Erling Braut Haaland tar seg til håret iført lyseblå fotballdrakt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: OLI SCARFF / AFP,NTB

– Ut frå slik eg forstår lovgivinga, altså at du har rett til å ikkje bli kopla til andres marknadsføring, så verkar det som Norwegian er på tynn is. Eg trur at koplinga til Haaland er så tydeleg at den slepp dei ikkje unna med, seier Karl-Fredrik Tangen til NRK.

Han er førstelektor ved Institutt for marknadsføring og økonomi på Høyskolen Kristiania og uttaler seg om saka der Erling Braut Haaland saksøkte Norwegian.

Karl-Fredrik Tangen, er en norsk samfunnsgeograf ansatt ved Høyskolen Kristiania. Tangen er utdannet samfunnsgeograf fra Universitetet i Oslo og har spesialisert seg på emner som forbrukersosiologi, kommunikasjon, PR, metode og medier.
Karl-Fredrik Tangen er marknadsføringsekspert og samfunnsgeograf. Foto: Lars Tore Endresen

– Eg meiner dette er eit klart brot, så får retten konkludere om Norwegian eller Haaland sine advokatar har rett, seier Lasse Gimnes.

Han jobbar med fleire saker av denne typen, som kommunikasjonsansvarleg for mellom anna Johannes Høsflot Klæbo.

– Når selskap gjer dette, så er det i kategorien reklame. Det er mange selskap, inkludert NRK, som brukar idrettsprofilar i reklamesamanheng, seier Gimnes.

Han trekkjer mellom anna fram at NRK har brukt bilde av Johannes Høsflot Klæbo i stillingsutlysingar.

– Eg synest det er fint at Haaland sine advokatar følgjer opp denne saka, så ein får eit medvit rundt det, legg han til.

– Brot hele tida

Haaland og hans støtteapparat meiner flyselskapet har utnytta kjenneteiknet hans i marknadsføringa av flybillettar under fotball-VM. Dette stilte Norwegian seg uforståande til.

– Eg tenker ikkje at det er bilderettar som er problemet her, det er signalet – altså koplinga mellom det dei viser til og reklamen. Det er koplinga til Haaland, seier Tangen.

NRK har vore i kontakt med Norwegian om kritikken som kjem fram i denne artikkelen. Dei ønsker ikkje å seie noko meir om saka.

– Eit profesjonelt selskap kan ikkje seie det

Norwegian har omtalt sine VM-poster som «heiarop» og sagt at dei, som nesten heile Noreg, ønskte å heie på landslaget gjennom «eit fåtal spontane postar basert på trendar i sosiale medium».

I eitt av innlegga hadde flyselskapet redigert inn Haalands tidlegare karakteristiske hårfrisyre på eit bilde. Innlegget blei seinare sletta.

– Det er synd at heiaropa har blitt møtte med søksmål, men vi håpar på ein fornuftig dialog slik at vi også i framtida kan få lov til å heie på våre felles idrettsheltar, skreiv pressevakt i Norwegian Eivind Hammer Myhre til NRK onsdag kveld.

Den forklaringa kjøper ikkje Tangen.

– Sånn kunne kanskje ein privatperson ha sagt, men eit profesjonelt selskap kan ikkje seie det. Det hjelper ikkje om dei er begeistra i marknadsavdelinga eller kven det no er i Norwegian, for at Haaland skårar og Noreg gjer det bra i VM, seier han.

Han peikar på at selskap fritt kan spele på for eksempel fotball og norske flagg i marknadsføringa, men meiner situasjonen blir ein annan når marknadsføringa blir knytt til ei identifiserbar person eller merkevare.

– Det ein av og til må skilje mellom, er personen Haaland og det kommersielle forretningskonseptet Haaland. Det bedrifta Team Haaland gjer her, er å verne merkevara si. Det er ikkje så viktig for dei kor mykje pengar dei får her, som at dei markerer at «sånt kan du ikkje gjere, sånt finn vi oss ikkje i».

Meiner Norwegian får god PR

Han trekker fram at Norwegian snik seg til noko gratis som mange betaler hundrevis av millionar kroner for – og siktar til sponsor- og kommersielle samarbeid.

– Det var ikkje ein dum reklame. Og eg trur ikkje dei har all verda å tape på at det blir oppstyr rundt det, og at det dei har sletta frå nettet blir viste på nytt heller, svarer Tangen.

– Kan eg tolke deg dit at Norwegian nesten blir vinnaren i denne saka, på eit vis?

– Eg trur ikkje det er nokon taparar, det er kanskje rettare. Den eventuelle taparen er den som prøver seg neste gong med Haaland, og som ikkje vågar.

Fleire reagerer

Norwegians omtale av innlegga som «heiarop» har også fått Skeids daglege leiar Daniel Holmeide Strand til å reagere.

Torsdag la han ut dette innlegget på X:

Skjermbilde av et innlegg på X med sitat fra Norwegian om søksmål knyttet til heiarop. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Foto: Skjermdump / @stranddh på X / Daniel Holmeide Strand / X.

Han avsluttar innlegget med: «Norwegian heiar ikkje. Dei stel.»

– Det er jo på ingen måte heiarop når dei vel å lage reklame rundt eiga merkevare og knyter det til VM-suksessen, då er det jo reklame for eiga verksemd, seier han til NRK.

– Det er jo eigentleg store kommersielle aktørar som lèt som om dei er med å støtte idretten gjennom at dei lagar reklame rundt seg sjølv og idrett, utdjupar han.

Daniel Holmeide Strand, daglig leder i Skeid
Skeid-sjef Daniel Holmeide Strand. Foto: Bård Nafstad / NRK

– Norwegian lagar då eit etterlate inntrykk av at dei er med å støtte Noreg og VM ved at dei bruker av det norske fotballandslaget og norsk fotballs merkevarer, for å fremje sitt eige produkt, seier han.

– Det er jo det fenomenet der eigentleg eg har reagert på, at ein lèt som at ein rett og slett er med på spleiselaget, men ein kjem jo eigentleg då til dugnadsfesten utan å ta med seg kake eller salat.

I Oslo tingretts liste over dagsette saker kjem det fram at rettsmøtet skal finne stad 9. oktober. Det er sett av éin time til møtet, som vil gå føre seg på video.