Screenshot av snap sendt av en stor stein i vegbanen
STENGT: Denne svære steinen har rast ned i vegbana på fylkesveg 848. Vegen er no stengt fram til 12.00 torsdag. Foto: Emmy Robertsen / Privat

– Eg blei varsla om steinen frå ein lastebil som eg møtte i krysset.

Det fortel Emmy Robertsen, som onsdag kveld var ute på køyretur på veg til Andørja. Ho har nettopp flytta frå Tromsø til tettstaden i Ibestad kommune.

Køyreturen onsdag kveld skulle bli litt spesiell.

I vegbana var det nemleg ein gedigen stein.

– Den var jo stor, kanskje fem-seks meter høg, minst, gjettar ho.

Ei jente med blondt hår smiler i kamera, har på seg blå jakke.
Emmy Robertsen fekk seg ei ekkel oppleving da ho var på køyretur onsdag kveld. Foto: Privat / Privat

Robertsen køyrde aleine i mørkt og vått haustvêr, og syntest det var litt skummelt at ein så stor stein var i vegbana på fylkesveg 848, ved Løksa i Salangen.

– Eg måtte stoppe og så så eg på den, og så vurderte eg om eg skulle snu. Men så kom det ein bil køyrande mot meg, som køyrde rett forbi.

– Melde du ifrå til nokon?

– Eg ringde mamma, og så melde ho ifrå til politiet.

Stengt fram til torsdag føremiddag

Politiet fekk raskt beskjed om steinen som hadde rasa ut på vegen. Dei varsla vidare til Vegtrafikksentralen.

– Entreprenør er på plass på staden, fortel trafikkoperatør Arne Sætermo onsdag kveld.

Vegen blir inntil vidare stengt fram til 12.00 torsdag føremiddag.

Sætermo opplyser at entreprenør no skal inn og sikre området og sperre av slik at ikkje trafikantar skal køyre inn i området der det har skjedd.

– Når det er dagslys skal fagpersonell inn og gjere vurderingar og sjå.