14,2 milliardar kroner.

Det er summen det er hevda at det ville koste å skrote Helseplattforma.

– Beløpet er nok mest for å skremme, seier dataforskar.

– Skroting vil koste 9 milliardar mindre, meiner IT-professor, som knapt kunne tru scoren Helseplattforma fekk på brukarvenlegheit.

Dei meiner det vil vere ein katastrofe om systemet blir innført i heile Noreg.

Særleg no som kommunar går for ein norsk konkurrent.

– Ting blir betre, svarer Helse Midt.

Elefanten

– Å byte frå Helseplattforma var litt som å kaste lenkene eller reimene, seier dr. Torgeir Kismul Matre.

Torgeir Kismul Matre er lege i spesialisering i øre-nese-halssykdommer, ahus. Han har brukt Helseplattformen i Helseregion Midt-Norge, men foretrekker å bruke norskutviklede DIPS.
Matre føretrekker pasientar framfor datahjelpa. Foto: Lucian Muntean / NRK

Då øyre-nase-hals-legen nyleg flytta frå sjukehuset i Molde til Ahus på Lørenskog, bytte han frå det USA-utvikla systemet til Bodø-selskapet DIPS.

– Det var ei frigjering, eigentleg. DIPS er intuitivt og eg trong null opplæring.

Legen seier at det er nydeleg å ha eit system som samarbeider, slik at han kan ha fokus på å fikse pasientane – i staden for å få datahjelp.

– Her går alt av seg sjølv, medan med Helseplattforma måtte eg ringe datahjelpa fleire gonger i veka.

Det gjekk ut over pasientryggleiken, meiner Matre. Han hevdar han veit om alvorlege feil i medisinar til pasientane grunna Helseplattforma.

Torgeir Kismul Matre er lege i spesialisering i øre-nese-halssykdommer, ahus. Han har brukt Helseplattformen i Helseregion Midt-Norge, men foretrekker å bruke norskutviklede DIPS.
Legen saknar ikkje å snakke om datasystem. Foto: Lucian Muntean / NRK

– Det gjekk mykje tid på morgonmøte og lunsjpausen til å diskutere korleis ein kunne få til elementære ting i Helseplattforma. Etter eg byrja her i januar har eg ikkje snakka om DIPS ein einaste gong. Det er påfallande, synest Matre.

Rundt 85 prosent av norske sjukehus brukar pasientjournal frå DIPS.

I ei undersøking frå 2025 står det: Helseplattforma skil seg tydeleg ut med rapportert brukskvalitet på 17,3 av 100. Snittet for DIPS er 57,7.

– 17 av 100. Trudde ikkje det gjekk an ein gong. Alt under 40 blir sett på som stryk. 17,3 er jo tett på ubrukeleg, seier IT-professor til NRK.

Elefant med DIPS-logo utafor styremøte i Helse-Noreg, dei diskuterar Helseplattformen sine 15 milliarder
Matre laga denne teikninga av problematikken. Illustrasjon: Dr. Torgeir Kismul Matre, mellom anna basert på foto av Stian Lysberg Solum, NTB.

Vasa-skipet

Dataforskar Roald Bergstrøm var med frå starten da Noreg skulle få seg nytt journalsystem rundt 2012. Han byrja tidleg å åtvare mot valet av ein amerikansk leverandør.

Han seier at både Sverige og Finland no har funne det mest økonomisk å snu frå USA-utvikla system.

Roald Bergstrøm
Roald Bergstrøm har sidan 1990-talet jobba som IT-sjef på Levanger sjukehus, på Sintef, for kompetansesenteret for IT i helse og i Helsedirektoratet. Han har åtvara mot Helseplattforma sidan 2018. Foto: Privat / NRK

– Systema var koda for bruk i USA og passa dårleg inn i nordiske helsevesen.

Dermed blei det store kostnadar og utsetjingar når ein skulle byggje det om.

