Det var på nasjonaldagen i år at ei gruppe tenåringar slo og sparka ein blåruss i Bergen sentrum. Hendinga blei filma og videoen blei spreidd i sosiale medium.

Videoen viste tre mindreårige gutar som var valdelege mot blårussen.

– Eg kom rett inn og gav han eit slag i ansiktet, og etterpå i magen. Eg sparka han då han låg på bakken.

Det forklarte den eine sikta i saka i rettsmøte i Hordaland tingrett i dag.

– Dei andre begynte å snakke, og plutseleg var det vald. Dei skulle slost. Eg var redd, og eg angrar veldig på det eg gjorde.

Den sikta erkjenner siktinga, og samtykker til ungdomsstraff.

Oppstod diskusjon

Tre gutar blei den 1. juni i år sikta i saka, og i slutten av juli blei det kjent at dei tre hadde erkjent straffskuld.

I rettsmøtet skal dei behandle ein tilståingsdom. Dei tre er sikta for å ha utøvd vald mot ein annan person.

I rettsmøtet måndag sa den første sikta seg villig til å forklare seg. Dei to andre skal i rettsmøte i dei etterfølgande dagane.

Den sikta i dag sa han var saman med kameratane sine på 17. mai, og at dei kom frå Bunnpris og ned til Strandgaten. Der skal det ha oppstått ein diskusjon mellom ein annan sikta og den fornærma.

Dette skal ha gått føre seg i kanskje tre minutt, sa den sikta, og det skal ha dreia seg «om ei jente, eller noko». Han forklarte at dei to andre «eigentleg var ganske sure på kvarandre».

– Eg såg eigentleg berre at dei skulle starte å slost, men eg såg ikkje kven som slo først.

Bilde av vold på 17. mai i Bergen.
Tre er sikta i saka og dei har tilstått. Dei skal stille i Hordaland tingrett for rettsmøte denne veka. Foto: Privat / Privat

– Fortente det ikkje

Den sikta meiner valdshendinga gjekk føre seg i cirka 25 sekundar. Han sa han sjølv skulle «backe» kameraten sin.

– Det var fordi russen var eldre, så eg hjelpte kompisen min.

I retten fortalde han at han slo den fornærma med sida av knyttneven. Dette slaget skal ha ført til at fornærma fall i bakken. Slaget i ansiktet var hardt, seier han.

– Sju eller åtte av ti.

Sparket i magen meiner den sikta ikkje skal ha vore så hardt.

Han fortalde at han var edru, og at han meiner også kompisane også var det. Han forklarte at han såg ein kamerat kaste ein Red bull-boks mot den fornærma.

Den sikta fortalde at han såg at fornærma «reiste seg med ein gong» etter slåstinga, og at han ikkje såg kor han gjekk etterpå.

– Eg oppfatta at han var redd. Eg var også det. Han fortente eigentleg ikkje det.

Fekk rasistiske kommentarar

Det har gått rykte om saka, om kva som skjedde før valdshendinga.

Den sikta fekk spørsmål om han hadde sett noko som gjorde at fornærma fortente det som skjedde. Svaret var kort: «Nei».

På spørsmål om han ville seie noko til den fornærma hadde han eit lengre svar:

– Eg vil seie at han ikkje fortente det. Eg vil seie beklagar for det som skjedde, og eg meiner det.

Forsvarar Alexander Gonzalo Sele framføre PC-en sin i rettsmøte.
Forsvarar Alexander Gonzalo Sele gjekk inn på at det skal ha vore ei belastning for den sikta med det som skjedde etter valdshendinga. Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Den sikta forklarte også at det blei hengt opp lappar i sentrum med fullt namn på dei involverte.

– Plakatar blei hengde opp, og eg fekk mange truslar. Eg hadde det vanskeleg då. Eg kunne ikkje gå ut. Det var mange bilete som blei lagt ved. Eg fekk også mange rasistiske kommentarar.

Påstand om ungdomsstraff

I framkant av rettsmøtet var det føreslått ungdomsstraff for dei tre sikta, i tillegg til eit samla erstatningskrav.

Politiadvokat Linn Marie Søfteland ved PC-en sin i rettsmøte i Hordaland tingrett.
Politiadvokat Linn Søfteland har føreslått for retten at den sikta får ei ungdomsstraff i seks månader, subsidiert 60 dagars fengsel. Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Den sikta i dagens rettsmøte har samtykka til dette, men forsvarar Sele meinte erstatningskravet var for høgt.

I staden for 60-70.000 kroner fordelt på dei tre, la Sele ned påstand om 20-30.000 kroner.

– Den sikta seier han ikkje har råd til å betale så mykje, men han er innforstått med at han må betale noko, sa Sele under rettsmøte.

Bistandsadvokat Malene Ulsrud i Advokatcompagniet etter rettsmøte.
Bistandsadvokat Malene Ulsrud i Advokatcompagniet gjekk under rettsmøte inn på at den fornærma hadde blitt påført skade i tenner. Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Bistandsadvokat Malene Ulsrud i Advokatcompagniet la vekt på at dei sikta valde å angripe fornærma «på gata på den mest offentlege dagen», at hendinga blei filma og at videoen blei spreidd.

Etter dette skal det ha blitt spreidd «alvorlege rykte om fornærma».

– Sjølve valdshendinga er grov, men òg den massive mediemerksemda i ettertid har vore ei veldig stor psykisk belastning, seier Ulsrud.

Ho har lagt ned påstand om at det skal fastsettast oppreisningserstatning til fornærma fastsett etter rettens skjønn.