Rykta svirrar rundt superparet Taylor Swift og Travis Kelce, som forlova seg for snart eitt år sidan.
Amerikanske medium har lenge spekulert i eit bryllaup, og no skal rykta ha det til at dei to giftar seg denne helga.
Paret har sjølve ikkje bekrefta noko, men New York Times og CNN fortel at dei har fått stadfesting på bryllaupet frå kjelder som står paret nært.
Leigd Madison Square Garden
Det er ikkje kva som helst lokale dei skal ha valt for den store dagen.
Ifølge New York Times skal det nemleg skje i New York si storstue – Madison Square Garden. Der har Swift opptredd åtte gonger.
New York Times siterer ei kjelde i underhaldningsbransjen og har skrive at Swift og Kelce hadde ei generalprøve torsdag med 100 gjester i arenaen – og så det store arrangementet fredag med rundt 1000 gjester.
Nyheitsbyrået AP har funne ut at det ikkje er planlagt andre offentlege arrangement i Madison Square Garden på dette tidspunktet.
Likevel har New York City gitt løyve til lasting av sceneutstyr i denne perioden – og det er søkt om å få sette opp eit telt utanfor arenaen.
Her er bileta som visstnok skal vise at det blir rigga til bryllaup.
Meiner at ryktet kan vere sett ut
New York-ordførar Zohran Mamdani spøkte nyleg om saka på ein pressekonferanse. Han sa han ønsker dei eit herleg bryllaup og at han ikkje er invitert.
– Det hadde vore feil å ikkje nemne at vi denne helga er i New York, der vi følger eit arrangement ved Madison Square Garden, seier ein talsperson for New York-politiet.
Journalistar i CNN har snakka med sikkerheitsvakter og politi som seier at dei ikkje har høyrt noko om bryllaup i Madison Square Garden denne helga.
Nokon meiner at dette ryktet er sett ut med vilje for å halde folk unna den staden bryllaupet faktisk skal skje – og peikar på nokre av Taylor Swift sine eigedommar og meiner at det er der bryllaupet skal vere.
Hamnar midt i fotballkaos
Dersom vigslinga faktisk finn stad, kan tusenvis av nordmenn hamne midt i kjendisbryllaupet.
New York blir allereie fylt opp av norske fotballsupporterar som søndag skal sjå Noreg møte Brasil på MetLife Stadium.
Då Noreg sist spelte i New York-området, mot Senegal, inntok supporterane Times Square for ein rotur, berre få minutts gonge frå Madison Square Garden.