Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Canadas statsminister Mark Carney i Ottawa 20.09.2026
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Canadas statsminister Mark Carney møttest i Ottawa søndag. Foto: Anders Tvegård / NRK

– Canada er ein nær partnar for Noreg og ein viktig alliert i Nato. Vi deler mange grunnleggjande verdiar og har felles interesser i Arktis. I ei uroleg tid treng Noreg fleire bein å stå på. No styrkjer vi samarbeidet med Canada, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Søndag møtte han den canadiske statsministeren Mark Carney i Ottawa.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og Canadas statsminister Mark Carney i Ottawa 20.09.2026
Jonas Gahr Støre og Mark Carney er samde om å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Canada. Foto: Anders Tvegård / NRK

Arktis og forsvar

– Dette av eitt av dei samarbeida som kanskje utviklar seg aller mest i våre nærområde, sa statsminister Jonas Gahr Støre under eit møte med norsk presse i Ottawa i natt.

Det handlar blant anna om Arktis og om forsvar.

– Det at Canada valde tysk-norske ubåtar er ei veldig tydeleg forankring av Canada i det industrielle samarbeidet med Noreg i mange år framover, sa Støre.Trump har satt naboskapet på prøve

Identiske ubåtar

Noreg, Tyskland og Canada vil få identiske ubåtar.

– Dette vil styrkje vår og Nato si evne til å overvake havområda i nord. Det er svært viktig for tryggleiken for både Canada og Noreg.

Støre nemnde samarbeid mellom kystvaktene, innan polarforsking og samarbeid for å kartleggje kritisk viktige mineral. Også innan romfart og kunstig intelligens skal landa samarbeide tettare, ifølgje Støre.

– Innanfor Nato er Noreg og Canada to av sju land som har lagt rammene for korleis vi skal ha ein arktisk dimensjon i Nato, sa Støre.

Canadian Prime Minister Mark Carney begins his address to the European Parliament in Strasbourg, France, Thursday, Sept. 17, 2026. (Justin Tang/The Canadian Press via AP)
Mark Carney er ein velkommen mann i den europeiske unionen. Foto: Justin Tang / The Canadian Press,NTB

Assosiert medlem i EU

I ei tid der forholdet til næraste nabo, USA, ikkje er like godt som før, styrkjer Canada no kontakten med Europa.

Onsdag lanserte leiaren for EU-kommisjonen Ursula von der Leyen forslaget om at Canada kan bli assosiert medlem i EU.

Dagen etter talte Mark Carney i EU-parlamentet og sa at han set pris på forslaget.

– Vi ønskjer denne ambisjonen velkommen, sa Carney, og fekk ståande applaus.

I mars besøkte Mark Carney Noreg, der han blant anna var gjest på ei Nato-øving. Han var også til stades på Holmenkollaurdagen, der fleire canadiske utøvarar deltok på femmila.

Der fekk han eit møte med både dåverande kong Harald, dronninga og kronprinsen. I Ottawa søndag takka Carney Støre for dette møtet.

Holmenkollen skifestival 2025
Carney møtte konge, dronning og kronprins i Holmenkollen. Foto: Terje Pedersen / NTB

Meir nordisk kontakt

Under besøket kom dei nordiske statsministrane til Oslo for å ha eit felles møte med den canadiske statsministeren.

– Eg trur vi kjem til å sjå meir av at Canada ønskjer å vere til stades i nordiske samanhengar, og det meiner vi er bra, sa Støre til norsk presse i natt.

Støre understreka at forholdet til EU er i utvikling.

– Både Noreg og Canada står utanfor, vi har EØS-avtalen, Canada nærmar seg EU. Det kjem opp ein del område no som ikkje er dekt av EØS-avtalen, som på romområdet, som på mineralområdet, som på ein del forsvarsspørsmål. Eg har snakka med EU-leiarane om at vi må sjå nærare på korleis vi følgjer opp det. Det ønskjer også Canada og Storbritannia. Dette kan bli spennande og viktig framover, sa Støre.

Støre håpar å få til det han kalla «pragmatiske løysingar» som også dekkjer opp viktige behov i Arktis.

– EU har jo arktiske land, Sverige, Finland, Danmark. Men skal du ha ei tilnærming til Arktis, så bør du ha med samtalar også med Noreg, Island og Canada. Det trur eg vi kjem til å sjå meir av, sa Støre.