Bilder fra utsiden av Ålesund tinghus hvor Frostating lagmannsrett og Sunnmøre tingrett holder til i Ålesund sentrum.
SUNNMØRE TINGRETT: Det er sett av seks dagar til rettssaka. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

I mars i år skal ein mann ha blitt utsett for grov valdtekt og grov kroppsskade på ein brakkerigg ved Ulstein verft på Sunnmøre.

To menn i 30- og 40-åra er tiltalte for handlinga, og no må dei forklare seg i Sunnmøre tingrett.

Alle dei tre jobba i lag på verftet, men var innleigd via eit anna firma.

– Som følge av at han fekk sjukehusbehandling klarte ein å redde livet hans. I verste fall kunne det ha gått heilt gale, fortel statsadvokat Inger Myklebust.

Det er Statsadvokatane i Vest som har tatt ut tiltalen mot dei to mennene. Det er sett av seks dagar til rettssaka i Sunnmøre tingrett.

Kvinne i rettssalskjole ser bort fra kamera. Hun står i et rettslokale. Bak henne er det et paneldekt rom. Bildet er tatt fra brystet og opp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Inger Myklebust fortel at valdssaker ikkje er uvanleg, men at denne er svært grov. Foto: Remi Sagen / NRK

Livstruande skadd

Fornærma blei så alvorleg skadd i hendinga at han vart innlagt på sjukehus i ein lengre periode. Det tok derfor fleire veker før politiet kunne avhøyre han.

Dei to mennene skal ha brukt ein gjenstand til å valdta fornærma, og fordi han var medvitslaus skal han ha vore ute av stand til å motsette seg handlinga.

Dei tiltalte skal også ha slått, sparka, trampa og hoppa på kroppen og hovudet hans.

Som følgje av dette skal han ha fått fleire alvorlege skader, mellom anna:

Hjernebløding, skadar i hjernen, brot i brystbeinet, ribbeinsbrot, brot i nasen og skadar i øyregang og trommehinne.

Dei to tiltalte skal ha flytta fornærma frå fellesarealet på brakkeriggen og inn på rommet hans.

Der skal han ha blitt liggande sterkt skadd og medvitslaus, utan at nødvendig helsehjelp blei kontakta. Dei er derfor tiltalt for å ha etterlate nokon i hjelpelaus tilstand.

Som følgje av valden skal fornærma ha hatt behov for rehabilitering og lengre opphald på sjukehus. Nokre av skadane han fekk skal vere permanente.

Strafferamma for det alvorlegaste forholdet er 21 år i fengsel.

Erkjenner straffskuld

Dei tiltalte har vore varetektsfengsla sidan mars. Mannen i 30-åra har samtykka til dette, medan mannen i 40-åra har ikkje samtykka.

Lukasz Pawel Niedzielski er forsvarar til mannen i 30-åra. Han fortel at klienten hans ser fram til å legge dette bak seg.

– Min klient har lagt alle korta på bordet og ønsker å ta ansvar for det som har skjedd. Men han har også veldig lyst til å fortelje si side av historia og korleis det blei som det blei.

Vidare fortel han at mannen i 30-åra erkjenner straffskuld for det som kjem fram i tiltalen.

En mann i dress og beige frakk står i en korridor. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Lukasz Pawel Niedzielski representerer mannen i 30-åra. Foto: Adrian Nyhammer Olsen

Mannen i 40-åra er representert av forsvarar Sjur Engelsen Lange. Han fortel at klienten hans ikkje erkjenner straffskuld.

– Han ser fram til å få dette spørsmålet opp i retten, seier advokaten.

En mann i rettsklær står i et rettslokale. Han har skjegg og er barbert på hodet. Mannen er kledd i svart kappe over hvit skjorte og grønt slips. Han har en hånd på brystet. Bak ham står et bord med klær og hodetelefoner. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Sjur Engelsen Lange representerer mannen i 40-åra. Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Sterkt prega

For fornærma skal valdshendinga ha fått store konsekvensar i ettertid. Det fortel bistandsadvokat Kaja Sawczuk.

– Fornærma er sterkt prega av heile hendinga og heile situasjonen. Saka har hatt veldig store konsekvensar for han, og det er jo både fysiske og psykiske konsekvensar.

Ho fortel at mannen er ute av stand til å arbeide som følge av valdshendinga, og at han har fått varige skadar.

– Han gruar seg sterkt, men er likevel glad for at vi byrjar å nærma og slutten på denne saka.

Fornærma skal ikkje vere til stades i retten, men forklarer seg gjennom eit tilrettelagt avhøyr og via videolenke.

– Det er av omsyn til hans fysiske og psykiske helse, forklarer bistandsadvokaten.

Fleire vitne

Gjennom rettssaka skal det bli lagt fram ulike former for bevis som aktoratet meiner peiker på at dei to tiltalte har utført valdsutøvinga.

– Påtalemakta vil føre bevis i form av vitneforklaringar, men også ein del digitale bevis som filmopptak og bildemateriale, fortel Myklebust.

Vitnelista er lang, og det er fleire personar som skal ha sett eller høyrd delar av valdshendinga og valdtekta. Nokre av desse skal også ha tatt bilete.

Andre vitne var saman med partane i forkant av angrepet.

Bilder fra utsiden av Ålesund tinghus hvor Frostating lagmannsrett og Sunnmøre tingrett holder til i Ålesund sentrum.
Saka skal gå i Sunnmøre tingrett. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Rus involvert

Den grove valdshendinga og valdtekta skjedde på ein av brakkene ved Ulstein Verft i Ulsteinvik.

Statsadvokat Inger Myklebust fortel at det var rus involvert i forkant av valdshendinga.

Men fungerande sikkerheitssjef ved verftet fortel at det ikkje er lov å drikke alkohol i fellesareala.

– Vi har eit regelverk der det ikkje er tillate å nyte alkohol eller opptre rusa i fellesareala i brakkene, fortel Leif Arne Mork.

Han fortel at verftet sette i gang tiltak, blant anna auka vakthaldet i tida etter valdshendinga skjedde. Nokre av tiltaka er no trappa ned.

– Etter rettssaka skal vi evaluere kva som har komme fram og sjå om det er noko vi kan ta lærdom av.