Alle historier har ein start. Denne begynner i 2011.

Då vedtok Jølster kommune å sette av delar av dalføret mellom Håheimsnipa og Litlenipa til industri og næringsverksemd.

Området låg strategisk til med kort køyretid til både Sogndal, Førde og Nordfjordeid, og den lokale entusiasmen var stor.

Om skjebnen spelte på lag, kunne tomta bli ein økonomisk motor og eit knutepunkt i heile fylket.

Det kommunen ikkje gjorde var å greie ut kor mykje støy naboane i området måtte rekne med.

Tre år seinare begynte problema. Då flytta transportgiganten PostNord inn.

Det skjedde ikkje utan protestar, ifølgje lokalavisene Firda og Firda Tidend, som begge har følgt konflikten i fleire år.

På dagtid er det få som legg merke til den nye naboen. Trafikken durar jamt forbi på E39, og lydane frå verksemda blandar seg med omgivnadene.

Men når mørket senkar seg over Skei, er det som om terminalen vaknar til liv.

Som ein varulv, beskriv naboane.

I den svale nattelufta blir klank, støyt og drønn kasta fram og tilbake mellom dei bratte fjellsidene.

Eit metallisk orkester beståande av konteinarar, lastebilar, gaffeltruckar og hjullastarar.

– Øydelegg søvnen nesten kvar einaste natt

Det var på denne tida i 2014 at nabo Kåre Eide og sambuaren Hege Nafstad Roko fekk trøbbel med nattesøvnen.

– Det er helseskadeleg støy nesten kvar einaste natt, heile året, seier Eide.

Han fortel at det ristar i huset av tuting, skramling, smell og skrapelydar.

Sidan har det gått tolv år med meklingsmøte, støyrapportar og advokatutgifter – og ingen resultat.

I fjor tilbaud Eide seg å bla opp 500.000 kroner frå eiga lomme for å få reist ein støyskjerm ved postterminalen.

Til det svarte PostNord at ein støyskjerm ville ha liten effekt, og at det var meir formålstenleg å gi sjåførane opplæring i «naboetikette».

(Sjå heile svaret til PostNord lenger ned i saka).

Om ikkje saka var vond nok allereie, har støystriden også skapt spenningar mellom kommunen og Statsforvaltaren.

Ved to høve har kommunen gjort vedtak i saka – blant anna med krav om at det må byggast ein 3,5 meter høg støyskjerm – men begge gonger har Statsforvaltaren oppheva vedtaka på grunn av saksbehandlingsfeil.

Støy frå godsterminal på Skei: Naboar krev handling etter tolv år utan nattero
Nabo Kåre Eide har stått i spissen for klagesaka mot PostNord på Skei. Saman med ti andre naboar har han no organisert seg i ein felles front for å krevje at kommunen og transportselskapet ryddar opp i støyforholda. Foto: Henden / NRK

Den dokumenterte helsefaren

Gunn Marit Aasvang er seniorforskar ved Folkehelseinstituttet (FHI). Ho forklarer at avbroten søvn ikkje berre handlar om ubehag, men er ein helserisiko.

– Støy er ein stressfaktor som kan redusere livskvaliteten gjennom forstyrring av blant anna kvile og søvn. Langvarig utsetting for støy aukar risiko for hjarte-karsjukdom og diabetes, seier Aasvang.

Ifølge FHI bør lyden inne på eit soverom aldri overskride 30 dB om natta for å unngå helseskadelege søvnforstyrringar.

Då Norconsult kartla støyen i 2023, målte dei opp mot 75 dB hos den næraste naboen.

I ei lokal undersøking i avisa Firda krev lokalbefolkninga handling. 40 prosent svarer at Sunnfjord kommune må tvinge fram tiltak med lovverket i hand, mens 28 prosent meiner at PostNord må ta eit større sjølvstendig ansvar.

19 prosent ønsker nye målingar, mens 14 prosent har tru på vidare dialog.

Kommunen har så langt valt å satse på det siste:

– Sett frå kommune si side ser vi forholdet mellom PostNord og naboane som eit privatrettsleg forhold som kommunen ikkje tar stilling til, seier konstituert kommunalsjef Trond Ueland.

Han legg til:

– Det betyr i praksis at vi prøver å opptre som ein meklar mellom partane.

Ifølge advokaten til naboane, Ingrid Næsbakken Ekeberg frå Dæhlin Sand Advokatfirma, har kommunen tatt ein altfor passiv rolle.

Ho krev at PostNord blir pålagt ei omfattande helsekonsekvensutgreiing etter folkehelselova, og påpeikar at lova skal fungere som eit offentleg sikringsnett i saker der støy aldri blei greidd ut på plantidspunktet.

– Kommunen har soleklar makt til å pålegge forureinaren å drive innanfor nasjonale retningslinjer, seier Ekeberg.

Murane som fell

I Bibelen blir det fortalt at høge lydar var nok til at murane i Jeriko fall. I sju dagar gjekk israelittane i prosesjon rundt bymuren og blåste i bukkehorn, heilt til murane gav etter.

På Skei er det Kåre Eide som er nær ved å gi etter. Tolv år er lenge å kjempe.

– Om kommunen hadde handlekraft og gjennomføringsevne, så hadde denne saka vore løyst for lenge sidan, seier han.

– No må kommunen og PostNord gjere det dei burde gjort for over ti år sidan – rydde opp i rotet og sikre faktiske støytiltak som verkar over tid.

Og slik kunne denne historia enda, med partar som ikkje snakkar saman, og naboar som blir liggande i senga med spent muskulatur og vente på neste smell.

Men i eit brev datert 2. juli signaliserer PostNord at dei vil prøve å flytte lastinga og lossinga frå kortsida i nord til langsida mot søraust.

Målet er at det blir mindre støy for naboane på nordsida av bygget, der Eide bur.

Til dette svarer Folkehelseavdelinga at transportselskapet må legge fram ei uavhengig, støyfagleg utgreiing innan 1. september 2026.

Rapporten må dokumentere at driftsendringa gir faktisk effekt, og at ho ikkje berre flyttar støybelastninga over til nye naboar.

– Dersom vi ikkje har teke imot uttale eller etterspurde opplysningar innan fristen, vil saka bli avgjord på grunnlag av dei opplysningane som då ligg føre, varslar Gunvor Leikanger Feidje i Folkehelseavdelinga.

PostNord: – Vi ønsker å vere ein ansvarleg nabo

På dagtid speglar sola seg i Skredvatnet, og godsterminalen kviler. Trailerane er ute på vegane, og frå skogbryna høyrest svak kvitring.

Om det vil løyse saka å flytte aktiviteten til søraustsida av bygget, er framleis uavklart.

Kommunikasjonssjef i PostNord, Haakon Nikolai Olsen, held fast på at selskapet ønsker å vere ein god nabo, men understrekar at dei er ei industribedrift og at høge lyder er ein del av likninga:

– Vi ønsker å vere ein ansvarleg nabo, og har innført interne instruksar som sakte fart på truckar og støyreduserande prosedyrar.

– Men ein godsterminal ligg i eit regulert næringsområde, og det vil alltid innebere ein viss grad av støy.