Bilde av vold på 17. mai i Bergen.
Ein video av hendinga spreidde seg raskt i sosiale medium. Foto: Privat / Privat

– Det har vore ein krevjande prosess og nokre vanskelege månader. Min klient er derfor glad for å kunne leggje saka bak seg no. Det har vore eit enormt press for ein 16-åring å stå i dette, seier forsvarsadvokat Tiril Røkke til NRK torsdag.

dame i grønn jakke ser på kamera
Forsvarsadvokat Tiril Røkke. Foto: Henning Myntevik / NRK

På nasjonaldagen i år var det ei gruppe tenåringar som slo og sparka ein blåruss i Bergen sentrum.

Det som skjedde blei filma og videoen blei spreidd i sosiale medium.

Dei mindreårige gutane blei sikta og erkjente straffskuld. Difor gjekk saka som tre rettsmøte, eit for kvar av dei sikta.

Innrømma saka

No er tilståingsdommen klar.

Den eine er dømd til 14 dagar fengsel på vilkår og må betale 3000 kroner i oppreising til offeret. Dei to andre er dømde til seks månader ungdomsstraff og må betale 14.000 kroner kvar i oppreising.

– Sikta har utøvd grov kroppskrenking. I etterkant har den fornærma trengt oppfølging av psykolog, vore prega av hyperårvakenheit og unngått store folkemengder, sa dommar Johan Eggen torsdag.

Den eine av dei tre sikta innrømma i rettsmøtet at han hadde slått den fornærma og sparka han i magen. Han sa han angra og at den fornærma ikkje fortente det som skjedde.

Han sa han sjølv skulle «backe» kameraten sin, fordi russen var eldre enn dei.

Då den sikta fekk spørsmål om han hadde sett noko som gjorde at fornærma fortente det som skjedde, var svaret nei.

På spørsmål om han ville seie noko til den fornærma, hadde han eit lengre svar:

– Eg vil seie at han ikkje fortente det. Eg vil seie beklagar for det som skjedde, og eg meiner det.

Rykte og merksemd

I framkant av rettsmøtet var det føreslått ungdomsstraff for dei tre sikta, i tillegg til eit samla erstatningskrav.

Forsvarar Alexander Gonzalo Sele framføre PC-en sin i rettsmøte.
Forsvarar Alexander Gonzalo Sele. Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Forsvarar Alexander Gonzalo Sele meinte kravet var for høgt og la ned påstand om at summen skulle vere lågare.

At det oppstod rykte både rundt det som hadde skjedd før valdshendinga, og om dei involverte, var også tema i rettsmøtet.

Forsvarsadvokat Arnfinn Hallanger seier til NRK at saka har vore belastande med den store mediedekninga:

– Det er klart det har påverka klienten min, mellom anna rasistiske kommentarar. Det har òg vore nokon som prøver å slå politisk mynt på saka.

mann i dress
Forsvarsadvokat Arnfinn Hallanger. Foto: Henning Myntevik / NRK

Bistandsadvokat Malene Ulsrud i Advokatcompagniet la også vekt på at det hadde blitt spreidd «alvorlege rykte om fornærma».

Det vart hengt opp plakatar i Bergen med bilete og namn på gjerningspersonane, noko ordførar i Bergen Marit Warncke har kalla «lynsjestemning».

– Sjølve valdshendinga er grov, men òg den massive mediemerksemda i ettertid har vore ei veldig stor psykisk belastning, har Malene Ulsrud uttalt tidlegare.

Bistandsadvokat Malene Ulsrud i Advokatcompagniet etter rettsmøte.
Bistandsadvokat Malene Ulsrud i Advokatcompagniet. Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK