– Dei siste tre åra har vi køyrt med negativt resultat. Om dette held fram, er det avgrensa kor lenge eigarane vil halde det gåande.

Det seier Per Arne Teslo, dagleg leiar i Byglandsfjord Sag.

Sagbruket i Setesdal ligg på ei øy i eit kraftmagasin, men har ikkje nokon fordel av det.

Tvert imot ligg dei i ein region som er sterkt påverka av høge prisar på kontinentet.

22 millionar på straum

Etter den såkalla straumkrisa i 2021, har sagbruket brukt 22 millionar på straum.

I dei fem åra før straumkrisa, var utgiftene 8,8 millionar.

I tillegg til straumen, er også er tømmerprisane høge.

Byglandsfjord sag. Daglig leder Per Magne Teslo
Dagleg leiar på Byglandsfjord Sag, Per Arne Teslo, viser fram oversikta over straumkostnadane dei siste åra. Foto: Kjetil Sølve Reite / NRK

– Vi er ein av de største arbeidsgjevarane i kommunen med 25 tilsette, og det er jo dumt om vi skulle forsvinne sidan vi har for høge utgifter, seier Teslo.

Det som har gått ned, er aktiviteten i byggebransjen. I vinter måtte sagbruket permittere.

Norgespris for næringslivet

I næringslivet er det ingen norgespris slik det er for privatpersonar.

Per Arne Teslo reknar med at dei hadde halvert straumutgiftene sine om også dei hadde hatt ei slik ordning.

Han meiner politikarane har hatt tankane sine ein annan stad enn hos næringslivet.

– Det er privatpersonar dei har tenkt på, ikkje bedrifter, og det syns eg er litt synd. Det er jo bedriftene som skapar verdiar og det er der folk kan jobbe. Om folk er arbeidsledige og ikkje har lønn, så kan dei heller ikkje betale for straumen.

Straumprisar og tømmerprisar går opp. Det som går ned er byggemarknaden.
Straumprisar og tømmerprisar går opp. Det som går ned er byggemarknaden.

Vil bli dyrt

Stortinget vedtok i fjor at regjeringa skulle greie ut ein norgespris for næringslivet. Men ei slik ordning kan ifølgje regjeringa fort kome i konflikt med EU sine reglar om direkte støtte til næringslivet.

Difor har det teke tid å greie ut saka.

– I tillegg er det ingen tvil om at dette har ein svært høg kostnad. Ein må også vurdere nytten opp mot andre viktige samfunnsmål, seier Siri Martinsen (Ap), statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Siri Martinsen, statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet
Norgespris for næringslivet vil ha ein svært høg kostnad, seier Siri Martinsen (Ap), statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet. Foto: NRK

I år har Stortinget sett av over 21 milliardar til straumstøtte til privatpersonar. Det blir ikkje noko billegare å gje ei liknande støtte til næringslivet.

– Vi veit at næringslivet og industrien brukar meir enn det. Det seier noko om kostnadsbildet.

Inga tru på regjeringa

Martinsen lovar at regjeringa til hausten vil kome tilbake til Stortinget med ei sak om norgespris til næringslivet.

– Eg har inga tru på at regjeringa vil levere i denne saka, svarer Marius Nilsen (Frp) stortingsrepresentant frå Agder og medlem i næringskomiteen på Stortinget.

Marius Arion Nilsen, stortingsrepresentant Frp
Stortingsrepresentant frå Agder og medlem i næringskomiteen på Stortinget Marius Nilsen (Frp). Foto: Mathea Hallingstad Laugen / NRK

Frp er eit av fleire parti som har kravd at det no kjem ei betre straumstøtte for bedriftene.

– Vi vil først og fremst ta tak i dei grunnleggande problema med ukritisk krafteksport og ukritisk forbruk på symbolpolitikk. Men det trengst også kompenserande tiltak, spesielt for næringslivet, seier han.

Siri Martinsen svarer at Frp ikkje har ansvar og at dei heller ikkje er villige til å ta ansvar.

– Og dei har alltid meir pengar enn alle andre. Så får vi sjå når dei kjem i Stortinget og skal behandle den saka.

Byglandsfjord sag. Daglig leder Per Magne Teslo
Byglandsfjord Sag går for halv maskin om sommaren. Dagleg leiar Per Arne Teslo er redd for at laber aktivitet vil bli den nye normalen. Foto: Kjetil Sølve Reite / NRK

Statleg støtte

I Tyskland er det innført ein «industristraumpris» som er finansiert av staten.

Marius Nilsen meiner det viser at statleg støtte er fult mogleg.

– Vi må våge å utfordre EU slik Tyskland har gjort.

– Frp er skeptisk til statleg støtte, men ikkje her?

– Det korrekte er at staten har enorme inntekter på straum, mange gonger større enn utgiftene som går til norgespris. Det går føre seg ei enorm overføring av kapital frå privat næringsliv til staten og ein ser no korleis næringslivet no sakkar akterut. Det bør bekymre fleire.

Ligg utsett til

Per Arne Teslo på Byglandsfjord Sag seier at det også er positive teikn i marknaden, og at det kan gje overskot for sagbruket.

Men når det gjeld straum, må han den komande vinteren førebu seg på å betale rundt ei krone kWt. Norgesprisen er på 40 øre kWt før moms.

– Trur du det kjem ei straumstøtteordning som de vil merke?

– Eg har eit håp, men er redd det ikkje gjer det. Det har vore mange politikarar frå Agder som har vore i Oslo og brukt saga her som eksempel. Det har ikkje gjeve noko resultat som vi har merka noko til ennå.