Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus
DØYDDE: Jenta døydde på Haukeland universitetssjukehus. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I byrjinga av august overtok barnevernet omsorga for den unge jenta, etter bekymringsmeldingar om familien.

Foreldra vart sikta for mishandling i nære relasjonar.

Tenåringsdottera vart plassert på ein statleg barnevernsinstitusjon i Bergen.

Fengsla foreldre

Foreldra vart varetektsfengsla i tre veker, og Hordaland tingrett forlenga fengslinga i tre nye veker.

Det var BA som først omtalte at foreldra var blitt varetektsfengsla i byrjinga av august, og at tenåringsjenta var den fornærma i saka.

Jenta hadde berre budd på barnevernsinstitusjonen i ein månad, før hendinga skjedde på institusjonen onsdag i førre veke.

Dottera vart etter det lagt inn på Haukeland universitetssjukehus. Fire dagar seinare døydde jenta på sjukehuset søndag.

Haukeland universitetssjukehus, Sentralblokka i Bergen
Tenåringsjenta døydde på Haukeland universitetssjukehus fire dagar etter hendinga på barnevernsinstitusjonen der ho budde. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Mistenker ikkje noko kriminelt

Politiet vart varsla same dag som hendinga på institusjonen. Dei oppretta undersøkingssak dagen etter. Då politiet kontakta sjukehuset måndag, fekk dei opplyst at jenta hadde døydd i helga.

– Det foreløpige funnet til politiet tilseier at det er ingen opplysningar om at dødsfallet har skjedd på grunn av ei kriminell handling eller eit straffbart forhold, seier politiadvokat Farzad Izadi til NRK.

mann med svart hår og skjegg i politiuniform
Politiadvokat Farzad Izadi leiar undersøkingssaka etter dødsfallet, og seier ingen opplysningar så langt tyder på ei kriminell handling. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Obduksjon

Den døde jenta vart obdusert i dag, og Izadi seier politiet truleg får ein førebels obduksjonsrapport i dag eller i morgon. Då vil dei pårørande straks bli informert.

Politiet har gjort fleire undersøkingar på åstaden og vitneavhøyr, og held på å gå gjennom digitale spor. Fleire undersøkingar og avhøyr gjenstår.

– Det vi ser på, er blant anna rørslene til den avdøde, kven ho var i kontakt med og kva ho gjorde, seier Izadi.

– Korleis kunne det skje?

NRK snakkar på telefon med ein omsorgs- og talsperson for familien medan han sit saman med fleire slektningar og familiemedlemar i Bergen.

– Dette er ein veldig vanskeleg situasjon for familien. Det er som ein forferdeleg draum. Dei trur ikkje på det som har skjedd.

Talsperson kjenner familien frå før.

– Det dei spør seg, er korleis det kunne skje at eit friskt barn som barnevernet liksom har tatt omsorga for, døydde.

Familien meiner at det gjennom politiet sine undersøkingar ikkje har kome nokon bevis for at familien har behandla jenta dårleg eller utsett henne for noka form for skade.

Forsvarer Andrea Wisløff i Follo og Nordre Østfold
– Dette er ei utruleg belastande sak. Han er i ein tung sorgprosess, seier farens forsvarar Andrea Wisløff. Foto: Cornelius Poppe / Cornelius Poppe / NTB

– I krise og djup sorg

Etter det NRK kjenner til, er foreldra ikkje lenger fengsla. Dei var på sjukehuset medan dottera låg der, og er no tilbake i heimen sin.

– Det er ein veldig belastande situasjon. Dei ønsker ro i sorgprosessen.

Det seier advokat Andrea Wisløff som forsvarar faren.

– Ein tenker at barn skal vere trygge under barnevernet si omsorg, seier ho til NRK.

Lydia Nagy Molvær er forsvarar for mora til jenta som ble funnet livløspå en barnevernsinstutisjon i Bergen.
– Familien treng ro til å sørge i fred, seier advokat Lydia Nagy Molvær. Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Lydia Nagy Molvær er forsvarar for mora.

– Ho er i krise og djup sorg. Dei er i ein uhaldbar situasjon, og ein situasjon som er veldig belastande. Ho og familien treng ro til å sørge i fred, seier Molvær.

Skal avdekke eventuell svikt

Regiondirektør Marianne Kildedal skreiv måndag i ein e-post at Bufetat føler sterkt med familien.

– Det er ei djupt tragisk hending at ein ungdom i eit av våre tiltak har mista livet. Dette er også svært tungt for dei som jobba for å hjelpe henne. Vi går grundig gjennom arbeidet vårt, for å sjå om vi kunne ha gjort noko annleis.

Kvinne med langt lyst hår, mørk dressjakke
Regiondirektør Marianne Kildedal i Bufdir Vest. Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Statsforvaltaren i Vestland har opna tilsynssak etter dødsfallet for å avdekke eventuell svikt i tenestene.

– Ei så tragisk og trist hending går inn på oss alle. Vi blir rørt når det har skjedd noko så alvorleg med eit barn som har fått tenester frå det offentlege, sa seksjonsleiar Øystein Breirem Jacobsen til NRK måndag.

Tenåringsjente i barnevernet døydde: – Går inn på oss alle

Politiadvokat Izadi seier at politiet og Statsforvaltaren vil dele opplysningar frå sine undersøkingar.

– Og vi vil ta omsyn til deira vurderingar når vi skal vurdere om det skal settast i gang etterforsking eller undersøkingar mot barnevernstenesta eller institusjonen, seier politiadvokaten.