Hytte i fjellet med sau som beitar rundt.
LOKKAR MED MOBILFRI: «Tenk så herlig uten dekning» skriv DNT på sine nettsider. Dekningsdirektør i Telenor seier dette er paradoksalt sidan den største årsaka til redningsaksjonar er dårleg dekning. Foto: Asle Hella/NRK

Fleire redningsaksjonar i Breheimen og Jotunheimen har den siste tida vist kor vanskeleg det kan vere å få kontakt med turgåarar i område utan mobildekning.

I eitt tilfelle vart to utanlandske turistar melde sakna då dei ikkje møtte fram til ei bestilt overnatting på Nørdstedalseter. Dei hadde endra ruta, men fekk ikkje varsla hytta fordi dei mangla både mobildekning og internett. Det utløyste ein stor redningsaksjon.

Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, stadfestar at delar av Breheimen og Jotunheimen har dårleg dekning.

Han reagerer på at DNT marknadsfører dekningsfrie, trass i at det er den største utfordringa for aksjonane i området.

Dekningskart Telenor
Kartet visar område med 5g dekning. Alt som er blått har 5G dekning. Faksimile: Telenor / Telenor

Marknadsførar dekningslause område

På DNT sine nettsider framhevar dei hytter utan dekning som eit ideal, med titlar od setningar som: «Tenk så herlig uten dekning» og «På mange av DNT-hyttene er det ikke dekning. Helt perfekt når du trenger en pause frå alt».

– Det er forståeleg at folk vil sleppe at telefonen pip heile tida. Men frå eit tryggleiksperspektiv ville betre dekning vore ein fordel, seier Amundsen.

Han meiner det blir eit paradoks når manglande dekning først blir framheva som eit gode, men seinare skaper problem fordi turistar ikkje får meldt frå om endra planar.

DNT svarar at mange ønskjer skjermfrie feriar, uavhengig av om det er dekning. Samstundes erkjenner foreininga at folk må vere budde på kva det inneber å ferdast i område utan signal.

– Vi kan sjå på om vi bør vere endå tydelegare i råda våre, seier avdelingsleiar for natur og friluftsliv i DNT, Anne-Mari Planke.

Vil koste fleire millionar

For å ringje 110, 112 eller 113 må mobilen ha dekning frå minst éin operatør eller tilgang til trådlaust nett. I fjellet kan dekninga variere mykje over korte avstandar.

Ein kan ha signal på ein topp, men miste det nede i ein dal.

Amundsen seier det er svært kostbart å byggje ut mobilnett i slike område. Ein basestasjon treng straum og samband med resten av nettet, og berre framføring av straum kan koste ti millionar kroner.

Dekningsdirektør i Telenor Bjørn Amundsen
Dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen seier 90 prosent av landet har dekning, men det er vanskeleg å utvide til nasjonalparkar. Foto: Irmelin Kulbrandstad / NRK

I tillegg kjem krav om løyve og strenge restriksjonar i nasjonalparkar.

– Dette handlar først og fremst om økonomi. Storsamfunnet må bidra dersom ein skal byggje ut i slike område, seier han.

Må ta omsyn til naturen

Betre dekning vil òg føre til naturinngrep gjennom master, straumliner, vegar og annan infrastruktur. DNT meiner difor at det ikkje finst eitt enkelt svar.

Planke seier betre dekning kan hindre unødige leiteaksjonar, men åtvarar mot å tru at mobilnettet åleine løyser tryggleiksutfordringane. Turgåarar må sjølve undersøkje dekninga langs ruta og informere familie eller vener om planlagd rute og venta retur.

DNT rår folk frå å gjere faste avtalar om å sende melding kvar dag. Manglande dekning kan skape uro og i verste fall utløyse leiteaksjon. På lengre turar utan dekning kan satellittbasert naudutstyr vere eit alternativ.

– Ein kan kjøpe, låne eller leige ein InReach eller tilsvarande. Men elektronisk utstyr erstattar ikkje kart og kompass, seier Planke.

Kan finne mobilen frå lufta

Redningshelikopter kan òg bruke teknologi som fungerer som ein mellombels basestasjon for å finne ein mobiltelefon. Det krev at telefonen er slått på og har straum.

Amundsen trur satellittkommunikasjon kan bli viktigare i framtida, men meiner teknologien enno ikkje er ei fullgod erstatning for vanleg mobildekning.

Telenor har dialog med DNT, Røde Kors og naudetatane om dekninga i fjellet. Ei større utbygging vil likevel krevje politiske prioriteringar, offentleg finansiering og ei avveging mellom tryggleik og vern av naturen.

NRK rettar: I ein tidlegare versjon var tittelen at Telenor kritiserer DNT. Det var upresist, og tittelen er no endra. Endringa er gjort 5. august klokka 13.11.