TNT på Sweden Rock
SIST LAURDAG: Ronni Le Tekrø (til venstre) og Neil Hibbs saman på scena saman forrige laurdag. Hibbs har i mange år vore ein fan av gitarspelet til nordmannen. Foto: TNT

Det tradisjonsrike rockebandet TNT skulle etter planen stå på scena under Høllesanden Live 15. august. I staden har arrangøren valt å avlyse konserten.

Bakgrunnen er at gitarist Ronni Le Tekrø for tida har hjarteproblem etter å ha fått ein reaksjon på feilmedisinering.

Det får bandet sin trommeslagar og grunnleggjar, Morten «Diesel» Dahl, til å sjå raudt.

Han uttalar seg både på vegner av bandet og gitarist Ronni Le Tekrø.

– TNT er i storform om dagen. Sjukdom skjer overalt, men så lenge gruppa bevisleg leverer på scena, er det absolutt ingen grunn til å avlyse.

Ronni Le Tekrø er med på alle konsertane, men har for tida ikkje helse til å spele alt sjølv.

Difor har bandet henta inn den svært røynde gitaristen Neil Hibbs i tillegg.

Han peikar på at dei i over 40 år har stilt opp med ulike musikarar på scena, og at dei alltid leverer 100 prosent for publikum.

Det som opprører bandet ekstra sterkt, er at arrangøren berre har kansellert TNT sin opptreden, medan resten av festivalen går som planlagt.

– Lyd og lys står der, og dei andre artistane skal spele. Arrangøren vel til og med å bruke billettinntektene som er genererte på vårt namn til å booke ein ny artist på vår plass. Det heng ganske enkelt ikkje på greip, seier Dahl.

Carina Dahl sammen med sin far Morten «Diesel» Dahl på spellemann
Morten «Diesel» Dahl saman med dottera Carina Dahl på Spellemann. Foto: Helge Tvedten / NRK

– Enorme konsekvensar

Kanselleringa berre halvannan veke før konsertstart, får store økonomiske og praktiske følgjer for apparatet rundt rockebandet, seier Dahl.

– Dette får enorme konsekvensar for dei 13 personane som jobbar i og rundt TNT.

Det er mellom anna bestilt og betalt hotell for utanlandske tilreisande fram til 16. august, og det er kjøpt flybillettar tur-retur Kristiansand.

– Crew og musikarar mister no ein viktig arbeidsdag midt i sesongen som dei ikkje har høve til å erstatte, forklarer Dahl.

Arrangør Sven Åge Lauvrak i YOLO Festivalar fortel at dei har jobba i eit par år for å få TNT til festivalen, men meiner dei vart tvinga til å ta omsyn til festivalen si framtid som liten aktør.

– Bekymringa starta då det kom ut i februar at alvorleg sjukdom påverka USA-turneen deira. Vi fekk beskjed om at dette berre gjaldt eit bytte av medisin og ikkje ville råke oss, men at vi skulle bli haldne oppdaterte, forklarer Lauvrak.

– Redusert leveranse

Han seier at arrangøren opplevde å bli tatt på senga då nyheita om Ronni Le Tekrø sin tilstand kom.

– Då pressemeldinga kom og det vart kjent at Ronni berre skulle vere med på eit par låtar, fekk vi masse førespurnader frå publikum, seier festivalsjefen.

Han meiner at folk har kjøpt billett for å sjå eit fullverdig TNT.

– Folk si helse er viktig, og TNT utan Ronni vil vere ei redusert leveranse som vi ikkje kan stå inne for, seier Lauvrak.

Arrangøren fortel at dei har hatt dialog med bookingbyrået Stageway om ein minneleg løysing, men at dei opplevde å få eit ultimatum om å dele risikoen.

Høllesanden Live
Høllesanden Live forklarar på Facebook kvifor dei meiner det er rett å kansellere TNT.Grafikk: Facebook

Erstattar med coverband

For å fylle tidsrommet til TNT på programmet, har festivalen henta inn eit lokalt coverband.

– Ingen kan erstatte TNT, men vi måtte ha noko som dekker tidsbruken.

Han understrekar at festivalen gjerne vil ha TNT tilbake seinare.

– Vi ønsker heller å utsette bookinga til alle i bandet er friske og raske, slik vi opphavleg forventa, avsluttar Lauvrak.

Bookingbyrået Stageway har på vegner av bandet forsøkt å mekle i saka for å få arrangøren til å snu, utan å nå fram.

Dei har førebels ikkje gitt nokon kommentar til saka.

Vil sette opp alternativ konsert

Morten Dahl i TNT forsikrar at det vil få konsekvensar for arrangøren om dei held på avlysinga.

Utgiftene og honorar vil bli sendt til inkasso og forliksrådet om det ikkje blir betalt, slår han fast.

– Dersom avlysinga står ved lag vil det bli satt opp ein konsert i nærmiljøet rundt Søgne og Kristiansand for å bevise at TNT leverer etter bransjestandard, seier Dahl.

Han slår fast at dei som har kjøpt billett til TNT skal få moglegheit til å oppleve bandet.

– Noko som arrangøren, som ikkje forstår seg på kutymen i bransjen, også må dekke.