– Vi hadde aldri trudd at vi skulle bli ein del av samfunnsdebatten på denne måten, seier Elisabeth Kolnes.
På Østhasselstrand i Farsund har ho og ektemannen Svend Erik Horg fått lov å bygge bustad i 100-metersbeltet. Mellom tomta og sjøen ligg det ein veg og eit par naust. Det er bustadhus på begge sider av tomta.
Området var dermed så utbygd at Farsund kommune sa ja ti å bygge.
Det gjorde dei ved å gje ein dispensasjon frå forbodet mot å bygge i strandsona.
– Vi synest kommunen gjorde ein veldig grundig jobb i denne saka, seier Svend Erik Horg.
Oppheva vedtak
Farsund kommune godkjende husplanane i mai 2025 utan at det skapte stor merksemd. Heller ikkje frå Statsforvaltaren.
Men same år gav lokalpolitikarane i Farsund ein likande dispensasjon som skulle få langt større merksemd. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk også lov å bygge i strandsona.
Etter at Dagens Næringsliv skreiv om saka, gjennomførte Statsforvaltaren ein grundig gjennomgang av saker der kommunane i Agder hadde gjeve dispensasjon til å bygge.
Dei fann fleire feil og manglar og fire vedtak blei oppheva i tillegg til saka til Nessa Nordtun.
Eit av dei var huset på Østhasselstrand. Det skjedde eit år etter at dei hadde fått lov å bygge.
– Vi blei veldig sjokkerte. Kommunen har gjort ein grundig jobb og vi stussar over at Statsforvaltaren kjem så seint inn og omgjer vedtaket, seier Elisabeth Kolnes.
Ho er oppvaksen like ved. Ho og ektemannen bur no i Oslo, men vurderer å flytte til Lista i Farsund på sikt. I mellomtida er det meininga at foreldra hennar skal bu i huset
– Vi ynskjer å ha ein stad her på Lista.
Stortinget reagerte
Statsforvaltaren har satt søkelys på ein praksis der strandsona blei bygd ned bit for bit. Men etter at dei vedtok å oppheve fleire vedtak, retta søkelyset seg mot Statsforvaltaren.
Denne gongen frå Stortinget.
– Det skal høyre med til sjeldanheitene at Stortinget grip inn, men her var det faktisk naudsynt, seier Haagen Poppe (H), stortingsrepresentant frå Agder.
Stortinget vedtok før sommaren at utbyggingane som var blitt stansa av Statsforvaltaren like vel kan gjennomførast. Det omfattar både Nessa Nordtun, Elisabeth Kolnes og tre andre vedtak. Fleirtalet bestod av Høgre, Frp, Sp og KrF.
– Eit forsøk på å vengeklippe Statsforvaltaren, meiner Jan Helge Aas, fylkesleiar i Agder SV.
– Dei har berre gjort jobben sin som kontrollorgan, seier han.
Kan bli problem
Vedtaket går ut på at Stortinget ber regjeringa om å instruere Statsforvaltaren om å gjere om sine vedtak.
Eirik Holmøyvik er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og meiner framgangsmåten frå Stortinget er problematisk.
– Stortinget kan gjere dei vedtaka dei vil, men kan ikkje pålegge regjeringa å bryte lova. Dersom dei meiner lova er feil, får dei heller endre den, seier Holmøyvik som tidlegare også har uttalt seg til Aftenposten om saka.
Han seier at skiftande regjeringar, uavhengig av parti, har vore kritiske til anmodningsvedtak som ber regjeringa om å tolke eller praktisere lova på ein bestemt måte i enkeltsaker.
Ifølgje Holmøyvik seier rettleiaren frå Statsministerens at slike vedtak er prinsipielt problematiske.
– Dersom Stortinget vil endre vedtak i ei gruppe saker, men ikkje endre lova, er det problematisk ut frå eit rettsstatleg perspektiv, seier han.
I norke tilfelle opnar likevel lova for å bruke skjønn.
– Dersom Statsforvaltaren blir pålagt å bruke det på ein spesiell måte i enkeltsaker, kan det bli problematisk ut frå prinsippet om likebehandling.
Også professor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo har tidlegare sagt at han vanskeleg kan førestille seg at vedtaka frå Statsforvaltaren blir endra.
Vil bygge
Seks veker etter at Stortinget instruerte regjeringa, har ikkje regjeringa sagt kva den vil gjere.
Når NRK tek kontakt, viser kommunal og distriktsdepartementet til eit svar som minister Bjørnar Skjæran gav til Stortinget i slutten av juni.
Regjeringa må undersøke om dei har lov til å instruere Statsforvaltaren på denne måten. Dei må «sjekke kva handlingsrom det er i regelverket» står det i svaret.
Elisabeth Kolnes og Svend Erik Horg satsar på at det går deira veg.
– Vi har ei forventning om at dette blir følgd opp av regjeringa og Statsforvaltaren slik at vi kan starte bygginga, seier Svend Erik Horg.
Det avgjerande argumentet for partia som vil instruere Statsforvaltaren, er at Statsforvaltaren kunne ha gripe inn før.
Haagen Poppe seier at han er førebudd på at regjeringa kan kome tilbake og sei at dei ikkje kan instruere Statsforvaltaren. Han meiner det i så fall er andre måtar å løyse saka på.
– Vi forventar at regjeringa følgjer opp vedtaket. Folk som har handla i god tru og brukt pengar på sine husdraumar, skal ikkje risikere å bli ståande utan gyldig løyve.