Fredag samlar representantar frå over 54 land seg i Santa Marta i Colombia.
Saman med Nederland skal vertslandet leie arbeidet med å finne ut korleis verda skal finne ein veg bort frå kol, olje og gass.
– Eg ser dette som ei veldig viktig og positiv utvikling innan internasjonale diskusjonar om korleis vi taklar klimaendringane, seier klimaforskar Bjørn Samset ved Cicero.
Sa ikkje noko om utfasing
Møtet i Santa Marta er ikkje ein del av dei internasjonale klimaforhandlingane under Parisavtalen.
På klimatoppmøtet i Dubai i 2023 blei landa einige om ei slutterklæring som forpliktar landa i verda til å omstille seg vekk frå fossil energi.
Vedtok å omstille seg vekk frå fossil energi Verdens land er enige om omstilling bort fra olje og gass
Trass i at det har vore to klimatoppmøte sidan Dubai, har verda ikkje komme lenger.
Ved klimatoppmøtet i Brasil i fjor haust blei det ikkje sagt noko om utfasing av kol, olje og gass i slutterklæringa.
– Kjem til å følge nøye med
I statsbudsjettet i fjor haust blei dei raud-grøne partia einige om å setje ned ein omstillingskommisjon.
Det er forskjellige tolkingar om kva kommisjonen skal gjere, men fagrådgivar Elise Åsnes i Greenpeace seier at ein samla miljøbevegelse lenge har kravd at regjeringa lagar ein plan for utfasinga.
– Dette møtet, denne store, historiske hendinga, er eit unikt moment og eit handlingsrom for å starte med akkurat det, seier ho.
– Vi krev at Noreg bidrar godt der og ikkje bremsar. Vi kjem til å følge nøye med på korleis Noreg bidrar i diskusjonane og håpar verkeleg at dei bidrar konstruktivt, legg Åsnes til.
Dramatisk start
Møtet i Colombia blei lansert på klimatoppmøtet i Brasil.
– Det blei lansert midt under ein brann inne på klimaforhandlingane, som var symbolsk og sterkt i seg sjølv, seier Åsnes.
Ho seier at det har vore utruleg frustrerande å sjå korleis kjernen til problemet ikkje får den merksemda det fortener under klimaforhandlingar.
Brann under klimatoppmøtet Brann på klimatoppmøe i Belém - forhandlingene fortsetter fredag
Tar ikkje med «fossile bremser»
FN sitt klimatoppmøte er avhengig av at alle land blir einige.
Det har gjort at nokre få oljeproduserande land i praksis har vetorett og kan stoppe vedtak. Denne gongen er ikkje dei landa med.
USA trekker seg ut av alt internasjonalt klimaarbeid FNs klimasjef:– Et kolossalt selvmål
– Det er heilt med vilje at ein no ikkje inviterer med dei store fossile bremsene i klimaforhandlingane. At Saudi-Arabia, Russland og USA ikkje deltar, gjer jo heller at ein no får eit rom til å diskutere den fossile energiomstillinga, som ein ikkje har hatt tidlegare, seier leiar for fossil utfasing i WWF Verdas naturfond Susanne Waage.
Klimaforskar Samset meiner det er viktig at deltakarane i Colombia kan arbeide utan at representantar frå oljeproduserande land kan stoppe dei.
– Det er positivt at nokon har sett seg leie på det og seier at dei skal sjå kva som går an dersom vi ønsker å samarbeide i vår eiga gruppe, uavhengig av FN, seier Bjørn Samset.
Store oljeprodusentar deltar
Sjølv om Saudi-Arabia og andre oljeproduserande land i Persiabukta ikkje deltar, er ei rekke oljeland med. Det skriv The Guardian.
Nigeria, Angola, Mexico, Brasil – og Noreg – er alle med. Det er også fleire av dei største utsleppsnasjonane i verda, som Storbritannia, EU, Canada og Australia.
Waage i WWF meiner at når det er så få oljeproduserande land til stades, så er det spesielt viktig at Noreg deltar aktivt.
– Det vil vere et ekstra fokus på land som Noreg, Canada og Australia, som store produsentland, seier Waage som ventar at det blir eit stort press på Noreg i samtalane.
Også ein del av landa som er mest sårbare for klimaendringar, som øystatar i Stillehavet, er med på konferansen.
– Må skru opp tempoet
I motsetning til under klimatoppmøtet i fjor, er ikkje klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) til stades i Colombia. I staden sender Noreg statssekretær Astrid Hoem.
Ho seier at Noregdeler ambisjonen om å skru opp tempoet i den globale energiomstillinga for å nå 1,5 grader.
– Samtidig vil omstillinga ta tid og krevje dialog om korleis vi kombinerer klimaomsyn, energisikkerheit og samfunnsutvikling, seier Hoem.
I skuggen av Iran-krigen
Konferansen i Santa Marta skjer samtidig som verda går gjennom si største energikrise på mange år.
Åsnes i Greenpeace seier krigen gjer konferansen viktigare enn nokosinne.
Ho meiner at krigen viser kor sårbart det er å ha ein økonomi som er så avhengig av fossil energi.
– At så mange land no skal samlast, viser at det er ein koalisjon av villige som vil noko med dette, midt i ei krise, som er direkte knytt til fossil energi, seier Åsnes.
Tror Iran-krigen kan gi raskere grønn omstilling