Studentorganisasjonane har reagert kraftig på at studentar i studentbustader ikkje har fått høve til å få noregspris.
Nå blir dette kompensert.
Det blir sett av 65 millionar i revidert statsbudsjett til ei støtteordning for at også desse skal skjermast mot høge straumprisar.
– Det betyr mykje for studentane som bur i studentbustad. Dette er eit kjempestort gjennomslag for dei ramma studentane, seier Ada Margrethe Seim, som er leiar for studentdemokratiet i Søraust-Noreg.
I Søraust-Noreg bur mange studentar som har hatt dei høgaste straumprisane i landet det siste året.
SV sikra gjennomslag
Da regjeringa la fram forslaget sitt til revidert budsjett var skuffelsen stor over at det ikkje var sett av pengar til ei straumordning for studentbustader.Les også Ingen strømstøtte til studentene i revidert budsjett: – Nedslående
I forhandlingane for å få eit fleirtal har dette vore eit viktig tema for SV. Det seier utdanningspolitisk talsperson i partiet, Sunniva Holmås Eidsvoll.
– Leigeprisane er astronomisk høge og nå tar vi grep for å hindre at studentane må betale for at regjeringa gløymde å gje straumstøtte og noregspris til studentbustader.
– Når vi bruker ti milliardar på at hushald skal ha noregspris både heime og på hytta, så skulle det berre mangle at samskipnadene får 65 millionar til å halde leiga nede, meiner Eidsvoll.
Ho meiner at det må komme ei endeleg ordning for dette i neste statsbudsjett.
– Dette treffer mange, men ikkje alle. Så nå må regjeringa levere på ei endeleg ordning for straumstøtte for studentbustader i statsbudsjettet for 2027, slik Stortinget har vedtatt.
Avlyser prisauke
Fleire studentsamskipnader har varsla studentane om ekstra prisauke på grunn av høge straumprisar og manglande straumstøtte.
Dette blir nå trekt tilbake, seier styreleiaren i Samskipnadsrådet, Rita Hirsum Lystad.
– Vi er veldig glade for å sjå at budsjettpartnarane, og særleg SV, har klart å overtyde Arbeidarpartiet om at også studentbustader skal ha ein straumkompensasjon.
Leiar i Norsk studentorganisasjon, Sigve Næss Røtvold, er også fornøgd med at det blei einigheit om ei løysing.
– Det er bra at det har komme ei einigheit om kompensasjon til studentsamskipnadene for tapt straumstøtte og noregspris. Det seier seg sjølv at studentar i studentbustad ikkje skal betale meir enn alle andre for straum, seier han.
Men studentane hadde også andre kampsaker som dei ikkje kom i mål med i dette budsjettet.
Ada Margrethe Seim hadde håpa at det også skulle komme pengar til auka studiestøtte gjennom Statens lånekasse.
– Vi meiner at studentane bør få minst 1, 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Og vi er langt unna det. Vi er ikkje i nærleiken av å vere i tråd med prisveksten i samfunnet, seier Seim.