Onsdag var det inga bønn for Suel Kassembo, som har budd ulovleg i Noreg i meir enn 20 år. Politiet henta han ut av kyrkjeasylet i Herøy og sende han til Politiets utlendingsinternat på Trandum.
Kassembo har heile tida hevda at han kjem frå Burundi. Då han kom til Noreg, fekk dei fleste frå landet opphald – og han ville truleg òg fått det dersom styresmaktene hadde trudd på forklaringa hans.
Det gjorde dei ikkje.
I grunngjevinga for pågripinga i går skriv politiets utlendingseining at han er «borgar av Burundi». Det er første gong norske styresmakter slår fast dette.
For støttegruppa framstår dette som eit ufatteleg paradoks.
– Det er vanvettig kor mange som engasjerer seg. Folk synest det er sjokkerande, seier Heidi Fagna.
Støttegruppa opplever ei massiv støtte. Folk har sett i gang innsamlingsaksjon og planlegg også demonstrasjon utanfor Stortinget fredag.
Ifølgje dei, er planen at Kassembo skal sendast ut av landet fredag, og no jobbar dei på spreng, både juridisk og politisk, for å hindre dette.
– Ikkje gjort feil
NRK har spurt Utlendingsnemnda (UNE) om kva ansvar dei har for å rette opp eventuelle feil som kan ha blitt gjorde. Dei avviser at det er gjort feil i denne saka.
– Det sentrale spørsmålet er ikkje om Kassembo kjem frå Burundi eller ikkje, men om han har behov for vern. UNE kom fram til at han ikkje hadde behov for vern, og at han derfor ikkje er verna mot retur til Burundi, svarar kommunikasjonssjef i UNE, Torill Gulbrandsen.
Tok eksamen
Kassembo kom til landet som blindpassasjer på eit skip i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi i Aust-Afrika etter at veslesøstera og foreldra var drepne.
Men staten trudde ikkje på historia hans. Dei meinte han var frå Tanzania, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten. Kassembo har seinare dokumentert at han kjem frå Burundi.
Kassembo har dei siste 2,5 åra sete i kyrkjeasyl fordi han meiner det er livsfarleg å dra heim. Før det har han i fleire år jobba på Runde miljøsenter på Sunnmøre.
Suel Kassembo som sit på Trandum har hatt digital, munnleg eksamen torsdag. Han har tatt ei studium i religion dette semesteret, og fullførte med godt resultat.
Vil ha amnesti
Fleire politikarar har engasjert seg i saka. Stortingspolitikar Harry Valderhaug (KrF) har i dag ei ringerunde til Stortinget.
– Hadde det vore opp til KrF, hadde Suel fått amnesti. Vi krev at regjeringa ser på saka på nytt no, før Suel blir sendt ut av landet, seier Valderhaug.
Partiet oppfordrar alle andre parti til å støtte opp om kravet.
I dag er det open kyrkja i Herøy, der folk kan kome og snakke om det som har skjedd.
Politiets utlendingseining seier at personar som har fått endeleg avslag på søknad om opphald har plikt til å forlate landet.
Utlendingsnemnda (UNE) meiner at vedtaket i saka er i tråd med norske reglar og Noregs menneskerettslege forpliktingar. Dei viser til at saka har blitt grundig behandla og prøvd i domstolane.
Møtte Kassembo på Trandum
Torsdag kveld fekk Kaja Runde i støttegruppa møte Kassembo på Trandum leir. Runde seier Kassembo har det bra etter forholda, men han er prega av det som har skjedd
Han hadde heller ikkje fått noko informasjon om han blir send ut av landet fredag.
– Det veit han ikkje. Men han håpar jo at han ikkje blir det.
Runde seier Kassembo er glad for all støtta han har fått, og for den markeringa som skal vere utanfor Stortinget fredag.
– Vi har jo håp om at han kan få amnesti, og det håpar jo han også.
– Har han eit håp om at politikarane kan snu dette etter at det juridisk ikkje har gått hans veg?
– Ja, det håpar han. Det er i grunn det einaste håpet hans akkurat no
Veit ikkje om han har bustad
Samstundes som Heidi Fagna og resten av støttegruppa jobbar for å stanse utsendinga, prøver dei også å skaffe informasjon om kva som skjer med Kassembo dersom han blir sett på flyet.
Dei veit ikkje om det er ordna bustad til han eller korleis han skal bli fylgd opp.
– Men er det ikkje rett å sende han ut av landet når han er her ulovleg, då?
– Styresmaktene har vald heile vegen at dei ikkje ville tru på det han sa. Det er det avslaget er basert på, seier Fagna. Ho meiner heile saka er feil.
Utenriksdepartementet skriv i sine generelle reiseråd at dei frårår reiser til Burundi som ikkje er strengt naudsynte fordi situasjonen i landet er ustabil.
UDs reiseråd byggjer på andre vurderingar enn søknader om vern, svarer kommunikasjonssjefen i UNE. Ho opplyser om at deira oppgåve er å vurderer om søkaren har rett på vern etter regelverket, ikkje å leggje til rette for busetjing ved retur.