Berre i Midt-Noreg har ein brukt over 1,5 milliardar kroner på konsulentar, medan talet i Sverige er 800 millionar, seier han.

– I Gøteborgs len havarerte det nye journalsystemet tre dagar etter innføringa. Svenske aviser drog parallellar til da Vasa-skipet kantra på jomfruturen, seier Bergstrøm om innføringa av eit amerikansk journalsystem i Sverige.

SVT1: Tis 27 dec 2011 kl 20.00SVT World: Tis 27 dec 2011 kl 20.00SVT24: Ons 28 dec 2011 kl 21.00SVT World: Tor 29 dec 2011 kl 02.25SVT1: Tor 29 dec 2011 kl 03.30SVT1: Fre 30 dec 2011 kl 16.55SVT World: Lör 31 dec 2011 kl 14.50SVT1: Lör 7 jan 2012 kl 07.00Vasa 1628Bildtext: Vasaskeppet©: SVTBilden får endast användas i programpresenterande sammanhang. Fotografens namn, Sveriges Television samt programmets titel skall alltid anges.
Den svenske stoltheita Vasa-skipet krengde og sokk på si aller første reise i 1628, 1300 meter frå hamna i Stockholm. Her ein TV-rekonstruksjon.

I Noreg har Helseplattforma blitt omtalt som ein IT-skandale og katastrofe, blitt slakta av Riksrevisjonen og fått sterk kritikk frå Datatilsynet.

Korrupsjonsjeger Eva Joly uttalte til NRK: – Dei innførte eit system som var verdskjent for å ikkje fungere.

Samtidig har utviklinga i USA gjort fleire skeptiske til å overlate norske helsedata til eit amerikansk gigantselskap.

Vraka

Få kilometer unna det ferske praktsjukehuset mellom Molde og Kristiansund, som står i harde innsparingar etter Helseplattforma, ligg Gjemnes kommune.

Denne maidagen gjer dei det same som fleire kommunar i Trøndelag:

Vrakar Helseplattforma og vel DIPS-systemet Aidn.

– Det kostar berre halvparten, og scorar mykje betre på brukarvenlegheit, seier Ragnhild Kleive og Elisabeth Ludvigsen i kommunen.

Ragnhild Kleive og Elisabeth Ihle Ludvigsen Gjemnes kommune(Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Elisabeth Ihle Ludvigsen og Ragnhild Kleive i Gjemnes kommune framfor det som skal bli ny sjukeheim. Der kjem sparte millionar godt med. Dei fortel at journalsystemet skal samhandle mellom sjukeheim, heimeteneste, fysio- og ergoterapi og psykisk helse og rus. Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Kommunen sparar 5 millionar på fem år, noko som er betydeleg i ein kommune med helsebudsjett på 80 millionar.

– Kva var det som talte for Helseplattforma?

– Å vere i same system som helseføretaket og sjukehuset. Me er omgitt av kommunar som er med på Helseplattforma.

Sjølv om dei er midt i pilotområdet for det nye journalsystemet, som skulle knyte sjukehus og kommunar saman i heile Noreg, vel dei no altså ein norsk konkurrent.

Kven skal styre KI?

I 2025 sa 78 prosent av alle legar i Helse Midt at dei var misnøgde med Helseplattforma.

Dataforskar Roald Bergstrøm meiner at ein ikkje treng å byte ut heile systemet i éin operasjon, men at ein kan gå gradvis over til ei ny og meir open løysing. – Utfordringa er at me ikkje veit kva Helse Midt-Noreg har forplikta seg til med firmaet Epic, da kontrakten framleis er hemmeleg, hevdar Bergstrøm.

Han meiner me skulle hatt all helseinformasjon samla i ein nasjonal database, uavhengig av system.

Apper offentlege Helse-Noreg vs Helseplattformen
Brukarar under Helseplattforma får også ein ekstra app, i tillegg til HelseNorge-appen. HelsaMi-appen til høgre. Foto: Skjermdump: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Bergstrøm peiker på sårbarheita av å låse seg til eit amerikansk system, særleg no som KI er på full veg inn for å diagnostisere og analysere helsedata.

