Laurdag skal Noreg i aksjon i sin første semifinale i hockey-VM nokosinne. Søndag ventar enten finale eller bronsefinale for Petter Thoresen og det norske laget.
Da passar det svært dårleg med 18-holsrunde golf i Ottestad klokka 11.52.
– Det blir pengar på tavla i morgon, det er klink! er dommen frå Eskild Bakke Olsen.
For sportssjef Patrick og landslagstrenar Petter Thoresen er nemleg booka inn for ein runde golf på Atlungstad Golfklubb i Innlandet søndag formiddag.
– Det er litt morosamt. Det seier kanskje litt om at dei ikkje hadde venta å vere her vi er akkurat nå, men det er det som gjer det så heftig – at ingen hadde trua på oss, seier Bakke Olsen.
Han er langt frå den einaste på laget som har meldt på den golfentusiastiske duoen.
– Dei får ta ein tusenlapp på tavla, så er det greitt. Men dei må få høyre det litt, ler Noah Steen.
– Om dei ikkje hadde trua får nesten dei svare på, men dei var nok føre var, tenker eg. Dei fekk høyre det litt i går, og det blir vel ekstra pengar på tavla, seier Håvard Salsten.
– Får pepar
Så kva er dommen? Hadde ikkje far og son trua?
– Det er såpass populært å spele på Atlungstad, så eg måtte inn og booke før meisterskapen begynte. Eg hadde time både laurdag og søndag. Det får eg pepar for nå, fortel Patrick Thoresen.
– Alle represaliar frå gutane må eg berre ta og svelge.
Og som far hans seier: – Golf får ein spelt seinare.
– Semifinale får ein berre gjort enkelte gonger når ein har prestert ekstremt bra, seier Petter Thoresen.
– Fjern draum
Men duoen har fått høyre det av den semifinaleklare troppen.
– Eg slong vel berre eit lite stikk om at dei ikkje hadde trua på oss. På same måte som han pleier å gjere, seier Salsten.
Kommentarane om manglande tru tar den yngste av Thoresen-herrane med godt humør. Semifinalen er trass alt Noregs første nokosinne.
– Det var jo berre ein fjern draum for nokre dagar sidan.
Og runden er avbestilt, skal ein tru sportssjefen til landslaget.
– Eg booka av tida i går kveld. Eg rakk det! Eg er ein god medlem!
Noreg møter vertsnasjon Sveits i semifinale klokka 15.20 laurdag. I den andre semifinalen skal Canada og Finland kjempe om finaleplass. Både bronsefinale og finale blir spelt søndag.