Øystein Breirem Jacobsen hos Statsforvaltaren i Vestland. Portrett med slips og dressjakke i eit møtelokale.
JENTE I BARNEVERNET DØYDDE: – Ei trist, tragisk og alvorleg hending, seier Øystein Breirem Jacobsen hos Statsforvaltaren i Vestland. Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Når ei så trist og tragisk hending har skjedd, er det viktigaste i første omgang å ta vare på dei som er ramma.

Det seier Øystein Breirem Jacobsen hos Statsforvaltaren i Vestland.

Han er leiar ved seksjon for barnevern.

– Det er klart at ei så tragisk og trist hending går inn på oss alle. Vi blir rørt når det har skjedd noko så alvorleg og trist med eit barn som har fått tenester frå det offentlege.

Statsforvaltaren har opna tilsynssak etter dødsfallet.

– Det er for å avdekke eventuell svikt i tenestene, seier Jacobsen.

Politiet undersøker

Tenåringsjenta døydde på Haukeland universitetssjukehus etter ei hending onsdag i førre veke ved barnevernsinstitusjonen ho budde på.

Dødsfallet blei kjend måndag ettermiddag, då BA melde om saka først.

Politiet har oppretta ei undersøkingssak, og Statsforvaltaren i Vestland har blitt orientert av barnevernsinstitusjonen og følger opp saka.

Jacobsen understrekar at det er opp til politiet – ikkje Statsforvaltaren – å vurdere om det har skjedd noko straffbart.

– Når det er sagt, har eg ingen informasjon som tilseier noko slikt i denne saka.

Haukeland universitetssjukehus, Sentralblokka i Bergen
Etter ei hending ved barnevernsinstitusjonen ho budde på, døydde tenåringsjenta på Haukeland universitetssjukehus. Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Føler sterkt med familien

– Det er ei djupt tragisk hending at ein ungdom i eit av våre tiltak har mista livet. Vi føler sterkt med familien, skriv regiondirektør Marianne Kildedal i Bufetat Vest i ein e-post.

Ho stadfestar at jenta budde på ein av Bufetat sine barnevernsinstitusjonar i Bergen.

– Dette er også svært tungt for dei som jobba for å hjelpe henne. Vi vil gjere vårt beste for at dei skal få den bistanden og oppfølginga dei har behov for.

Marianne Kildedal, regiondirektør i Bufetat
Regiondirektør Marianne Kildedal i Bufetat føler sterk med familien og dei tilsette. Foto: Silje Katrine Robinson / Bufetat

Avdekke eventuell svikt

Statsforvaltaren skal som tilsynsmyndigheit hente inn informasjon om hendinga og gå gjennom kva som har skjedd.

– Vi ser på korleis tenestene har handtert situasjonen både i forkant av ei hending, undervegs og for den saks skuld i etterkant.

Jacobsen går ikkje ut med konkrete opplysningar som kor gammal jenta var, kva dag ho døydde, mogleg dødsårsak, eller kor lenge og kvifor ho hadde vore på barnevernsinstitusjonen.

– Undersøkingane våre blir i starten litt meir sekundære, men vi har allereie vore i kontakt med tenestene for å få informasjon. Og så vil vi gå gjennom den informasjonen etter kvart.

Utandørs skilt over inngangen til Statsforvaltaren i Vestland
Statsforvaltaren har oppretta tilsynssak og starta sine undersøkingar. Foto: Oskar Rennedal / NRK

Bidra til betring

Statsforvaltaren kjenner ikkje til at det har vore nokon spesielle risikofaktorar i denne saka.

– Målet er å kunne bidra til forbetring i framtida. Dersom ting ikkje har vore handtert på ein god måte, er det viktig å få vite om det, slik at vi kan lære av det, seier Jacobsen.

Han seier politiet og Statsforvaltaren jobbar heilt parallelt og uavhengig av kvarandre.

– Vårt perspektiv er å finne læringspunkt for dei offentlege tenestene. Dette er ting som vi kan bruke litt tid på. Akkurat nå er det primære at alle involverte blir varetatte på ein god måte: både personalet, barn som kjente henne, og andre pårørande, seier Jacobsen.

Han seier Statsforvaltaren sjølv ikkje kontaktar familien til den døde jenta.

– Men dei vil bli orientert om at vi har ei tilsynssak, og vil også kunne belyse saka viss dei måtte ønske det.

Førebels kan Bufetat ikkje seie noko meir om saka før Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn og kome med si vurdering.

– Når slike tragiske hendingar skjer, går vi alltid grundig gjennom arbeidet vårt, for å sjå om vi kunne ha gjort noko annleis. I tillegg til vår eigen gjennomgang vil vi samarbeide med barnevernstenesta og Statsforvaltaren i deira gjennomgang, skriv Kildedal.