Stein fall nær husvegg på Lerstad i Ålesund.
STEIN: Steinen landa like ved husveggen. Foto: Remi Sagen / NRK

Rundt 13.40 melde politiet at ein stor stein hadde falle ned på ei trapp ved ein bustad på Lerstad i Ålesund.

– Steinen skal ha losna frå naboeigedomen, der det no føregår eit arbeid. Steinen landa berre 20 centimeter frå husveggen, seier Line Kjernli Karlsen, operasjonsleiar i politiet.

Politiet anslår at steinen veg minst 500 kilo.

Hendinga har skjedd tidlegare i dag.

Har stoppa arbeidet

Eit par skiferfliser på trappa er øydelagt som følge av steinen.

Politiet har stoppa arbeidet på naboeigedommen inntil Arbeidstilsynet har sett på saka.

– Det skjer då resultatet kunne blitt langt verre enn det blei, seier Karlsen.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga.

Stein fall nær hus på Lerstad i Ålesund
Steinen skal ifølge politiet ha vore på rundt 500 kilo. Foto: Remi Sagen / NRK

– Vakna av eit drønn

Huseigar Rita-Lill Heggdal er på ferie i Barcelona, men dei to barna hennar var heime då steinen fall nær husveggen deira.

– Dei vakna av eit drønn og trudde steinen kom gjennom veggen. Det er ei lykke at det ikkje gjekk verre, fortel ho til NRK.

Sonen, Vegard Brunstad, fortel at han fekk ein brå start på dagen.

– Eg bråvakna av at det rista veldig. Først skjønte eg ikkje heilt kva som skjedde, for det var mykje lyd og bevegelse i huset.

Han kontakta så søstera for å finne ut kva det var som hadde skjedd.

– Det var ein litt skummel måte å vakne på. Eg trudde det var eit jordskjelv, for det rista i heile huset, seier Henrikke Brunstad.

– Steinen kunne lett ha gjort mykje meir skade. Det er ganske heldig at den trilla dit den gjorde. Det er litt skummelt, seier Vegard.

– Vi har snakka mykje om arbeidet bak huset, eg har vore redd for å sove på rommet mitt, for eg ligg med hovudet mot gravearbeidet. Men eg har tenkt at det skal gå bra, seier Henrikke.

Familien har meldt saka til politiet.

NRK har vore i kontakt med selskapet som er ansvarlege for arbeidet. Dei har så langt ikkje kunne kommentert saka.

Stein fall nær husvegg på Lerstad i Ålesund
Vegard og Henrikke Brunstad vakna då steinen fall ned på trappa. Foto: Remi Sagen / NRK