Politiet melde like før midnatt om at to båtar har kollidert utanfor Nørvevika i Ålesund, den eine båten skal ha hatt høg fart.
Båten i fart skal ha hatt ungdommar ombord, fleire av dei under 18 år.
– Det er mange under 18 år og foreldra er varsla, opplyser operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes i politiet.
Ho seier det ikkje er mistanke om promillekøyring.
Båten dei skal ha kollidert med, skal ha ligge i ro. I den båten skal det ha vore familiefolk, vaksne og barn, tli saman seks personar.
Det er meldt om at ein av båtane tek inn vatn.
Personane skal ha kome seg på land.
Ambulanse på veg
Redningsskøyta, politibåten og Kystvakta rykte raskt ut, melde NRK sin reporter på staden.
Holst-Dyrnes i politiet stadfestar at også ambulanse blei sendt ut og at Hovudredningssentralen var varsla.
– Ingen skal vere hardt skadd, men det er nokre som har fått seg ein kakk, seier ho.
I ettertid ser det ikkje ut for at nokon blir sendt til sjukehus etter kollisjonen.
Mange båtar på sjøen
Det har vore hundrevis av båtar i området i samband med tenninga av det 35 meter høge Slinningsbålet like unna.
Dei begynte å samle seg i god tid før klokka 21. Like før midnatt gjekk det i bakken, og dei fleste av båtane trekte seg då unna.
I etterkant av dette skal kollisjonen ha skjedd.