– For dei store aktørane som Epic, Microsoft og Palantir opnar helse opp for enorm mogleg forteneste ved å kople helseinformasjon med legemiddel, ernæringsråd og livsstilsråd.

– Da er det ekstra viktig at me har kontrollen sjølve, seier Bergstrøm.

– KI senkar prisen

14,2 milliardar kroner.

Det blei av fleire medium nyleg meldt å vere prisen for å skrote Helseplattforma (HP). Talet kom frå Sopra Steria, i ein rapport bestilt og delt av Helse Midt-Noreg (som står bak innføringa av Helseplattforma).

Helseplattformen vil koste 14,2 mrd
Faksimile: Helse Midt-Norge

Dataforskar Roald Bergstrøm trur den nemnde prisen er mest for å skremme Stortinget bort frå MDG-forslaget om å vrake Helseplattforma.

– Teknologien har endra seg drastisk. I dag skriv KI programvare sjølv. Eg trur det blir langt rimelegare, enn her kor over 500 personar (inklusive konsulentar for 1,7 milliardar) bygde den norske Helseplattforma, hevdar han.

IT-professor Dag Svanæs ved NTNU har også lest rapporten. Han meiner at den særs høge summen på vraking må vere ei misforståing.

– Tala viser at det vil koste 5 millardar kroner ekstra, nokon meiner 7 milliardar, men det er i alle fall ikkje 14,2 milliardar, hevdar Svanæs.

Gjeld, nedskriving og lisensar/drift må bli betalt uansett om ein byter system eller ikkje, bedyrar han.

Det gir i så fall 9,2 millardar lågare pris på skrotinga.

Dag Svanæs, NTNU
Professor Dag Svanæs ved NTNU har følgt journalprosjektet tett dei siste ti åra. Foto: Kai T. Dragland/NTNU

Professoren peikar òg på at konsulentane fekk bruke to og ei halv veke på rapporten.

– Kva er det beste med Helseplattforma?

– Intensjonane var jo gode, seier Svanæs.

Han meiner at tanken om at det er for seint å snu, er ein klassisk feiltanke– å fortsette sidan ein har lagt så mykje pengar i det, sjølv om det er ulønsamt.

Professoren er oppgitt over mangelen på uavhengig økonomisk analyse, men trur det no er heilt uaktuelt å gå vidare med Helseplattforma i heile Noreg.

– Kva er da formålet med å fortsette med det i Midt-Noreg?

– Ja, det må du spørje leiinga i Helse Midt om!

Og det skal me gjere, men først litt personvern:

– Bryt personvernet

Ørnulf Rasmussen er professor i juss og ekspert på forvaltningsrett. Han er svært bekymra for datavernet i Helseplattforma (HP). – Eg meiner at HP er lovstridig, både med tanke på nasjonal helserett og europeisk personvern (GDPR).

Jusprofessor med solbriller og raudt slips
Foto: Privat

Professoren varsla Datatilsynet, som nyleg kom med ein rapport som skreiv at Helseplattforma hadde «vesentlege manglar» og fleire brot på personvernreglane.

Rasmussen er også kritisk til hemmeleghald av store deler av kontraktane med USA-selskapet Epic:

– Helseminister Kjerkol sa at ho ikkje hadde tilgang til heile kontrakten. Ho var generalforsamling for innkjøpet, og burde kravd fullt innsyn.

Rasmussen meiner regjeringa er ansvarleg, og difor må ta alle kostnadar for HP.

– Systemet er no ein svær personvernrisiko, og dei enorme kostnadane svekker helsetilbodet for folk i Midt-Noreg.

