Therese Johaug sitter på bakken og ser sliten ut etter Sentrumsløpet
SIGER: Therese Johaug vann løpet i Oslo, like framfor Heidi Weng. Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

10-kilometeren i kvinneklassen på Sentrumsløpet vart ein skikkeleg batalje mellom Therese Johaug og Heidi Weng.

Ved passeringane på 2.5 km, 5 km og 7.5 km låg venninnene i ryggen på kvarandre, og det vart ein langspurt.

Den vann Therese Johaug med ni sekund framfor Weng, på tida 33.15. I målområdet låg ho heilt slagen på bakken i titals sekund.

– Det var heilt mot slutten at eg tok ho, når det berre var igjen ein kilometer til mål, sa vinnaren.

Therese Johaug smiler etter å ha løpt sentrumsløpet
NØGD: Therese Johaug var svært nøgd etter dagens prestasjon Foto: Oscar Strøm Korsnes / NRK

– Eg hadde ikkje trudd dette, for å vere ærleg. Det var ein periode der det var jævlig tøft og eg pusta tungt. Men eg klarte å hente meg inn då vi kom ned mot Aker Brygge, sa Johaug til NRK etterpå.

Rett etter fødselen

– Det er veldig kort sidan du låg på fødestova. No har du sprunge 10.000 meter og vunne Sentrumsløpet. Det er ganske sjukt?

– Ja, eg er veldig fornøgd med det. Nå skal det seiast at utgangspunktet mitt var ganske bra, men likevel har det vore ein graviditet og fødsel her. Og ein periode etter fødsel kor ein skal få kroppen opp og gå igjen. Men då er det veldig, veldig moro å lykkast, sa Johaug fornøgd.

SLITEN: I målområdet låg Johaug heilt slagen på bakken.Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK
SLITEN: I målområdet låg Johaug heilt slagen på bakken.Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK

Heidi Weng sprang fem sekund raskare enn i fjor, på tida 33.24, men vart slått på målstreken.

– Eg følte eg opna litt roleg, men det er hardt altså. Det var digg å vere den som drog litt, det pleier å vere omvendt, sa Weng etter løpet.

– Det var mange som heia på Therese undervegs, så eg skulle gjerne slått ho då. Men eg er kjempefornøgd, avslutta ho.

– Klar for femmila

Etter målgang var det ein imponert podkastkollega, Emil Gukild, som kom bort og spurde:

– Kor langt framfor Heidi Weng var du?

– Det vart vel 9–10 sekund, svarte Johaug.

– Du har ikkje lagt opp du, sa Gukild tilbake, før han kika inn i NRKs kamera og slo fast: VM i Falun, femmila, ho er klar!

Emil Gukild sprang på tida 37.39, medan Sjur Krystad Prestsæter vann på herresida, på tida 29.45.

Spent før start

– Det følast heilt jævlig ut, no har det gått eit år sidan sist eg har konkurrert.

Det sa Therese Johaug før løpet der 20 000 personar stenger Oslo sine gater eit par timar.

en gruppe mennesker utenfor en bygning (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
DEI SPRING: 20 000 personar sprang årets utgåve av Sentrumsløpet i Oslo. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

10. januar fødde Therese Johaug sitt barn nummer to. Det stoppa ho ikkje frå å sikte seg inn mot å slå tida til fjorårsvinnar Heidi Weng på 33.30.

– Eg har sagt at målet er 33 blank. Det kan vere eg trur at eg er betre enn eg er. Men Heidi er storfavoritt altså, legg Johaug til.

Heidi Weng hadde målet klart før start.

– Eg er spent, angrar litt akkurat no. Men målet er å perse i dag. Så har eg notert at Therese har sprunge meir enn meg i det siste.