Kvar veke tuslar Arnborg Teigum bort til kommunehuset.
Ho er kyrkjeverje i Skjåk kyrkje og finn posten til kyrkja der.
Men onsdag fann ho noko i posthylla som ho ikkje venta seg.
– Vi forstod ikkje kva vi hadde bestilt, seier kyrkjeverja, medan ho ser på ei pakke sendt frå Tyskland.
Ho opna pakka forsiktig. Pakka inn i silkepapir fann ho ein stor og tung nøkkel i metall.
På nøkkelen sto det: «Skjåk Kyrkje, 1938».
Stolen på 60- eller 70-talet
No har Teigum sett i gang lokalbefolkninga for å finne ut historia til nøkkelen.
– Vi har kontor i same huset som gamle lensmannskontoret i Skjåk, men det er berre vi som driv etterforsking her no, seier kyrkjeverja og ler.
Til no trur kyrkjeverja at dei kan løyse eit 50 år gammalt mysterium, i den vesle bygda i Gudbrandsdalen.
– Ryktet gjekk på at nøkkelen blei stolen av tyske turistar ein gong på 1970-talet, fortel Teigum.
Sidan då har ingen sett noko til nøkkelen – før no.
Lokalhistorikar Stein Grjotheim er bygdas historiske leksikon.
Han har leita seg gjennom gamle kyrkjeblad og dagboka til presten. Men det er lite konkret å finne om den forsvunne kyrkjenøkkel.
– Eg har leita sidan eg vart kontakta av kyrkjekontoret. Dessverre finn eg ikkje meir. Men eg har ikkje gjeve opp, seier Grjotheim.
Han meiner nøkkelen forsvann ein gong på 60-talet. Han har også funne ut at det vart laga ny lås i 1965. Men enda er det meste eit mysterium.
– Eg kjem til å kontakte Riksantikvaren også. Eg har lyst til finne fleire svar.
Kjøpt på tysk marknad
Det er framleis uvisst kven som stal nøkkelen.
Men i pakka låg eit handskrive brev på tysk.
Mannen som sende pakka skreiv under med fullt namn og adresse.
– Han bur i Berlin. Eg trur det er ein eldre kar som har skrive dette, seier Teigum.
Ingen av dei i kyrkja kan mykje tysk, men dei les brevet slik, at mannen har kjøpt nøkkelen på ein marknad i Tyskland.
Han skal ha hatt nøkkelen ei stund. No valde mannen å sende nøkkelen tilbake til kyrkja fordi han skal flytte.
– Han ønsker at det skal bli til glede for folket at nøkkelen kjem tilbake, seier kyrkjeverja, og siterer brevet.
– Ei ære
Teigum er ikkje heilt sikker på om ho trur på historia til mannen.
– Men vi må berre tru det beste om folk, seier kyrkjeverja, som ikkje har fått kontakta mannen sjølv enda.
Sjølv om låsen blei skifta etter at nøkkelen blei borte, er ho glad for at kyrkja har fått nøkkelen tilbake.
– Alle som bidrar til kyrkja vår er ei ære. Det er stusselig når ting da blir borte.
– Det er eit gammalt ordtak som går «Alt som ikkje er stolen eller oppbrent blir funne igjen», men det blir det tydelegvis likevel, seier kyrkjeverja.