Maskert og valdeleg innbrot i ein bustad i Fana i Bergen: Plenen, grusvegen og grunnmuren til det aktuelle huset.
VALDELEG INNBROT: Ei kvinne og ein mann vart skadde då to maskerte personar kom seg inn i huset laurdag kveld. Foto: Leif Rune Løland / NRK

Politiet rykte seint laurdag kveld ut til ein privatbustad i Fana etter melding om ei valdshending.

To personar som var maskerte med bøff og kaps hadde oppsøkt bebuarane i bustaden.

Ein av personane skal ha slått til ei kvinne i ansiktet og tatt kvelartak på ein mann, melde Vest politidistrikt i natt.

Dei to personane forsvann deretter frå staden. Politiet har søkt etter dei, men utan resultat.

– Det var eit ektepar som vart utsette for vald i eigen heim. I tillegg var det to vaksne barn i huset, seier jourhavande politiadvokat Margrete Degvold-Jonstad.

Ambulansen har sjekka dei to fornærma. Det er oppretta sak på kroppsskade, skreiv politiet klokka 01.43.

Sidan saka er under etterforsking, ønsker politiet søndag ikkje å seie noko om mogleg motiv eller kva dei to fornærma har forklart i avhøyr. Også to naboar er avhøyrde som vitne.

– Vi jobbar vidare med saka i kveld og i morgon. Vi har spor å gå etter og jobbar med fleire vitneavhøyr, seier politiadvokaten.

Trudde det var pågåande livstrugande vald

To personar i det aktuelle nabolaget seier til NRK at dei har fått forklart at to maskerte menn tok seg inn via ei kjellardør og banka på inn til husværet.

– Dei skadde er på Haukeland (universitetssjukehus), opplyser vedkommande.

Maskert og valdeleg innbrot i ein bustad i Fana i Bergen: Ytre kjellartrapp i det aktuelle huset.
Dei maskerte personane skal ha kome seg inn via kjellartrappa. Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ein annan nabo fortel at han vart merksam på at noko hadde skjedd då han rundt midnatt høyrde ei drone.

– Då vi gjekk ut, såg vi ein ambulanse og tre politibilar parkert utanfor, og fleire sivile bilar, og høyrde at det vart leita i terrenget.

Han seier politiet ikkje gjekk rundt for å informere naboane.

– Når det var eit så stort oppbod av naudetatane, tenkte eg først det kunne vere snakk om «plivo», seier mannen til NRK.

Dette er forkortinga av omgrepet «pågåande livstrugande vald» – ei nasjonal prosedyre for korleis naudetatane skal opptre og samvirke i farlege situasjonar.

Maskert og valdeleg innbrot i ein bustad i Fana i Bergen: Ryggen til ein person som står på bilvegen ved det aktuelle huset.
Ein mann i nabolaget trudde det gjekk føre seg livstrugande vald då han såg alle bilane til naudetatane. Foto: Leif Rune Løland / NRK

Nabo såg to som sprang vekk

Naboen opplevde likevel ikkje situasjonen som veldig ubehageleg.

– Det var tydeleg at dei søkte etter nokon. Eg trudde kanskje det var ein skadd.

– I ettertid syns eg det er litt rart at vi ikkje vart bedne om å halde oss inne.

Ifølge naboen vart dronesøket avslutta litt før klokka 1 i natt.

Hendinga skjedde i eit ganske landleg område, med spreidd busetnad.

Ein annan nabo seier til BA at han oppdaga to personar som kom springande i mørket då han var på veg ut porten for å lufte hunden.

– Det var ein som «trynte». Dei småsprang og lo, og så gjekk dei inn i ein bil som sto i krysset like ved her. Eg tenkte det var ungdommar på veg til fest, seier han til avisa.

Etter at han hadde gått tur med hunden, kom politiet og banka på.