Fleire i lokalbefolkinga i Laukvik møtte opp for å stoppe dei to turistane som er sikta for fleire brannar
Turistane påstod dei var på fisketur utan fiskestong då sambygdingar (bildet) omringa dei i skogen. No må dei to tyske turistane reise tilbake til Lofoten – tiltalt for å ha sett menneskeliv i fare og svidd av tørrfisk for ein million. Foto: NRK Tipsar

I fjor sommar vart Lofoten skaka av fleire mystiske brannar. I løpet av ni dagar var det fem branntilløp og brannar i den vesle bygda Laukvik i Vågan heilt aust i Lofoten.

Natt til laurdag 5. juli stod fleire titals fiskekar med tørka fiskehovud i full fyr ved Saga Fisk.

Tre dagar seinare brann det i bårekapellet på kyrkjegarden. Fire dagar etter der igjen var det ein brann i eit vedskjul like ved et bustadhus.

Allereie etter den første brannen begynte lokalbefolkninga i Laukvik å ane ugler i mosen.

Etter kvart som brannane oppstod, starta innbyggarane å følge med på to unge turistar, som dei meinte oppførte seg mistenkeleg.

På ei Facebook-gruppe skildra dei kor turistane var til ei kvar tid, anten det var ved den lokale butikken eller gjekk forbi bustadar.

To tyske menn er tiltalt for i alt fem tilfeller av brannstiftelse i bygda Laukvik på Austvågøy i Vågan kommune i Lofoten
Natt til laurdag 5. juli stod fleire titals fiskekar med tørka fiskehovud i full fyr ved Saga Fisk. Brannen førte til skadar for over ein million kroner. Foto: Vågan brannvesen / Handout / NTB

Ein dag hadde nokon sett turistane i marka, og då det blei meldt om enda ein brann der, slo lokalbefolkninga til.

– Innan fire minutt var vi over 30 personar her. Turistane hevda dei hadde vore på fisketur oppe i skogen. Men det er ikkje noko fiskevatn her, og dei hadde heller ikkje med seg fiskeutstyr, sa Are Rystad på vegner av den lokale styrken.

Brann like med flere trestativ
Her brenn det i fleire titals fiskekar med tørka fiskehovud i Laukvika. Ifølge Saga Fisk gjekk rundt 12 tonn med torskehovud opp i røyk natt til laurdag 5. juli. Foto: Nordland Politidistrikt

Dei hindra turistane i å stikke av heilt til politiet kom til staden.

Etter at de to tyske mennene i starten av 20-åra blei pågripne av politiet sat dei nokre veker i varetekt, før dei vart lauslatne og kunne reise tilbake til Tyskland.

No må dei to tyske turistane reise tilbake til Lofoten – tiltalt for å ha sett menneskeliv i fare og svidd av tørrfisk for ein million.

– Alvorleg sak

Etter planen må dei også møte i retten, når rettssaka startar 10. august.

Etter lova har den som er tiltalt plikt til å møte i retten, med mindre man har fått særskilt løyve til å la vere.

– Ja, planen er at begge dei to skal møte fysisk i tingretten her i Svolvær. Og påtalemakta har inga grunn til å trudde at dei ikkje kjem til å møte.

Det seier politiadvokat Emilie Kaels Kalleberg i Nordland politidistrikt.

De to turistane i 20-åra risikerer fleire år i fengsel.

– Det er ei alvorleg sak i den forstand at det er snakk om fleire eldspåsetjingar over eit relativt kort tidsrom.

Tiltalt etter «mordbrannparagrafen»

Dei to tiltalte er begge tiltalt for grovt skadeverk og for brot på brannvernlova.

Men for ein av dei tiltalte er saka langt meir alvorleg. Han er tiltalt for den såkalla «mordbrannparagrafen», Straffeloven § 355, som har ei strafferamme på to til 15 år i fengsel.

Ifølgje tiltalen tente han på ein eller fleire tennposar i eit vedskjul ved ein bustad.

«To personar oppheldt seg i bustaden, og ein eller båe personar ville lett kunne ha omkome dersom brannen ikkje vart oppdaga i tide», står det i tiltalen.

Erkjenner delvis skuld

Mannen sin forsvarar, Patrick Lundevall-Unger, seier til NRK at klienten hans ikkje erkjenner straffskyld for dei mest alvorlege tiltalepunkta – som handlar om å ha sat menneskeliv i fare og fare for stor skade på bustadhuset.

– Han erkjenner berre delvis skyld, ikkje dei grovaste forholda i tiltalen, seier Lundevall-Unger.

Brannskada kapell på kirkegården i Laukvik i Lofoten
7. juli i fjor brann det i bårekapellet ved kyrkjegarden i Laukvik. Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Politiadvokat Emilie Kaels Kalleberg seier til NRK at lokalbefolkninga fortener ros.

– Engasjementet deira i denne saka bidrog til at politiet klarte å identifisere dei som no står som tiltalte.

Det er sett av fem dagar til rettssaka i Salten og Lofoten tingrett. Til saman skal dei to tiltalte forklara seg om fem branntilløp.

Store beholdere med tørrfisk er brent ned til grunnen. I bakgrunnen står tørrfiskhjeller.
Dei to tiltalte skal ifølgje tiltalen ha stått bak fem branntillaup på få dagar i Lofoten i fjor sommar. Foto: Saga Fisk