– Kva er det han driv med? sa tidlegare syklist Carl Fredrik Hagen.
Han kommenterte etappe seks av Giro d'Italia i lag med Theis Magelssen for Eurosport.
Med femti kilometer att av etappen skjedde det noko litt uvanleg.
Då syklistane runda ei rundkøyring stod det ein gjeng tilskodarar som heiv seg ut i vegbanen.
– Apropos enorme brødhuer. Kva er det som skjer her? Det er kanskje det dummaste menneske eg har sett på lenge, sa Magelssen.
På Eurosport si sending kunne ein sjå den eine tilskodaren hoppe ut i vegbanen og veive med armane framfor ryttarane.
– Det er farleg
Gong på gong gjorde han det same: hoppa ut og veiva med armane. Til tider såg det ut til at han trefte ryttarane òg.
– Det er aktlaust. Få det bort. Megagauk, sa Hagen.
På TV-bilda kunne ein sjå ein ryttar som slo tilbake mot tilskodaren.
Uno-X-ryttar Markus Hoelgaard hamna midt i dramaet.
– Eg såg at det var nokon som hoppa litt fram og tilbake, ut og inn av vegen. Eg fekk ikkje heilt med meg kva det var, men at dei var litt ut og inn og kom inn då eg sykla forbi, seier han til NRK.
Han fortel at han ikkje heilt skjønte kva som føregjekk før han kom i mål.
– Det er farleg åtferd. Forkasteleg og kjedeleg. Eg veit ikkje kvifor dei gjer det, om dei gjer det for å filme og leggje ut på Instagram. Men det er ikkje bra uansett; å setje både seg sjølv og ryttarar i fare. Eg trur ikkje folk er klare over kor fort me eigentleg syklar og kor lite som skal til for at det skal gå gale, seier Hoelgaard.
Blei politimeld
Bak mannen som hoppa ut i vegen, stod det ein fyr som såg ut til å filme hendinga.
– Dei lagar «content» for sosiale medium. Det er på grensa til politimelding det der, sa Magelssen.
– Det er ikkje berre på grensa. Det der er politimelding så det held. Håpar dei får tatt den suppegauken der, sa Hagen.
Torsdag kveld kjem det fram at tilskodarane som hoppa ut i vegen er politimeld.
– To menn er identifiserte og melde etter at dei prøvde å felle syklistane under Giro d'Italia-etappen mellom Paestum og Napoli, skriv den italienske avisa Corriere Del Mezzogiorno.
Dei skriv vidare at politiet i nærområdet identifiserte tilskodarane og har meldt dei til påtalemakta for å ha sett «den offentlege tryggleiken i fare» under eit idrettsarrangement.
– Forkasteleg
Giro d'Italia går også hardt ut mot situasjonen:
– Respekter ryttarane. Respekter rittet. Respekter Giro d'Italia, skriv arrangøren på X.
Dei held fram:
– Fans. Me elskar at de står langs vegen. Me elskar entusiasmen dykkar, me elskar at de heiar på ryttarane. Men det går ei grense. Ikkje bli som denne fyren.
Sykkellaget til Hoelgaard reagerte også på hendinga undervegs i rittet.
– Forkasteleg framferd. Sykkelsporten er kjend for nærleiken mellom ryttarar og publikum, men dette er sjølvsagt heilt uakseptabelt, skriv presseansvarleg for Uno-X, Henning Askjer Lefsaker, til NRK.
Han held fram:
– Tilliten mellom publikum og ryttarar er heilt avgjerande for sporten – og slike hendingar er svært øydeleggjande og farlege.
Den sjette etappen blei til slutt vunnen av Davide Ballerini, etter at fleire spurtkanonar velta på den glatte brusteinen i Napoli like før mål.
Rittet held fram fredag med ein fjelletappe frå Formia til Blockhaus. Uno-X stiller i sykkelklassikaren før første gong i historia. Erlend Blikra blei beste nordmann på 11. plass på torsdagens etappe.
Før dagens etappe var Johannes Kulset, på Uno-X, på ein femteplass samanlagt.