– Han er den beste fyren eg har møtt i fotballen, seier Morgan Rogers.
– Og han er kanskje den beste leiaren, seier superstjerna Jude Bellingham.
Dei snakkar begge om Jordan Henderson, som noko overraskande er ein del av den engelske landslagstroppen.
Midtbanespelaren er 35 år gammal, og har berre spelt tre heile kampar for Brentford i år. Mange rynka på nasen da han snappa ein plass i VM-troppen framfor andre store stjerner.
– Dei har ikkje peiling på kva dei snakkar om, seier Jude Bellingham og ristar på hovudet.
– Prøver å skape eit narrativ
Sidan troppen blei presentert i mai har fotballekspertar og engelske tilhengarar klødd seg i hovudet over fleire av vala til landslagssjef Thomas Tuchel.
– Eg ville ha vraka han, sa Micah Richards.
– Eg blei overraska, sa Glenn Hoddle.
Nettstaden The Athletic har faktisk laga ei eiga sak der spørsmålet blir analysert: Kvifor tar England medJordan Henderson til VM?
– Pressa har prøvd å skape eit narrativ med «kvifor er han her?» og «korleis har han komme seg hit?» Men for oss på laget er han den første som skal med, seier Jude Bellingham.
– Veldig mange er opptatte av dei som ikkje er her. Dessverre er det sånn med England; vi har så mange gode spelarar. Men denne troppen er her av ein grunn, og vi skal vere gode både som individ og som lag, seier Jordan Hendersontil pressa før VM.
Ikkje dei beste spelarane?
Bellingham og Rogers uttaler seg i ein video publisert av Det engelske fotballandslaget på YouTube. Duoen gjestar programmet «Lions’ Den». Der nyttar dei høvet til å rose Henderson opp i skyene.
– Om du hadde spurt alle i troppen kven dei vil ha med, så ville alle hatt han på topp fem-lista si, slår Rogers fast.
Thomas Tuchel er Englands landslagssjef, og sa følgande da han presenterte VM-troppen:
– Det handlar ikkje nødvendigvis om å ta ut dei beste spelarane, men det beste laget.
Tuchel meinte at det inneber at spelarane kjenner rolla si, men han erkjente at det var eit tøft uttak der han måtte vrake fleire store profilar.
– Umogleg ikkje å beundre
Bellingham trekker fram ein del av leiarkvalitetane til Jordan Henderson, som gjer at han fortener ein plass i Englands stjernespekka VM-tropp.
– Han får alle saman til å le. Dersom det er nokre usemjer, så får han løyst problema. Folk i støtteapparatet kontaktar han for å ordne opp, seier Bellingham.
– Og så gjer han ting som han absolutt ikkje treng å gjere. Det er umogleg ikkje å beundre.
Eigenskapane hans kjem også til nytte på banen, meiner Morgan Rogers.
– Han kan gi ein beskjed med blikket sitt. Om du har gjort ein dårleg prestasjon, så kan du sjå på han, og han gjer noko med blikket som får deg til å kjenne deg betre, seier han.
England startar VM onsdag kveld med kamp mot Kroatia. Det blir ein real test for ein av VMs største favorittar.