Et skilt med teksten Økokrim og det norske riksvåpenet. Bygningen bak er mørk og moderne. En vannmerke med NTB står over bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
ETTERFORSKING: Det er Økokrim som har tatt ut tiltalen etter å ha etterforska saka. Foto: Terje Pedersen / NTB

Totalt skal dei to mennene som no er tiltalte, ha selt over 550 tonn dårleg eller umerka oppdrettslaks til kundar i inn- og utland med ein verdi av over 23 millionar.

Salet skal ha skjedd frå 2018 til 2023, og dei to var då dagleg leiar og salssjef/marknadsdirektør i eit firma på Nordmøre.

Av tiltalen går det også fram at deler av fisken skal ha vore i kontakt med golv og ureine soner, og likevel blitt selt som menneskemat.

– Saka er unik, det har ikkje vore tilsvarande saker i rettssystemet av denne storleiken, seier politiadvokat Kristian Johansen i Økokrim.

en mann i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Politiadvokat Kristian Johansen i Økokrim. Foto: Økokrim / Økokrim

Inndragingsførelegg på 28 millionar

Han seier det er særleg alvorleg at selskapet skal ha selt sjølvdaud fisk.

Økokrim meiner at dei ulovlege handlingane førte til eit urettkome utbytte for selskapet på 28 millionar kroner.

Økokrim har derfor gitt selskapet eit inndragingsførelegg for det ulovlege utbyttet. Førelegget er ikkje vedteke.

– Inndragingsførelegget speglar den økonomiske gevinsten som selskapet har fått frå dei ulovlege handlingane til dei tiltalte, seier Johansen.

  • NRK har skrive fleire saker om laksenæringa. Mellom anna om laks med sår som seljast i butikkane. Les den her.

Etterforska av Økokrim

Det er Økokrim som har tatt ut tiltalen, etter at dei starta etterforsking hausten 2024.

Då hadde Mattilsynet fånyttes forsøkt å spore opp kvar fisken hadde blitt av, men måtte slå fast at den truleg hadde hamna på matfatet til uvitande kundar.

«Overtredelsen anses skjedd under særlig skjerpende omstendigheter fordi den foregikk i stort omfang og ved mange anledninger over en lengre tidsperiode, var kjent og/eller besluttet av ansvarspersoner i selskapet og/eller hadde en større økonomisk vinning for selskapet», heiter det i tiltalen.

I same periode er dei tiltalt for å ha selt fleire hundre tonn oppdrettslaks med sår og misdanningar til ein tysk kunde for over 24 millionar.

I tiltalen heiter det:

«De unnlot med dette å omsette den angitte produksjonsfisken direkte til påbudt innenlands virksomhet for feilretting og/eller bearbeiding mv.».

Ei dør med tekst som viser "Frostating lagmannsrett, Nordmøre og Romsdal tingrett". På døren er det et kongerikets våpenskjold. Ved siden av døren er det en lukket luke med en informasjonsplakat.
Saka skal gå for Nordmøre og Romsdal tingrett i januar neste år. Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Alvorleg

Det er tatt ut tiltalte for brot på matlova § 28, som gjeld kvalitet på fisk og fiskevarer.

Politiadvokat Kristian Johansen i Økokrim seier saka er svært alvorleg og at deler av fisken er spist.

– Eg går ut frå at noko av dette er blitt ete, ja, seier han.

– Saka gjeld ulovleg sal av produksjonsfisk og sjølvdaud fisk. Det er eit alvorleg brot på mattryggleiken at det i fleire år systematisk har vorte seld laks som ikkje skulle gått til humant konsum, legg han til.

I tillegg er dei to mennene tiltalte for grov økonomisk utruskap mot selskapet dei jobba for.

Dette fordi dei skal ha utsett selskapet for betydeleg risiko for økonomiske tap i form av negative sanksjonar og/eller for tap av omdøme og tillit i marknaden, står det i tiltalen.

– Ved å selje fisk som skulle vore destruert, meiner Økokrim at dei tiltalte har skada omdømet og interessene til selskapet. Eksport av produksjonsfisk til utlandet kan også skade omdømet til norsk laks, seier Johansen.

Møre og Romsdal tingrett, sal 1. Vitneboksen i forgrunnen.
Saka skal gå for retten i januar neste år og det er sett av totalt ni dagar. Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Omfattande sak

Martin Marsteen Williams er advokaten til den andre tiltalte, ein mann i slutten av 50-åra.

Han seier at dei nyleg har mottatt tiltalen og treng tid til å gå gjennom saka.

– Det er ei omfattande sak og vi er i ferd med å gå gjennom den, så førebels har vi ikkje ein kommentar til tiltalen, seier Williams.

Advokat Martin M. Williams
Martin Marsteen Williams seier dei ikkje har hatt tid til å gå gjennom saka endå. Foto: Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz

Erik Ulvesæter representerer den andre tiltalte, ein mann i starten av 50-åra.

– Vi har ikkje ein kommentar på dette tidspunktet, seier han til NRK.

Erik Ulvesæter, advokatfirmaet Elden
Erik Ulvesæter representerer ein av dei to tiltalte. Foto: Moment Studio

NRK har tidlegare skrive fleire saker om laks som blir smugla ut av Noreg og forfalska.

Les dei her: