Leiteaksjon Bergen
SØK: Dronen var i lufta i over 20 timar av leiteaksjonen. Foto: Norsk Folkehjelp / NRK

Politiet melde om funnet klokka 13.

– Politiet retter ein stor takk til alle de frivillige frå Norske Redningshunder, Røde Kors og Norsk Folkehjelp som har medverka i et omfattande søk, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Politiet er sikre på at det er den sakna mannen som er funnen, men han er ikkje formelt identifisert.

Dei pårørande er varsla om funnet. Det er ikkje mistanke om at noko kriminelt har skjedd.

Stor leiteaksjon

Leiteaksjonen har pågått sidan fredag kveld.

Godt over 100 personar har vore med i leiteaksjonen søndag. 50 av dei har vore soldatar frå Forsvaret.

Leiteaksjon Fløyen
Røde Kors stilte opp i stort monn. Foto: Nina Kausland / NRK

Den sakna var ein mann i slutten av 60-åra, som har ikkje vore sett sidan onsdag i 13-tida.

Det var frivillige frå Røde Kors som fant han, ifølge operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Søket har i hovudsak vore retta til område ved Fløyen, kor mannen sist vart observert.

Krevjande terreng

Både hundar, bakkemannskap, ATVar, helikopter og drone var med i leiteaksjonen.

Øyvind Arntzen i Norsk Folkehjelp har vore med i dronesøket. Dei siste dagane har dei hatt dronen i lufta i over 20 timar. Det har tidvis vore krevjande forhold med mykje tåke, men søndag føremiddag er det brukbare leiteforhold.

Leteaksjon Bergen
I natt vart søket sett på pause på grunn av tett tåke. Foto: Norsk Folkehjelp / NRK

– Store område er utilgjengelege for fotmannskapar, seier Arntzen.

Det har vore mange leiteaksjonar i det siste etter turistar til fjells. Mange frivillige er derfor slitne, noko som er bakgrunnen for at Forsvaret hjelper til.

Leteaksjon Bergen
Søndag er Norsk Folkehjelp i aksjon ved Skomakerdiket på Fløyen. Foto: Norsk Folkehjelp / NRK