lle partiene på Stortinget kaller inn til felles pressekonferanse i vandrehallen.
Partia på Stortinget presenterer semja om langtidsplanen onsdag ettermiddag. Foto: Lise Åserud / NTB

I planen får Forsvaret ein auke på 6,15 milliardar kroner innan 2036.

Dronesatsinga i Forsvaret blir trappa opp med 2,95 milliardar kroner, noko som utgjer ei satsing på dronar, elektronisk krigføring og autonomi på nesten 19 milliardar kroner fram til 2036.

– Det er positivt at det framleis er eit samla storting som stiller seg bak «Forsvarsløftet». Det sender eit viktig signal både til Russland og innanfor Nato, seier Karsten Friis, forskar 1 i Forskingsgruppa for sikkerheit og forsvar.

Og han legg til:

– Samla gjer dette oss betre i stand til å handtere både små og store krisesituasjonar. Men det er viktig å hugse at vi framleis er avhengige av USA og europeiske allierte for å avskrekke Russland og å forsvare regionen.

Luftforsvaret øver på bruk av Nasams-systemet på Evenes flystasjon. Bildet er tatt 14. mars i år.
Innkjøp av luftvern har vore eit stridstema i arbeidet med planen. Biletet er frå ei øving på Evenes flystasjon i 2023. Foto: NTB

– Vilje blant alle partia

Det var onsdag ettermiddag Peter Frølich frå Høgre presenterte resultatet av forhandlingane under ein pressekonferanse på Stortinget. Frølich har leia Stortinget sitt arbeid med den oppdaterte langtidsplanen for Forsvaret.

– Vi håpar at det skal vere mogeleg å skaffe Noreg eit avansert langtrekkjande luftvern tidlegare enn det som var planlagt. Det er ein vilje blant alle partia på Stortinget om å leggje pengar på bordet dersom det er teknisk mogeleg å få til det innkjøpet, sa Frølich.

en gruppe menn på en stridsvogn (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Forhandlingsleiar Peter Frølich (H) under presentasjonen av ny Leopard-stridsvogn tidlegare i år. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Vi har eit storting som tek innover seg erfaringane frå slagmarkene i Ukraina og at teknologiske utviklinga går svært raskt, sa Nils Ole Fosshaug (Ap) under presentasjonen.

– Trygve Slagsvold Vedum, får ein eigentleg så mykje for 6 milliardar kroner?

– Forsvar er dyrt, så det er sjølvsagt om å gjere å bruke pengane fornuftig. Noko av det vi får er eit mykje betre heimevern, eit større utstyrsløft, og vi får også meir til drifta av Forsvaret, seier Vedum, leiar i Senterpartiet.

Himanshu Gulati seier Frp er glad for at det i forliket ligg ein pakke på over 5 milliardar kroner til operativ drift, øving og trening. 150 millionar av dette kjem allereie i årets budsjett.

Og han legg til:

– Vi framskundar nødvendige investeringar i langtrekkjande luftvern. Vi får på plass ein eigen dronepakke og framskundar investeringane i helikopter.

En liten båt kjører mot en ubåt som ligger i vannoverflaten
Det skal kjøpast seks nye ubåtar, éin meir enn regjeringa foreslo i 2024. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Arne-Markus Svendsen er nestleiar i NOF (Norges offisers- og spesialistforbund) og har følgt presentasjonen av det som Stortinget no er blitt samde om.

– Vi svært godt nøgde med at eit samla storting legg fram ein revidert plan. Det tydeleggjer det alvorlege i situasjonen, seier han.

Svendsen nemner blant anna satsinga på øving og trening, styrkinga av luftvern tidlegare enn regjeringa først foreslo, auka dronesatsing og framskunding av Finnmarksbrigaden.

– Utviklinga i Ukraina har vist kor viktig det er å prioritere luftvern. Og heldigvis har politikarane lytta til det, seier Svendsen.

– Historisk løft

For to år sidan blei alle partia på Stortinget samde om den nye langtidsplanen for perioden 2025–2036.

Planen blei omtalt som historisk, og det største forsvarsløftet på 30 år. Løyvingane til forsvarssektoren auka med 611 milliardar kroner

Blant hovudpunkta var ei sterkare satsing på langtrekkjande luftvern i austlandsområdet.

I tillegg blei det vedteke å skaffe seks nye ubåtar, og ikkje fem, slik regjeringa foreslo tidlegare i 2024.

Vanskelege forhandlingar

I mars i år la Regjeringa fram ein revidert versjon av langtidsplanen.

Forsvarssektoren fekk 115 milliardar kroner meir, totalt 1848 milliardar, fram til 2036.

No har altså alle partia på Stortinget forhandla seg fram til semje.

Men i slutten av mai såg det mørkt ut. Fristen var sett til 28. mai.

– Det er framleis uklart om vi kjem i hamn. Det er ulike krav. Det er ulik vilje frå partia til å leggje ekstra milliardar på bordet, sa forhandlingsleiar Peter Frølich (H) til NRK den gongen.