Ei gruppe kvinner førebur smørbrød på eit lite kjøkken.
Ei gruppe sudanske kvinner lever midt oppi verdas verste humanitære krise. Gjennom frivillig arbeid hjelper dei andre. Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Dette har vore ein del av oss sudanarar lenge, at me hjelper kvarandre, og kjenner etter kva behov medmenneska våre har, seier Amna Khalid.

Ho står i eit klasserom som for anledninga er tømt. NRK skal intervjue Khalid om kvifor ho er frivillig i grasrotnettverket Emergency Response Rooms.

Men bråket frå naborommet er såpass høgt at me må stanse opptaket fleire gonger.

Krigen har flytta seg bort frå Khartoum

– Me hentar borna i heimen deira, lærer dei ulike ting dei treng for å klare seg, gjer dei mat og ein trygg stad, fortel den unge kvinna.

Bråket på skulen kjem frå borna som nettopp er ferdig med lunsjen sin. Dei har friminutt og leikar slik som barn gjer - også barn som bur i ein av verdas mest krigsherja byar.

No er det den sudanske hær som kontrollerer heile Khartoum, men lenge var dette nabolaget i Khartoum kontrollert av Rapid Support Forces (RSF), som er den andre parten i krigen.

Damene som jobbar frivillig støtter ikkje nokon av partane, men ser det som eit betre alternativ at hæren no har kontroll.

– Livet under RSF var ekstremt hardt. Det var massiv undertrykking for både menn, damer og barn. Det var nesten umogleg å leve. Ingen vatn og ingen mat. Det var til og med nokre barn som døde av svolt. Og dei som vart sjuke fekk ingen medisinar. Livet var ekstremt deprimerande, seier Khalid.

Dei synest livet er betre no som hæren har full kontroll og kamphandlingane for det meste har stansa i Khartoum. Men å utvise noko støtte til hæren gjer damene likevel ikkje.

Ei kvinne med hijab bærer ein stabel med tallerken, som alle har smørbrød oppå seg
Amna Khalid bærer ein stabel med tallerken og smørbrød. Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Hardt ramma av kraftige bistandskutt

Nettverket er representert over heile Sudan, og driv med ulike former for arbeid. Dei seier sjølv at dei har 162 lokale grupper med til saman meir enn 4000 frivillige. Helsehjelp, suppekjøkken, utdanning og psykososial hjelp er noko av det nettverket tilbyr sivile i Sudan.

Grasrotnettverket fekk i fjor Raftoprisen, og er fleire gonger nevnt som kandidat til å få Nobels fredspris. Det har også Khalid fått med seg.

- Det arbeidet som dei har gjort gjer til at dei fortener ein nobelpris. Og om dei får prisen vil det bidra til at støtta held fram, seier Khalid.

Ho snakkar om «dei», fordi det er leiinga av nettverket som ville mottatt ein eventuell pris på vegner av dei mange frivillige.

Afrikanske barn sit rundt eit bord. Dei et brød, drikker frå ein kopp og kikkar nysgjerrig mot kamera.
Borna ved skulen får ein etterlengta lunsj. For nokre av dei er dette dagens einaste måltid. Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Det finst også fleire andre frivillige grupper i Sudan som hjelper sivile, men som er utanfor nettverket til Emergency Response Rooms.

Emergency Response Rooms får mykje av den økonomiske støtta tilsendt frå utlandet. Både frå sudanarar som oppheld seg utanfor Sudan, men også frå ulike organisasjonar.

Dei frivillige kan få ein symbolsk sum for å bidra, men det er frivillig innsats som er drivkraften.

Grasrotnettverket er blant dei som vart kraftig ramma av USA sine bistandskutt. BBC melde at det brå kuttet førte til at rundt 80 prosent av lokalgruppene måtte stanse. Men dei har kome seg over det verste sjokket, og ein del av arbeidet har framleis samtidig som også krigen har halde fram.

Tette band til demokratirørsla

Mange av dei som er frivillige i Emergency Response Rooms er også blant dei som stod fremst i revolusjonen i 2018-2019 og kravde eit demokratisk Sudan. Ein demokratiseringsprosess vart starta.

Men den sudanske hæren er ansvarlege for å ha kuppa denne demokratiseringsprosessen, som seinare førte til full splid mellom militære grupper som vart starten på den pågåande krigen. Difor står heller ikkje hæren høgt i kurs blant dei som for åtte år sidan kravde demonstrerte for demokrati i gatene.

Ei gruppe barn sit rundt eit bord. Dei et brød, og ser nysgjerrig mot kamera.
Mange barn har levd gjennom meir enn to år med krig. No er det meir fredeleg i Khartoum, sjølv om krigen held fram andre stader i Sudan. Foto: Vegard Tjørhom / NRK

I dag er ord som «revolusjon» og «demokrati» vanskelege å snakke om. Hæren ønsker å stanse kreftene som jobbar for at dei militære skal få mindre makt.

Og dei gjer mykje for å halde på denne kontrollen. Over heile Khartoum har hæren sett ut vakter, og ein representant frå Sudans hær er også med under NRK sitt besøk i byen. Også under besøket til barneskulen kor kvinnene jobbar frivillig.

Av omsyn til tryggleiken til kvinnene blir det difor ikkje spurt direkte spørsmål om demokrati.

Ei sudansk kvinne sit på eit kjøkken og kikkar mot kamera. Ho har på seg ein brun hijab og har eit lite smil.
Selma Abdul Mojoud er blant dei frivillige som bruker tid på å lage lunsj til skuleborna. Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Men eit spørsmål om kva dei tenker om det noverande leiarskapet gir likevel eit slags svar. Selma Abdul Mojoud kjem først med ein liten latter.

– Sudans leiarskap? Nei, med Guds hjelp skal me klare å komme oss gjennom dette. Eg elskar landet mitt så utruleg mykje, og eg har framleis eit håp. Me har inga anna val enn å stå opp for Sudan, seier Selma.