Spiderman redder jente
NY BLOCKBUSTER?: Hollywood-paret Tom Holland og Zendaya Coleman er aktuelle med «Spider-Man: Brand New Day», som har noregspremiere onsdag 29. juli. Her frå førre film. Foto: SF Studios/Sony Pictures

– Det er like spennande enno, seier Tom Holland om å ta på seg drakta for sjuande gong.

NRK møter han og Zendaya Coleman i Amsterdam, der dei promoterer den ferskaste filmen i Spider-Man-universet, «Spider-Man: Brand New Day»

– Eg har elska karakteren sidan eg var eit barn, eg var ein kjempestor fan av både Marvel-universet og teikneseriar.

Holland debuterte i superhelt-rolla for ti år sidan, i ein cameo i «Captain America: Civil War»frå 2016.

Skuespillerne Tom Holland og Zendaya poserer foran en stor "Spider-Man" logo. De er kledd i festantrekk. Bak dem er det en bakgrunn med en silhuett av en by og flere bygninger. Gulvet er rødt med "Spider-Man" logo gjentatt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Stjerneparet på raud løpar for den ferske filmen. Foto: THOMAS COEX / AFP,NTB

Likevel er han ikkje lei.

– Det kjennest framleis som den første dagen om og om igjen, seier han.

– Utfyller kvarandre

Holland sjølv må tel på fingrane for å komme fram til svaret, men dette er altså den fjerde filmen i serien stjerneparet gjer saman.

Dei møttest på filmsettet i 2016, under innspelinga av den første Spider-Man-filmen.

Coleman speler MJ, som Peter Parker har eit godt auge til.

Men paret held korta tett til brystet når det gjeld forholdet deira utanfor filmverda.

Skuespillerne Tom Holland og Zendaya sitter i hver sin stol foran en mørkeblå bakgrunn med «Spider-Man: Brand New Day»-logo. Holland har på seg en mørk genser og snakker mens han gestikulerer. Zendaya har på seg en mørk kjole med et spindelvev- og edderkoppmotiv over brystet. Mellom dem står et lite bord med drikke og en telefon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Holland må gå manuelt til verks for å hugse kor mange filmar han og kona har spelt i saman. Foto: Sony Pictures Entertainment / NRK

Likevel er dei ærlege på at det gjer godt å kunne lene seg på kvarandre undervegs i innspelinga.

– Når de førebur dykk til rolla, kven er meir strukturert og kven er meir avslappa?

– Åh, godt spørsmål, seier Holland. Paret må tenke seg litt om, før Coleman tek ordet.

– Eg trur vi utfyller kvarandre. Nokre dagar er eg meir «chill», mens han overtenker.

– Overtenker? spør Holland og let som han er overraska, før Coleman fortsett:

– Mens andre dagar er det motsett. Eg trur den balansen av å alltid ha nokon du kan gå til som har energien du treng for dagen, det er veldig viktig.

Skuespillerne Tom Holland og Zendaya smiler til hverandre. De er i en utendørs setting med andre personer synlig i bakgrunnen. Holland er ikledd en svart jakke over en rød skjorte, mens Zendaya bærer en stroppeløs svart kjole. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Superparet er private av seg, men legg ikkje skjul på at kjærleiken blomstrar. Her i Madrid for å promotere den nye filmen sin. Foto: THOMAS COEX / AFP,NTB

Sommarens blockbuster?

Publikum er heller ikkje lei av Spider-Man.

Den førre filmen, «Spider-Man: No Way Home» hadde nesten 2 milliardar dollar i omsetting, så presset er høgt på å følgje gigantsuksessen.

Ifølgje fleire medium har den ferske oppfølgjaren allereie sikra seg nokre pene dollar i førehandssal.

Zendaya og Tom Holland i Spider-Man 3
Paret har funne tonen både på og av skjermen. Foto: SF Studios / Sony Pictures

I «Brand New Day» får vi sjå ein sårbar Peter Parker som har blitt vaksen.

Etter å ha sletta minnet om seg sjølv hos både dei han står nærast og resten av verda, vier han livet sitt til å halde New York trygg som Spider-Man på heiltid.

Men ein ny trussel og skremmande endringar i superkreftene hans skaper nye utfordringar for helten.

For stjerna sjølv var det viktig at den nye oppfølgjaren måtte ha eit viktig bodskap.

– Filmen representerer dei unges opplevingar i denne nye, digitale verda, og eg trur at det å finne ein måte å få fram det bodskapet på i ein så gigantisk actionfilm er sjeldan. Eg følte det var ein veldig god moglegheit til å gjere noko viktig.