– Eg har latt han få tid. Den bør vere på plass no, seier Thea Stjernesund til NRK.

Vi skrur tida 164 dagar tilbake i tid.

Stjernesund står stolt og rørt og tittar utover målområdet ved Pista Olimpia i Cortina d’Ampezzo. Rundt halsen har ho sølvmedaljen ho delte med svenske Sara Hector, etter at nærast uslåelege Federica Brignone sikra gullet på heimebane.

Utøvere på seierspallen etter skirenn. To kvinner jubler med medaljer, mens en kvinne står ved siden. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
DELTE SØLVET: Sara Hector og Thea Stjernesund. Foto: Leonhard Foeger / REUTERS,NTB

29-åringen kunne i tillegg kose seg over ein annan ting: Løfta som blei gitt under den snøsikre samlinga i chilenske Valle Nevado på veg inn i OL-sesongen.

– Vi sat i solveggen der etter trening, og så sa eg: Vi må ha nokre litt sånn brutale veddemål, for det er alltid gøy når det gjeld meisterskap, seier Stjernesund.

Berre dagar etter OL-bragda måtte Hannes Zöchlinger farge håret sitt blondt. Det var avtalen dersom dei kvinnelege alpinistane henta heim medaljar under meisterskapen.

Løftet til teknikktrenar Kai Grønningsæter tok lengre tid å innfri.

Prydar armen til evig tid

9. juni i Ålesund var ein dato som blei nemnd. Men ifølge trenaren sjølv var det vanskeleg å få det gjennomført.

– Eg har prøvd å få det til i eit studio oppe på Møre fleire gonger, men det passa ikkje, fortel han.

Då Stjernesund møtte Grønningsæter etter ei treningsøkt på Sognsvann i Oslo, var ho derfor spent på om han faktisk hadde halde ord.

Sjå heile seansen her:

– Eg lurer berre på éin ting eg; Har du tatt ei tatovering eller noko sånt? spurde Stjernesund.

– Ja, eg har det. Og veit du når eg gjorde det? I går, svarte teknikktrenaren og lo godt.

– Du har det!? No fekk eg puls eg. Nei, Gud kvar er ho?

Så flekka han fram høgrearmen, der namnet Thea – etterfølgd av OL-ringane no skal pryde armen til evig tid.

Stjernesund fikk sjokk da hun så at treneren faktisk hadde tatovert hennes navn på armen.
Foto: Pia Rivelsrud Christiansen / NRK

Den spesielle merkinga hadde også sin grunn:

– Det han er litt heldig med, er at han har ei dotter som også heiter Thea, fortel Stjernesund.

– Kva seier kona?

– Ho var der då eg gjorde det, så ho synest det var greitt. Det var litt ulike reaksjonar i familien, men det går veldig bra, seier Grønningsæter.

– Køyrde med ein slags «donut»

NRK møtte alpinlandslaget då dei gjorde unna Iron-Man-konkurransen for å kickstarte årets nye sesong.

Den angrip også Stjernesund utan eit element som fekk mykje merksemd inn mot OL. Ho hadde nemleg pådratt seg eit ganglion cyste på den eine foten.

– Det er litt sånn på fotblad og handledd. Det tar lang tid. Det er ikkje så mykje kjøtt og flesk å få det til å gro med.

Tok OL-medalje med vond fot: – Skal rett på operasjonsbenken

Med ein slik skavank på den eine foten, var det ikkje berre-berre å få støvlane til å passe undervegs i sesongen.

– Vi skrapa ut alt av stoff inne i skoen. Vi skar plastikken heilt vekk, så eg køyrde eigentleg med ein open støvel og så bøygde vi spenna opp. Eg køyrde med ein slags «donut» under sokken for å bygge han oppover. Så det var jo ein ganske adaptert støvel.

Etter operasjonen har sesongoppkøyringa vore litt annleis.

to føtter i flipflops, den ene med en kul
FRAMLEIS TRØBLETE: Men etter eit inngrep ser Stjernesund no ut til å bli kvitt cyste-problemet. Foto: Thea Louise Stjernesund / Privat

– Det er veldig mykje god trening eg har gått glipp av, men eg må ikkje vere klar før i slutten av oktober. Så det er framleis lang tid til å hente det inn igjen, seier Stjernesund.

Neste sesongs høgdepunkt er VM i Crans Montana.