– Det er ikkje EM, det er VM i stova mi der, seier den lovande 19-åringen.
Anthony Ommundsen Johnsen er på topp 10-lista over dei raskaste juniorane i verda på 60 meter hekk.
Han er så fokusert på idretten at han dreg med seg treninga inn i heimen.
– Hadde du hatt kamera i huset mitt, så hadde du funne meg fleire gonger om dagen der eg lèt som eg stiller meg opp i startblokka.
Trenaren Petar Vukicevic er klar i si sak.
– Han kan bli verdsklasse og konkurrere mot dei beste i verda.
Samtidig åtvarar NRKs friidrettsekspert om å ikkje forhaste utviklinga.
Ligg an til olympisk nivå
8. februar i år sprang han 60 meter hekk på tida 7,53, ei internasjonal supertid.
– Om du ser videoen frå da eg kom i mål i det løpet, så kan du høyre meg brøle.
Tida 7,53 er den same som regjerande olympisk meister og tre gonger verdsmeister Grant Holloway klokka inn på då han var like gammal som norske Ommundsen Johnsen.
– Det er gøy, for då ser eg jo at eg er blant dei beste nokosinne, seier den norske hekkeløparen.
Nå, nesten fire månader etter løpet, kjenner 19-åringen at det meste går på skjener.
På spørsmål frå NRK om kor rask han kjenner seg, er han nokså sjølvsikker.
– Eg kjenner meg ganske greitt rask. Kjenner meg bra og kroppen er på plass.
Vil vinne «alt»
I fjor senka han også Vladimir Vukicevic sin 15 år gamle juniorrekord på 110 meter hekk. Då sprang Ommundsen Johnsen på tida 13,36. Laurdag deltok han i eit stemne i Sverige og forbetra sin eigen U20-rekord med tida 13,18. Onsdag konkurrerer Johnsen framfor Bislett-publikummet, men det store målet er U20-VM i Eugene i USA.
– Eg får ikkje fleire sjansar til å vise meg fram i denne alderen, så det eg spring i år kjem til å stå for alltid. Derfor har eg lyst til å prestere på mitt beste, slik at eg har ein bra personleg rekord å sjå tilbake på, fortel han.
På spørsmål for kva målet med karrieren er, er ikkje 19-åringen mindre blyg enn at han svarer dette:
– Det er å vinne alle dei store meisterskapane, som OL, VM og EM, og kanskje Diamond League. Då kjenner eg at eg har oppnådd alle friidrettsutøvarars mål.
– Trur du at du blir god nok?
– Eg trur at om eg legg ned arbeidet, så har eg ei moglegheit.
Ultimat test for sesongen
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal har også fått auga opp for 19-åringen, og meiner det er klokt at han ikkje forhastar seg frå juniorhekkane på 99 centimeter høgde til seniorhekkane som er nesten 107 centimeter høge.
– Han er svært talentfull og er på mange måtar i rute til dei måla han har sett seg.
– Han har levert nokre fantastiske tider, og eg trur det er lurt av han å satse på juniorhekkane i år. Han skal få skine i den klassen i år, seier Rodal.
– Han må få lov til å bli vaksen og ikkje forsere nokon trappetrinn i utviklinga si. Han må ta trinn for trinn, fortset han.
Rodal er ikkje i tvil om at 19-åringen er eit stort talent, men sjølv om hekkeløparen så langt har sprunge på ei tid som er på topp-ti-lista gjennom historia, ønsker den tidlegare olympiske meisteren på 800-meter å sjå det norske stjerneskotet senke den personlege bestenoteringa si betrakteleg.
– Den ultimate testen om det er verdsklassemateriale, er om han kjem til å sjå 12-talet i løpet av sesongen. Det blir spennande, seier Rodal.Les også Frustrert Jæger så rekorden glippe: – Veldig små marginer
– Det største talentet
Anthony Ommundsen Johnsen kjem frå Arendal, men flytta til Oslo i fjor og spring nå for klubben Vidar, der Petar Vukicevic er trenar. Tidlegare har han trena fleire toppidrettsprofilar, blant dei barna sine Christina og Vladimir Vukicevic.
Han seier den nåverande eleven hans er det største talentet han nokon gong har trena.
– Definitivt. Anthony er eit veldig stort talent. Både når det gjeld fysikken og også den mentale delen. Han er ein balansert gut med sjølvtillit og han er klar over kvalitetane sine, fortel han.
Vukicevic seier at Johnsen er over 190 centimeter høg, har lange bein og kraftig kropp, pluss at spensten hans er svært imponerande.
Meir press på skulen enn på bana
Den mangeårige trenaren er også klar over at eleven hans draumar om gull i alle dei største meisterskapane, men sjølv er han litt meir moderat.
– Det er berre å drøyme, så må vi sjå kva ein får til slutt. Eg liker ikkje å prate så mykje om heilt konkrete mål, men han er definitivt ein veldig talentfull gut. Det er han, avsluttar han.
I dag er hekkeløparen inne i sitt siste år på vidaregåande, og planen neste år er å satse for fullt på friidrett.
Med gode tider på friidrettsbanen kjem det høgare forventningar før kvar konkurranse, men presset kjenner han ikkje på friidrettsbana.
– Nei, det gjer eg ikkje. Det er bra med nervar, men i det siste har eg ikkje kjent så mykje på det. Det eg kjenner mest press på, er å ha vurderingar på skulen. Då gruer eg meg mest, seier han med eit smil om munnen.