Øyvind Andreassen stod i kø for å kjøpe softis på Trollstigen camping i Isterdalen då han høyrde ein kraftig lyd.
– Det høyrdest ut som torevêr. Så såg eg til sida, og då kom det ei stor sky glidande langs fjellsida, fortel Andreassen til NRK.
Han og kjærasten Mina Christine Lundsten var på veg frå Åndalsnes til Trollstigplatået då steinraset gjekk kl. 15.25.
Fekk raset på video
Frå der dei stod, såg dei først og fremst støvskya som voks seg stor etter raset. Då dei køyrde forbi rasstaden litt seinare, kunne dei sjå spora etter raset i fjellsida.
– Det var mykje lysare der steinen hadde losna frå. Eg trur òg raset tok med seg nokre tre på vegen ned, fortel Andreassen.
Ifølge han var det også fleire av dei andre som stod i kø som reagerte òg og gjekk nærare vegen for å få betre utsyn mot fjellet. Paret filma hendinga og har delt videoane med NRK.
Trafikken går som normalt
Steinmassane kom ikkje ut i køyrebana og trafikken går som normalt på den populære turistvegen. Andreassen seier vêret var tørt og overskya då raset gjekk.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er ikkje kopla inn i arbeidet med steinraset, sidan raset gjekk i eit område utan busetnad eller veg. Raset har heller ikkje treft turstien i området. Varaordførar i Rauma kommune, Jan Peter Valde, opplyser til NRK at det ikkje er aktuelt å kople inn NVE.
– Ikkje uventa at det går ras
Geolog Andrea Taurisano understrekar at NVE ikkje kjenner detaljane i denne hendinga, men seier at slike ras er vanlege i dalen.
– Dette er ein dal med svært bratte fjellsider, og steinras har gått her tallause gonger gjennom tusenvis av år. Heile dalen er prega av gamle skredavsetningar, så dette er ikkje uventa, seier Taurisano.
Han seier at fjellet gradvis blir brote ned av naturlege prosessar.
– Frost, temperaturendringar og vatn utvidar sprekkene i berget, og før eller seinare vil steinblokker losne. Det trengst ikkje ei spesiell utløysande årsak, seier Taurisano.
For under to veker sidan gjekk det eit ras på andre sida av fjellet, i Trollveggen: