Marit Lieng vart 8. april tilsett som ny administrerande direktør i Helse Bergen (Haukeland universitetssjukehus).
- Ho fekk vera hemmeleg søkar,
- var på same tid styremedlem i Helse Stavanger,
- får 2,5 millionar kroner i løn og eitt år etterløn,
- ho skal pendla frå Oslo, og får dekka pendlarbustad og flyreiser til og frå jobb.
– Makt og frynsegode
Leiaren for helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Kjersti Toppe (Sp), er kritisk.
– Dette er historia som gjentar seg. Her er ei ny tilsetting med ein del frynsegode som andre ikkje har, meiner ho.
– Me ser det same i heile Helse-Noreg: ein kultur der få personar får veldig mykje makt og rekrutterer kvarandre. Dette er ikkje greitt.
– Men dersom det er dei beste som blir rekrutterte?
– Eg kjøper ikkje det argumentet, for me er ikkje så få kompetente folk i dette landet.
Tener meir enn statsministeren
Også helsepolitisk talsperson i Raudt, Seher Aydar, reagerer på fleire sider ved tilsetjinga av Lieng.
– Det er eit problem at så mange leiarar i helseføretaka har dobbeltroller, skyhøge lønningar og shoppar styreverv.
Aydar er kritisk til årsløna, pendlarvilkåra og etterløna Lieng får som helsetopp i Bergen.
– Ho skal tena langt meir enn statsministeren, og får ei etterløn på 2,5 millionar kroner frå det offentlege utan å jobba.
Kritiserer pendling
Raudt-politikaren meiner det burde vera eit minimumskrav at direktøren bur nær jobben ho skal ha ansvar for.
– At ho skal bu langt unna sjukehuset og helseføretaket ho skal ta avgjerder om, har skyhøg løn og får årskort på fly, er ekstra provoserande. Alt dette skaper eit enormt gap mellom leiinga og dei som jobbar på sjukehusa.
Også Toppe reagerer på at Helse Bergen-direktøren skal bu i Oslo.
– Senterpartiet meiner leiarar i helseføretak bør bli rekrutterte frå den regionen dei er i.
Standardvilkår for direktørar
Marit Lieng sjølv vil ikkje kommentera kritikken. Ho viser til styreleiar Rune Haugsdal i Helse Bergen.
Han seier både sluttavtalen og resten av avtalevilkåra er «heilt standard» for dei administrerande direktørane i det regionale helseføretaket.
– Lieng var ein veldig kompetent kandidat. Ho gav uttrykk for at ho var ikkje interessert i å gå ned i lønn når ho går inn i ei såpass stor og ansvarsfull stilling.
Haugsdal seier administrerande direktørar i dei norske helseføretaka får dekka årskort med fly, fordi dei reiser så mykje rundt.
– Også Lieng får årskort og kan pendla frå heimen i Oslo, og i samband med møteverksemd.
– Du sa «heim i Oslo», så ho har ikkje fått «bu- og driveplikt» i Bergen?
– Nei, ho skal ha pendlarbustad i Bergen.
Haugsdal presisierer at Helse Bergen vil vurdera om årskort eller å dekka enkeltreiser er billigast. Eit årskort skal uansett berre brukast til pendling og jobbreiser.
Hemmeleg søkar
Då søkarlista vart offentleggjort, var Lieng anonymisert.
Aydar kallar det «ganske spesielt».
– Eg forstår ikkje kvifor det er gjort unntak for hennar del.
– Alt mogleg hemmeleghald og alle moglege unntak frå offentlegheita er med å skapa endå meir mistillit for eit system som allereie slit med tillit, meiner ho.
– Alt her verkar som ho har fått spesialbehandling. Det er med å skapa spørsmålsteikn ved tilsettingar i det offentlege.
Toppe er einig i at dette ser ut som særbehandling.
– Det bør vera full offentlegheit om søkarlista til ei slik stilling. Dette er ein del av velferdsstaten og den offentlege helsetenesta vår.
– Ho bad om det
Styreleiar Haugsdal forklarer hemmeleghaldet slik:
– Ho bad om det, og ho sat i ei veldig sentral stilling ved Oslo universitetssjukehus.
Han meiner anonymiseringa er i tråd med offentleglova (sjå faktaboks), også når dette var eit leiarjobbskifte i det offentlege helsevesenet.
– Me vurderte at anonymisering var innanfor regelverket. Me må sjå hen til stillinga som vedkommande sit i.
Både lova og Sivilombodet slår fast at terskelen generelt skal vera høg for å hemmeleghalda søkarar til høgare offentlege leiarstillingar.
Då «skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga».
Dobbeltrolle
Dagen før tilsettinga av Lieng vart offentleggjort 8. april, hadde NRK publisert si kartlegging av dobbelroller i helseføretaka.
At Lieng skulle leia Helse Bergen HF og samtidig sat i styret til Helse Stavanger, var ei potensielt utfordrande dobbeltrolle.
For i fleire saker «kranglar» Helse Bergen og Helse Stavanger om ansvar- og oppgåvefordeling.
Til dømes etter bemanningskrisa innan gynekologisk kreftbehandling i Bergen har Stavanger argumentert for å overta hovudansvaret for denne behandlinga.
Styreleiar Agnes Landstad i Helse Vest skriv til NRK at Marit Lieng gjekk ut av styret i Helse Stavanger 11. april.
– Folk omrokerer kvarandre
Haugsdal seier at Lieng si rolle som styremedlem i Stavanger ikkje var tema under tilsettinga av henne.
– Det er nokre diskusjonar mellom Stavanger og Bergen som me skal handtera. Men eg legg til grunn at når ho byrjar her som administrerande direktør, ligg all lojalitet her i Helse Bergen.
Aydar fastheld kritikken.
– Det er dei same folka som omrokerer kvarandre frå sjukehus til sjukehus, frå helseføretak til helseføretak.