Aktor Inger Myklebust har lagt ned påstand om fengsel i 10 år for ein mann i 30-åra og i seks år i fengsel for ein mann i 40-åra.
Dei er tiltalte for å ha utsett ein mannleg kollega for grov kroppsskade, valdtekt med ein gjenstand og for å ha forlate han i hjelpelaus tilstand.
Dette skal ha skjedd på ein brakkerigg ved Ulstein verft i mars.
– Livet tok ei ny vending
Aktor meiner at den tiltalte i 30-åra har hatt størst rolle, men at mannen i 40-åra har medverka til deler av valden.
– Det er snakk om ekstrem vald, og også valdtekt. Det er skjerpande og sadistisk. Det er tilfeldig at fornærma lever når dette er overstått, sa aktor under prosedyren sin.
Ho meiner også at mannen i 40-åra kan straffast for valdtekta fordi han ifølge påtalemakta ikkje greip inn.
– Han hadde orkesterplass, hevda Myklebust.
Fornærma blei alvorleg skadd i hendinga og skal også ha fått varige skader som følge av valden.
– For fornærma tok livet ei heilt ny vending natt til 15. mars i år. Legane berga livet hans, men livet har på mange måtar ikkje kome tilbake, sa aktor under prosedyren sin.
Reagerte med tårer
Mannen i 30-åra har erkjent straffskuld etter tiltalen, mannen i 40 har nekta.
Den tiltalte i 30-åra tok til tårene og blei tydeleg prega då aktor la ned påstanden om straff.
Han fekk noko strafferabatt for å ha tilstått.
Dei andre partane i saka har ikkje hatt sine prosedyrar endå.
Festa ilag i forkant
Det var i mars at fleire kollegaer var samla på brakkeriggen i Ulstein og drakk alkohol.
I retten hevda tiltalte i 30-åra at det oppstod ein konfrontasjon mellom han og fornærma, etter at vedkomande skal ha kalla han eit seksuelt nedsettande ord.
Mannen tolka det som at kollegaen visste at han hadde sona i heimlandet, då det skal ha vore eit uttrykk som blir brukt i fengsel.
– Det er den verste fornærminga ein kan bruke, har tiltalte forklart.
Mannen hevda han prøvde å roe ned situasjonen, men at fornærma skal ha yppa både verbalt og fysisk. På eit tidspunkt gav tiltalte han eit slag.
Ifølge tiltalte skal dei seinare ha ordna opp. Saman med andre reiste dei så på byen.
Ville håne kollegaen
Då dei på natta kom tilbake til brakkeriggen oppstod det ein slåstkamp.
Mannen i 30-åra hevdar fornærma gjekk til angrep idet han skulle låse seg inn på rommet sitt, og at han i første omgang forsvarte seg.
I gangen skal fornærma ha blitt utsett for slag og spark. Han skal også ha blitt valdtatt med ein gjenstand.
Tiltalte i 30-åra har sagt at han var svært full og at det er mykje han ikkje hugsar. Likevel har han tatt på seg ansvaret for hendinga.
Samtidig har han nekta for at valdtekta var gjort med hensikt.
Mannen har sagt at han putta ein gjenstand mellom beina på kollegaen for å håne han, og at det var på grunn av det nedsettande ordet fornærma skal ha brukt tidlegare på kvelden.
– Eg må leve med det eg har gjort resten av livet. Eg skammar meg og angrar bittert.
Den tiltalte i 40-åra har nektar for å ha vore involvert, men at han kan ha vore til stades under deler av hendinga.
Mellom anna blei det funne ein rekke digitale bevis på telefonen til den medtiltalte som knyter mannen til åstaden.
Det finst også bilde, video og lydmeldingar frå deler av hendinga.
Låg skadd i timevis
Fleire personar skal ha vore vitne til deler av hendinga.
Likevel blei ikkje naudetatane kontakta før neste dag.
På eit tidspunkt skal dei to tiltalte ha flytta fornærma inn på rommet hans.
Den tiltalte i 30-åra har hevda at han ville ha kontakta naudetatane om han visste kor skadd kollegaen var.
Dei tiltalte skal også ha vaska vekk blod frå gangen.
Mannen i 30-åra forklarte at dette blei gjort fordi han var redd at alle tre kom til å miste jobben dersom valdshendinga blei oppdaga.
Livstruande skader
I retten har sakkunnige gått gjennom skadane fornærma fekk.
Dei peika på at mannen fekk alvorlege skader i valdshendinga, både fysiske og psykiske. Mellom anna fekk han skadar i hjernen.
Han skal også ha fått fleire skader som potensielt kunne ha vore livstrugande, om han ikkje hadde fått medisinsk behandling.
Skadane var i samsvar med slag, men også spark og trakk.
Dei sakkunnige meiner også at mannen har fått ei invaliditetsgrad som følge av valden.
Fornærma sin bistandsadvokat, Kaja Sawczuk, har lagt ned fleire krav om erstatning og oppreising for mannen.
Totalt er det snakk om krav på 3,5 million fordelt på dei tiltalte, seier ho til NRK.
Hugsar ingenting
Den fornærma har forklart at han ikkje hugsar valdshendinga eller kva som skjedde i forkant.
Samtidig kjende han ikkje til at det skal ha vore nokon konfliktar eller andre problem mellom han og dei tiltalte.
Ektefelle til tiltalt: – Det er det verste natta i mitt liv