Selma Dahle Kraft
ETTERTRAKTA: Over heile landet er det mangel på prestar. I Sunnfjord har det blitt gjort fleire grep for å løyse situasjonen. Selma Dahle Kraft valde å jobbe her. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Over heile landet står prestestillingar tomme. Den norske kyrkja hadde ved inngangen til året 101,4 tomme stillingar, men no ser fleire prosti lys i tunnelen.

– Vi tullar med å seie at du blir sikra jobb når du er ferdig.

Nytilsett prest i Jølster, Selma Dahle Kraft, kunne fått jobb kor ho ville. Men ho valde å takke ja til jobb i Sunnfjord.

Under heile studieløpet har ho vore klar over at mangelen på prestar er prekær over heile landet.

– Det har vore tema heile vegen. Eg er eigentleg frå Oslo, men eg hadde lyst til å kome meg ut av byen, oppleve naturen.

Selma Dahle Kraft
Selma Dahle Kraft er etterlengta arbeidskraft for kyrkja i Sunnfjord. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Lange periodar utan søkarar har tvinga fram mellombelse løysingar og bruk av pensjonistar.

– For eit år sidan gjekk eg ut og sa at vi treng fem nye prestar, og vi hadde ingen søkjarar. Men no har vi fått tilsett i alle dei fem stillingane. Det er vi ganske stolte av, seier prost i Sunnfjord, Knut Magne Nesse.

I dei seks åra han har sete i stillinga, har den uavklarte mannskapssituasjon vore eit gjennomgåande problem.

– Når det blir mellombelse løysingar, blir det ikkje noko langsiktigheit eller målretting i arbeidet. Det går ofte utover arbeidet med konfirmantar, barn og unge. Det er veldig flott at vi har pensjonistar som kan hjelpe oss, men dette var ein situasjon vi måtte ut av.

Satsar på lønn under studiane

Bak den positive snuoperasjonen ligg ein bevisst strategi frå bispedømmet. I Bjørgvin har dei teke i bruk nye og utradisjonelle rekrutteringsmetodar for å trekke til seg folk.

Eitt av dei mest effektive grepa er å tilby studentar som enno ikkje er ferdige med teologistudiet full lønn mot at dei studerer delar av tida.

– Vi har gjort grep i Bjørgvin bispedømme som har gjort at vi har fått mange nye til å søke på prestestillingane, seier biskop Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen
Biskop Ragnhild Jepsen seier bispedømmet har fått tilsett 15 nye prestar det siste året. Foto: Den norske kirke

I tillegg har utradisjonelle utdanningsvegar, som erfaringsbasert master, opna dørene for kandidatar med ein annan fagbakgrunn. Jepsen fortel at dei fleste ho har vigsla til prest det siste året, har gått denne vegen.

– Dei får 100 prosent lønn, men dei jobbar 60 prosent og får lov til å studere i 40. Då får ein både praksis samstundes som ein har moglegheit til å følgje studiane. Det ser vi har ein klar effekt, forklarar biskopen.

15 nye prestar det siste året

Resultata av nytenkinga viser seg no over heile bispedømmet. Det siste året er det tilsett 15 nye prestar.

– Ingen kyrkjelag er per i dag heilt utan prest. Vi skaffar prestar til alle gudstenester og kyrkjelege handlingar, seier Jepsen.

Sjølv om bispedømmet framleis er avhengig av pensjonistar i periodar, har tiltaka ført til ei etterlengta fornying i presteskapet.

Heidi Voltersvik Styve
Heidi Voltersvik Styve fekk jobbe og studere samstundes. Om litt er ho ferdig utdanna prest. Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Heidi Voltersvik Styve har vore kateket i Sunnfjord i 22 år. Tilbodet om løn medan ho studerer var avgjerande for at ho tok steget vidare som prest.

– No kan eg ta det på deltid og jobbe samstundes, og eg har stor glede av det.

I Nidaros bispedøme har mange gjort som Styve i Sunnfjord. Heile 10 prosent av prestestaben har blitt rekrutterte via den nye ordninga.

– Prest under utdanning er ein styrke for kyrkja. Vi hentar folk med ulike erfaringar og bakgrunn, og mange av dei har lokalt tilknyting, seier HR-sjef Håkon Olaussen i Nidaros.

Han strekar under at dei framleis har stillingar som står tomme, men at dei no har 10 nye prestar under utdanning. 6–7 prestar har alt fullført løpet.

Nidarosdomen fra lufta
Nidaros bispedøme har henta flest nye prestar gjennom ordninga prest under utdanning. HR-sjef Håkon Olaussen meiner det gjer mangfaldet i kyrkja større. Foto: NRK

Leiar i Kyrkjerådet, Harald Hegstad, meiner erfaringane frå mellom anna Sunnfjord og Nidaros viser at fleire av tiltaka kyrkja har satsa på dei siste åra, verkar.

– Det er eg veldig glad for. Det viser at systematisk og langsiktig arbeid med rekruttering ber frukter. Vi ser det i Sunnfjord, men også andre stader i landet, seier Hegstad.

Han peikar særleg på ordninga med prestar under utdanning og den erfaringsbaserte masterutdanninga, som gjer det mogleg å rekruttere folk som allereie bur i lokalsamfunn som treng prestar.

– På den måten får ein også sterkare lokal forankring, og prestar i lokalsamfunn der det kan vere vanskelegare å få nokon til å flytte til, seier han.

Harald Hegstad
Leiar i Kyrkjerådet, Harald Hegstad. Foto: NTB

Samstundes meiner Hegstad at tiltaka har hindra at prestemangelen har utvikla seg til ein større krise når store prestekull no går av med pensjon.

Gler seg over unge nyutdanna

Blant dei fem nyutnemnde prestane i Sunnfjord er det også unge, nyutdanna prestar. Det er ikkje kvardagskost i distrikta, der slike kandidatar ofte kan velje og vrake mellom stillingar i heile landet.

– Dei nyutdanna er veldig attraktive. No har vi fått kandidatar som har lyst til å komme til oss. Det er veldig motiverande og gjev ein fantastisk fornying i presteskapet, seier prost Nesse.

Knut Magne Nesse
Prost Knut Magne Nesse ser at nye grep har ført til fleire prestar til Sunnfjord. Foto: Nils Ole Refvik / NRK