Ålesund tinghus i Ålesund sentrum hvor Frostating lagmannsrett og Sunnmøre tingrett er plassert.
RETTSSAK: Saka skal opp i Sunnmøre tingrett i midten av oktober. Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

SISTE: Saka er oppdatert 11/9 med ein kommentar frå fornærma sin advokat.

Det var i mars i år at dei to mennene i 30- og 40-åra skal ha angripe den fornærma på ein brakkerigg i Ulstein kommune.

Dei to er tiltalte for å ha utsett ein mann for grov valdtekt og grov kroppsskade, eller å ha medverka til dette.

Det er statsadvokaten i Vest som har tatt ut tiltalen. Statsadvokat Inger Myklebust seier saka er svært alvorleg. Strafferamma for det mest alvorlege forholdet er på 21 år.

– Det er snakk om svært grov vald og eit grovt seksuelt overgrep, med alvorlege konsekvensar. Tiltalen er svært grov.

en person i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
Statsadvokat Inger Myklebust seier at det er ei alvorleg sak. Foto: NRK

Alvorlege skadar

Den fornærma i saka blei alvorleg skadd i hendinga og var innlagt på sjukehus i ein lengre periode.

Det tok derfor fleire veker før politiet kunne avhøyre vedkomande.

Dei to mennene i 30- og 40-åra skal ifølge tiltalen ha brukt ein gjenstand for å valdta fornærma.

– Dette skal ha ført til skadar, som utan behandling kunne ha vore livstrugande, står det i tiltalen.

Mannen skal ha vore ute av stand til å motsette seg handlinga fordi han var bevisstlaus.

Vidare står det at dei to mennene også skal ha slått og sparka, hoppa/trampa på kroppen og hovudet til fornærma.

Dette skal ha ført til at mannen mellom anna fekk hjernebløding, skadar i hjernen, brot i brystbeinet, ribbeinsbrot, brot i nasen og skadar på øyregang og trommehinna.

Som følge av skadane skal fornærma ha vore under langvarig sjukehusbehandling og rehabilitering, går det fram av tiltalen.

Sunnmøre tingrett
Det er sett av fem dagar til rettssaka i Sunnmøre tingrett. Foto: Remi Sagen / NRK

Skal ha blitt forlaten i hjelpelaus tilstand

Dei to mennene er også tiltalte for å ha forlate fornærma då han var i hjelpelaus tilstand.

I tiltalen står det at dei to skal ha flytta fornærma frå fellesarealet på brakkeriggen og inn på rommet hans.

Der skal han ha blitt liggande sterkt skadd og bevisstlaus, utan at nødvendig helsehjelp blei kontakta.

Ifølge tiltalen skal angrepet ha halde på i rundt ein halvtime.

– Det som er beskrive i tiltalen, er det vi meiner fornærma har blitt utsett for. Og så seier vi ikkje nødvendigvis at begge har gjort alt, men du blir også straffeansvarleg om du medverkar til noko. Men vi meiner begge er strafferettsleg ansvarlege, seier statsadvokat Myklebust.

– Stor belastning

Kaja Sawczuk, som er advokaten til den fornærma mannen, seier at saka har vore og framleis er ei stor belasting for mannen.

– Hendinga har fått alvorlege konsekvensar for hans psykiske og fysiske helse, og han er framleis under behandling, seier Sawczuk.

Ho seier vidare at hennar klient først og fremst ønskjer ro rundt sin eiga situasjon og moglegheit til å konsentrere seg om eiga helse og vidare behandling.

– Han har tillit til rettsprosessen og håper at saka vil få ei grundig og rettferdig behandling. Av omsyn til min klient og den komande rettssaka ønsker vi på noverande tidspunkt ikkje å kommentere saka nærmare.

– Ingen kommentar

Lukasz Pawel Niedzielski er advokaten til den tiltalte mannen i 30-åra.

Han seier at dei ikkje vil kommentere tiltalen på dette tidspunktet.

Advokat Lukasz Pawel Niedzielski
Advokat Lukasz Pawel Niedzielski. Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Advokat Sjur Engelsen Lange representerer den tiltalte mannen i 40-åra.

Han har førebels ikkje fått snakka med sin klient om tiltalen.

– Men i alle fengslingsmøta har han nekta straffskuld for det han har vore sikta for, så vi kan legge til grunn at det også gjeld for tiltalen, seier han.

Dei to mennene er no tiltalte for dei same lovbrota som dei var sikta for.

Sjur Engelsen Lange
Sjur Engelsen Lange er advokaten til den tiltalte mannen i 40-åra. Han fortel at hans kleint heile tida har nekta straffskuld. Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Dei tiltalte har sete varetektsfengsla sidan mars og fengslingane har blitt forlenga ei rekke gonger.

Retten har meint at det er fare for at dei to kunne forlate landet dersom dei blir sleppte fri.

Bistandsadvokaten til den fornærma seier ho skal snakke med sin klient fredag.

Rettssak i oktober

Det er Møre og Romsdal politidistrikt som har etterforska saka.

Dei har sikra ei rekke spor og gjennomført fleire avhøyr i saka.

– Det er personar som har fått med seg at det har skjedd noko denne natta, har politiadvokat Kirsti Hammerø tidlegare sagt til NRK.

Rettssaka blir i Sunnmøre tingrett i midten av oktober. Det er sett av fem dagar til saka.