en programleder med mange menneske rundt seg
Deltakarane i sesong 18 av «Mesternes mester», med programleiar Tete Lidbom i midten. Frå venstre Nina Bansal, Hege Bøkko, Cathrine Larsåsen, Emil Meek, Alexander Bonsaksen, Tete Lidbom, Tarjei Bø, Håvard Bøkko, Lars Bohinen, Julie Thorsen og Hedvig Wessel. Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

– Det er ein draum. Og no har eg skjønt at det er ekte, seier Tete Lidbom.

NRK møter han i Porto Heli i Hellas på innspelinga av den nye sesongen av Mesternes mester.

Det er første gong han leiar programmet, der ti tidlegare idrettsutøvarar kjempar om å bli Mesternes mester. Forgjengarane til Lidbom er Aksel Lund Svindal og Dag Erik Pedersen.

Få med deg dei nye deltakarane lengre ned i saka.

Svindal leia det nye konseptet Mesternes mester team tidlegare denne hausten.

Svindal har fortalt at han ikkje hadde moglegheit til å leie både Team-versjonen og den ordinære utgåva av programmet. Til VG har han sagt:

– Det er udramatisk og det var praktiske årsaker til at det blei slik.

Smilende mann som holder manuskort med Mesternes mester-logo på, blått hav i bakgrunnen
NY PROGRAMLEIAR: Tete Lidbom leiar programmet for første gong. Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

Vil setje sitt eige preg på det

Lidbom har lang erfaring frå tidlegare programleiarjobbar i radio, mellom anna i fotballpodkasten Heia fotball og Norske tilstandar på NRK P3. Han har også gjort ein del TV, mellom anna MGP og Maskorama.

– Det er ein heilt fantastisk jobb. Det å få lov til å jobbe med dei beste folka både av og på kamera. Det å bli kjend med og forhåpentlegvis få fram kor nydelege folk desse idrettsheltane er. At det er meir enn resultata og prestasjonane dei har gjort gjennom karrierane sine. Eg føler meg veldig privilegert som får lov å oppleve dette, seier Lidbom.

Fem kvinner og fem menn i svart Mesternes mester-drakt, noen stående og noen sittende på et svaberg
MESTERNES MESTER: Ti nye deltakarar kjempar om den gjæva tittelen. Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRK

Han fortel at han har fokus på å vere seg sjølv når han er programleiar for å leggje sitt preg på programleiarrolla.

– Dei to som har gjort det før meg, Aksel og Dag Erik, har vore fantastiske programleiarar, seier Lidbom.

Då han skulle tre inn i den nye rolla, prøvde han likevel å ikkje tenkje for mykje på kva forgjengarane har gjort.

– Eg har også prøvd å respektere at Mesternes mester er eit kjempepopulært program, som ikkje nødvendigvis treng forandring, men forhåpentlegvis kan eg tilføye noko som gjer at det blir gøy å sjå på, seier Lidbom.

To søsken er med

Førre veke blei det klart kven som vann Mesternes mester team. No kan ein sjå fram mot 1. januar og premiera på den 18. sesongen av den «vanlege» utgåva.

Der er ti nye deltakarar klare for å kjempe om Mesternes mester-pokalen. Her er deltakarane:

  • Hege Bøkko (35), skøyter
  • Håvard Bøkko (39), skøyter
  • Cathrine Larsåsen (39), friidrett
  • Alexander Bonsaksen (39), ishockey
  • Julie Thorsen (27), stuping
  • Emil Meek (38), MMA
  • Hedvig Wessel (31), frikøyring
  • Lars Bohinen (57), fotball
  • Nina Bansal (40), taekwondo
  • Tarjei Bø (38), skiskyting

Skiskyttarlegende Tarjei Bø er blant dei ti som skal kjempe om å bli Mesternes mester.

– Det er kjempekjekt. Det er jo ein heilt nydeleg plass også, så det er kjekt å får vere med, seier Bø.

Tidlegare ishockeyspelar Alexander Bonsaksen er også blant deltakarane i årets sesong.

– Det er veldig gøy. Dødskult. Eg er glad eg får moglegheita. Det er jo ei ære å få lov å representere sporten sin, og kople konkurranse-hovudet på att, seier Bonsaksen.

For første gong deltek også to søsken. Skøyteløparane Håvard Bøkko og Hege Bøkko er vant til å reise mykje i lag etter tolv år saman på landslag.

– Det er alltid trygt å ha nokon du kjenner litt ekstra godt. Men eg føler jo at eg er ganske sjølvstendig og hadde fint klart meg utan ein bror her òg. Men det er jo gøy at me får den opplevinga saman da, seier Hege Bøkko.