen, utan tvil. Men ein såg jo kva han hadde vore med på. Det var også utan tvil at han hadde kjempa ... det hadde han gjort.

Undommer samlet, sitter på bakken
Steffen på festival i juli 2011 saman med to venninner. Foto: Privat / Privat

Svikt i sikkerheitsrutinane

Statens havarikommisjon starta undersøkingar etter brannen om bord i MS «Nordlys».

I sin rapport kritiserer dei Hurtigruten for svikt i utarbeiding og etterleving av sikkerheitsrutinar. Kommisjonen meiner at dette medverka til brannen.

Blant anna skulle vassløkkingssystemet i maskinrommet ha blitt utløyst automatisk. Men det var sett i manuell modus, utan at dette blei rapportert inn som eit avvik.

Kommisjonen meiner at dersom vassanlegget hadde blitt utløyst automatisk, så kunne både skadane og dødsfalla vore unngått.

Kommisjonen meiner at den mest sannsynlege årsaka til brannen var at ei drivstoffpumpe i maskinrommet ikkje var montert rett, slik at den losna og diesel spruta ut med stort trykk.

Dieselen trefte svært varme, uisolerte overflater i maskinrommet og byrja å brenne.

Kommisjonen kritiserer Hurtigruten sitt vedlikehaldssystem for at det ikkje gav nok rettleiing til maskinbesetninga om viktige detaljar for skifte av drivstoffpumpa.

Etter ei politietterforsking som varte i fleire år, fekk Hurtigruten ei føretaksstraff på 300 000 kroner for brot på Skipssikkerheitslova.

Hurtigruten betalte, men presiserte at dei ikkje vedkjenner straffskyld for hendinga.

Arve Olsen står på kaia og ser på hurtigruta MS Nordlys i Honningsvåg. Gårtt, lavt skydekke og snø i fjella
MS «Nordlys» er godt synleg når den legg til i Honningsvåg. Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Det tyngande ansvaret

Steffen sine to kollegaer frå verkstaden fekk livstruande skadar i brannen.

Men begge overlevde og kom seg seinare tilbake i arbeid for Hurtigruten.

Etter brannen gjorde Hurtigruten ei rekkje ombyggingar på skipa sine og endra arbeidsrutinane.

I dag har alle maskinrom sløkkeanlegg som kan aktiverast sjølv om det er folk i området, og ingen av Hurtigruten sine maskinrom har CO2-anlegg lenger.

Det blei også bygd fleire rømmingsvegar og naudutgangar der det var nødvendig.

For kaptein John Tindvik har brannen om bord i MS «Nordlys» i Ålesund vore eit vondt minne desse 15 åra.

Tidligere kaptein på MS Nordlys, John Tindvik, sitter ved et bord og ser på avisutklipp
Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

– Eg føler jo ansvaret for heile hendinga. Eg var jo øvste ansvarlege.

Han har tatt vare på avisutklipp frå dei intense dagane i Ålesund i 2011.

Overskriftene fortel at den store katastrofen blei avverja takka vere snarrådig innsats frå mannskap og brannvesen, og at dette lett kunne gått mykje verre.

Tidligere kaptein for Hurtigruten John Tindvik ser på avisutklipp fra brannen ombord i MS Nordlys
Nyheitene om den brennande hurtigruta gjekk verda rundt. Kaptein John Tindvik har tatt vare på mange avisutklipp frå dei dramatiske dagane i Ålesund Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Men for John er tapet av dei to i mannskapet ein katastrofe stor nok. Særleg Steffen framkallar følelsane.

– Vi skulle vere fadder for ein ungdom som hadde livet framfor seg. Når eg byrjar å prate om det, så er det vanskeleg. Like vanskeleg i dag og kanskje meir.

Arve finn ikkje ro

I Honningsvåg jobbar Arve Olsen framleis lange dagar i verkstaden og ute på vegane som bilbergar i Vest-Finnmark.

Åra etter brannen på hurtigruta har vore vanskelege og det er mange spørsmål som framleis gneg i han.

Daglig leder ved Nordkapp Auto, Arve Olsen, står mellom to bilbergingsbiler.
Arve Olsen driv med bilberging over heile Vest-Finnmark. Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Kvifor fekk ikkje familien informasjon frå Hurtigruten før det var blitt kveld?

Dei måtte sjølv ringe rundt til hotell, sjukehus og Hurtigruten for å få svar.

Hurtigruten gav beskjed til politiet om at dei ville sjølve overta ansvaret for å varsle dei pårørande etter brannen.

Men der politiet har som rutine at ein prest blir kalla ut for å gi dødsbodskapen til nære pårørande, sørga ikkje Hurtigruten for at nokon møtte Arve for å fortelje at sonen var omkomen.

Rykta svirra i byen og det var mor til Steffen som til slutt måtte ringe Arve for å unngå at han skulle høyre det frå andre.

Å få dødsbodskapen over telefon på denne måten unner han ingen.

– Ein mørk dag for Hurtigruten

Konsernsjefen i Hurtigruten, Hedda Felin, seier dei aldri vil gløyme det som skjedde denne dagen i 2011, då dei mista to gode kollegaer.

– Det er dei pårørande som framleis ber den største belastninga og sorga.

Felin meiner det ikkje er rett av Hurtigruten å gjere vurderingar av dei avgjerdene som blei tatt på ulykkesdagen for 15 år sidan.

Men ho ønskjer å seie at dei forstår følelsane som Arve, faren til Steffen, gir uttrykk for.

– Vi beklagar sterkt at avgjerder i Hurtigruten har påført han ei ekstra belastning.

Konserndirektør i Hurtigruten Hedda Felin står på broa og ser i kamera
Konserndirektør Hedda Felin seier 15. september i 2011 er ein mørk dag for Hurtigruten som aldri vil bli gløymt. Foto: Max Emanuelson / Hurtigruten

Ho presiserer at dagens rutinar inneber at det er politiet eller andre relevante instansar som skal varsle pårørande dersom det skulle skje ei ulykke.

Arve Olsen er kritisk til at Hurtigruten ikkje klarte å ta betre vare på den ferske lærlingen sin.

Trass i utbetringane dei har gjort etter ulykka, er han redd det kan skje nye ulykker i maskinrommet på hurtigruta.

Felin seier at sikkerheita alltid er første prioritet, og at Hurtigruten jobbar kontinuerleg med å forbetre alle sider av verksemda for å sikre at det er ein trygg arbeidsplass.

– Det blir gjennomført oppstartssamlingar med fokus på sikkerheit for alle nye dekk- og maskinlærlingar. Ein grundig gjennomgang av rømmingsvegar og alle sikkerheitsinstruksar er også ein del av rutinane når lærlingane kjem om bord.

Hurtigruta seglar vidare

MS «Nordlys» blei sett inn i trafikk igjen eit halvt år etter ulykka.

For Arve betyr det fast gjensyn med skipet når det legg til kai i Honningsvåg.

Når han ser skipet, kan han føle på ei spesiell ro. Som om Steffen framleis er om bord.

I mange år kunne han kjenne på kroppen når MS «Nordlys» var i nærleiken, utan at han hadde sjekka rutetabellen.

– Eg har aldri hatt ein dårleg følelse når eg har sett båten i ettertid, men kanskje meir ein god følelse, ein følelse av litt nærleik ...

Arve Olsen i arbeidsklær på kaia Honningsvåg med hurtigruta Nordlys i bakgrunnen
Arve Olsen er vant til å sjå MS «Nordlys» når ho kjem innom Honningsvåg. Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Kjelder: Politiet sine etterforskingsdokument og Statens Havarikomminsjon sin rapport