Bilulykke Lærdal
Foto: privat

Politiet melde like før kl. 18 at begge dei to i bilen omkom. Begge var busette i utlandet.

Dei pårørande er ikkje varsla. Varslinga skjer gjennom Kripos, og politiet opplyser at det kan ta tid.

Ulukka skjedde ved E16 i Lærdal. Vegen blei stengd i ein periode etter ulukka.

Huset er eit feriehus, og ingen var i bygget.

Bilen blei dradd ut av husveggen, og naudetatane var på staden.

– Dei blir betegna som alvorleg skada. Hjarte- og lungeredning går føre seg på staden, sa operasjonsleiar Ole Ronny Olsen i politiet til NRK tidlegare i ettermiddag.

Årsaka til ulykka er ikkje kjend. Politiet meldte om hendinga klokka 15.13.

Ifølge Sogn Avis var fleire luftambulansar på veg til staden.

Klokka 17:36 melde politiet at eitt køyrefelt er opna, og at det var manuell dirigering på staden.