Akutten Sykehuset Namsos
«Venteplattforma» har ulike tunger døypt systemet. Foto: Espen Andreas Sandmo / NRK

– Ikkje relevant

Helse Midt-Noreg er føretaket som har hatt ansvaret for Helseplattforma:

– Dette var ein visjon om å lage eit system for heile Noreg. Er det framleis målet?

– Vårt mål nå er å vidareutvikle og forbetre Helseplattforma til ei best mogleg felles journalløysing i Midt-Noreg, skriv kommunikasjonsdirektør Eiliv Flakne i ein e-post til NRK.

– Kva er da formålet med ulike journalsystem i Noreg?

– Det viktige er ikkje felles løysingar, men at det er råd å utveksle informasjon på tvers av tenester og regionar. Nokre vil seie at det er ein fordel at ikkje alle er like, ved at det skaper dynamikk og motivasjon for vidare utvikling.

To menn i dress hilser på hverandre på en rød løper. En av mennene har på seg bunad. I bakgrunnen sees et vann og fjell. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Må helseminister Vestre vise administrerande direktør Jan Frich i Helse Midt-Noreg (nærast kamera) ryggen, eller blir Helseplattforma berga? Her frå sjukehusopninga i Molde i 2025. Foto: NTB / NTB

Trass store problem og at fleire kommunar no vel ein konkurrent, meiner administrerande direktør i Helseplattformen AS, Siri Beate Berg, at dei er på rett veg.

– Med Helseplattforma har Midt-Noreg lukkast med noko helsetenesta har prøvd på i 30 år – å samhandle godt på tvers av helsetenestene.

Føretaket vil ikkje gi eit konkret tal på kor mykje dei trur det vil koste å vrake Helseplattforma.

Men direktør Flakne skriv blant anna «(...) det relevante spørsmålet er ikkje kva ei ny løysing kostar, men korleis Helse Midt-Noreg og 34 kommunar skal kompenserast». Du kan lese heile svaret her, og fleire svar frå både Helse Midt-Noreg og Helseplattformen AS nedst i artikkelen.

– DIPS for små

Kostnadane for Helseplattforma ser no ut til å bli minst 15 milliardar kroner, eit stykke unna prisen på rundt 3 milliardar ved signeringa for sju år sidan.

Helseplattformen 2,7-mrd
Faksimile: Helse-midt.no 15.11.2018

Før det hadde det vore anbodskonkurranse – der amerikanske Epic til slutt stod att som einaste deltakar.

– Ingen norske leverandørar fekk vere med på å levere tilbod – fordi dei var for små.

Det seier pensjonerte Petter Faye-Lund, som tidlegare var styreleiar for DIPS.

Direktør Petter Faye-Lund fotografert på sitt kontor på Rikshospitalet i 1994.
Direktør Petter Faye-Lund på kontoret på Rikshospitalet i 1994. Legen er tidlegare direktør ved Aker sjukehus og Rikshospitalet, og var styreleiar i DIPS mellom 2002–2018. Foto: Aleksander Nordahl / NTB

– Norske DIPS hadde systema for 85 prosent av sjukehus-Noreg, men blei vurdert for lite til å gi anbod – for 15 prosent av sjukehus-Noreg! seier han.

DIPS var då eit reint sjukehussystem, og ikkje eit system som skulle dekke «alt», slik som amerikanske Epic lova.

– Eit anna interessant aspekt er at regjeringa hadde vedtatt at større, offentlege IT-prosjekt skulle vere trinnvise løysingar og ikkje «big bang». Helseplattforma var verkeleg «big bang», seier den pensjonerte helsetoppen.

I 2023 melde helseminister Kjerkol at «tida for store offentlege IT-prosjekt er over».

PS: Ved førre avstemming i Stortinget om å greie ut skroting av Helseplattforma gjekk Ola Borten Moe (Sp) mot eige parti, og «redda» journalsystemet saman med regjeringspartia bak prosjektet, Høgre og Arbeidarpartiet.

Her er fleire svar frå Helse Midt-Noreg og Helseplattforma AS: