Tysdag gjekk Høgre, Senterpartiet, KrF og Framstegspartiet saman i Stortinget, for å be regjeringa om å fjerne CO₂-avgifta på drivstoff for fiskefartøy - dagen før statsbudsjettforslaget skal leggast fram.
Om lag ein halv milliard kroner frå budsjettet går no til å fjerne avgifta.
TV 2 meldte om det politiske fleirtalet allereie måndag kveld, før vedtaket blei gjort tysdag.
Senterpartiet: – Høgre og KrF triksar i Ludo
Men heilt einige var ikkje dei fire «dieselkameratane».
Senterpartiet ønska opphavleg å fjerne avgifta allereie innan 1. november, men det ønska ikkje Høgre og KrF, som enda som forslagsstillar.
Trass i god stemning med fiskekaker på pauserommet, understreka Geir Pollestad frå talarstolen at vedtaket ikkje er eit reelt kuttforslag.
– Her driv Høgre og KrF triks i Ludo, dette er ikkje eit vedtak som fjernar avgifta. Det dei har foreslått er å be regjeringa om å kome med eit forslag. Det er faktisk Stortinget som bestemmer avgiftene i landet, sa han.
Pollestad hevda vidare at Høgre berre ville vise seg fram, og ikkje ville ha ei faktisk endring.
– Eg klarer ikkje å skjønne logikken til Høgre. Det er viktigare å be om at noko skal skje etter 1. januar, men det må for Guds skyld ikkje skje allereie 1. november.
Likevel valde altso Pollestad og Senterpartiet å støtte høgresida i saka. Forslaget blei vedtatt med 52 mot 49 stemmer.
Drar utanlands for å fylle diesel
CO₂-avgifta går ut på at fiskefartøy må betale ei avgift når dei fyller drivstoff.
Den omstridde avgifta har skapt sterke reaksjonar i næringa, som protesterte høglydt allereie då den først blei foreslått.
Dette førte til at regjeringa midlertidig utsette innføringa av avgifta.
Fleire fiskarar har fortalt at dei har dratt til Shetland eller andre utanlandske hamner for å bunkre drivstoff, slik at dei slepp unna avgifta.
Jonas Maas Nilsen i MDG er blant dei som har forsvart avgifta.
Tysdag møttest han til debatt hos NRK, mot Audun Maråk i Fiskebåt, medlems- og interesseorganisasjon for den norske havgåande fiskeflåten.
Nilsen meiner avgifta er eit viktig intensiv til å omstille bransjen, slik at det er lønnsamt å spare drivstoff og investere i tiltak for energieffektivisering og ny teknologi.
MDG: – Lenker fiskebåtane til dieselpumpene
– Det kan ikkje vere sånn at vi skal møte alle utfordringar langs kysten med ei dieselkanne. Når heile samfunnet omstiller seg, så må sjølvsagt også fiskerinæringa vere med på det.
Vedtaket er i praksis å lenke fiskebåtane til dieselpumpene i all overskodeleg framtid, meiner han.
Maråk kontra med at fisk er «noko av det grønaste ein kan ete». Han roser partia på Stortinget for å ha tatt realitetane til fiskebåtane innover seg.
– CO2-avgifta har verka mot si hensikt. Det har med seglingsdistansen å gjere, då vi slepper å gå innom utanlandske hamnar for å kunne bunkre avgiftsfritt, forklarer han.
Maråk viser til at utanlandske konkurrentar ikkje har den same utgifta, og at det ikkje finst et alternativ til diesel.
– Skulle vi for eksempel brukt elektrisk kraft til å drifte fiskeflåten, så har ikkje det vore plass til verken mannskap eller fisk, fordi batteriet tok hele størrelsen på båten.
Meiner intensjonen var god
Regjeringa si hensikt var å følge prinsippet om at den som forurensar skal betale og stimulere til meir energieffektive fartøy og grøn teknologi, samt at Noreg skulle nå sine klimamål.
I dag står fiskefartøy for årlege utslepp på rundt 1,2 millionar tonn klimagassar, om lag 2,6 prosent av dei totale utsleppa i Noreg, ifølge SSB.
Tore Roaldsnes er dagleg leiar i sjømatkonsernet Bluewild.
Selskapet si store stoltheit er den nye fabrikktrålaren Ecofive. Skroget gjer at båten brukar langt mindre drivstoff enn tradisjonelle trålarar.
Han meiner intensjonen med CO₂-avgifta var god, men at ho ikkje har fungert etter hensikta fordi det ikkje er utvikla gode alternativ til diesel.
– Det har gjort at dette har feila. Det må vi prøve å forbetre i åra som kjem, seier Roaldsnes.
Bluewild har investert fleire hundre millionar i trålaren Ecofive, og fekk også statsstønad til prosjektet. Målet var eit fartøy som skulle redusere forbruket av fossilt drivstoff.
– Det at avgifta vert fjerna, vil ikkje det minske lysten hjå andre selskap til å gjere noko liknande?
– Heilt klart. Alle som skal gjere ei investering vil ha føreseielege vilkår. Det er veldig skadeleg for arbeidet med å redusere utslepp at vi har so stor uføreseielegheit, seier Roaldsnes.
Håper likevel på raudgrønt budsjett
Aps Tuva Moflag er ikkje spesielt imponert over dieselkameratane.
– Endringar i skattar og avgifter må sjåast samla og under eitt. Slik held vi kontroll på økonomien i urolege tider. Dette er tydelegvis ikkje særleg viktig for Høgre i spørsmålet om denne avgifta, men det er viktig for Arbeidarpartiet, seier ho i ein kommentar til NTB tysdag.
Målet til regjeringa er framleis budsjetteinighet på tvers av dei raudgrøne partia, opplyser ho vidare.