Måndag morgon vil totalt 72 lokomotivførarar vere ute i streik.
Opptrappinga skjer etter at Norsk Lokomotivførerforbund måndag førre veke varsla at dei ville trappe opp streiken med 26 lokomotivførarar til.
Streiken vil få store konsekvensar for togtrafikken på Austlandet, med enkelte strekningar anten heilt eller delvis utan togtilbod dei neste dagane.
I løpet av helga har det ikkje vore ny kontakt mellom partane, opplyste Norsk Lokomotivførerforbund (NLF) og Spekter til NRK søndag ettermiddag
– Me trappar som kjent opp i morgon, skreiv Rolf Ringdal, leiar i Norsk Lokomotivførerforbund.
Det er heller ikkje planlagt for nye møte mellom partane, opplyser arbeidsgivarorganisasjonen Spekter.
Ikkje kontakt mellom partane
– Det er ingen ny kontakt mellom partane, og det er ikkje avtalt noko nytt møte, seier kommunikasjonsdirektør Tonje Sagstuen i Spekter måndag.
Vidare beklagar Spekter på det sterkaste at fleire reisande blir ramma av streiken. Ho seier Spekter alltid vil jobbe for å få avslutta ein streik.
Er dykk villige til å gi eit nytt og betre tilbod for å avslutte streiken?
– Spekter har spelt over et tilbod for ei veke sidan som vi foreløpig ikkje har fått skriftleg svar på. Der opplever vi å ha møtt krava frå NLF, så nå ligg ballen heilt tydeleg hos dei.
Rolf Ringdal i NLF seier til NTB at det ikkje har hatt noko kontakt sidan 27. september.
Han legg til at det heller ikkje er avtalt eit nytt møte mellom partane per nå.
Kan bli fleire permitteringar
Vy kan bli nøydd til å vurdere fleire permitteringar som følgje av togstreiken, opplyser kommunikasjonsdirektør Elin Myrmel-Johansen.
– No gjer vi det vi kan for å halde konduktørane i arbeid, mellom anna med kurs og andre kompetansehevande aktivitetar, seier ho til NRK.
– Når det ikkje lenger er relevante arbeidsoppgåver att, må vi dessverre vurdere permitteringar også her.
Ho presiserer at eventuelle permitteringar alltid blir drøfta med tillitsvalde.
Førre tysdag vart fleire konduktørar på Hamar og Lillehammer permitterte på grunn av togstreiken.
– Vårt einaste kampvåpen
Når streiken no blir trappa opp, vil dette gå verst utover dei reisande på Kongsvingerbana mellom Asker og Kongsvinger, der passasjerane til no har vore lite ramma.
Måndag vil heile 40 av 42 avgangar på denne strekninga bli innstilte, medan alle dei 42 avgangane blir innstilte tysdag og onsdag.
– No har vi vore i streik i to og ei halv veke. Sidan det ikkje har kome eit forslag vi kan akseptere, er det naturleg at vi trappar opp.
Det seier Henning Heranger, klubbleiar i Lokomotivpersonalets Forening Oslo.
Måndag morgon er han ein av dei som står på Kongsvinger stasjon for å passe på at det ikkje går noko tog.
– Vi lever for å frakte passasjerane kvar einaste dag, og synest det er synd at det går ut over dei reisande. Men no er streik det einaste kampvåpenet vi har, og da råkar det dessverre ein tredjepart, seier Heranger.
Heranger understrekar at dei krev lik lønn for likt arbeid, og vil vere trygge på at ingen går ned i lønn når Vy og Flytoget slår seg saman.
– Dersom eg og ein flytogførar skal køyre frå Oslo til Moss klokka 12.21, meiner vi det er rett at begge to skal ha same betaling, seier klubbleiaren.
To avgangar på tre dagar
Frå før har togstreiken særleg ramma reisande mellom Lillehammer og Drammen, der meir enn 6 av 10 avgangar har vore innstilte i fleire dagar.
I alt vil 193 togavgangar bli innstilte måndag. I tillegg til Kongsvingerbana vil streiken også ramme linje RE10 mellom Drammen og Lillehammer hardt, noko han også vil gjere tysdag og onsdag.
Tysdag og onsdag vil talet på innstillingar omfatte høvesvis 241 og 239 avgangar. Tysdag vil også dei reisande på R23 mellom Oslo S og Ski merke streiken godt, når Vy innstiller nær 6 av 10 avgangar.
Onsdag vil derimot bli dagen då linje L1 mellom Spikkestad og Lillestrøm, i tillegg til R13 mellom Drammen og Dal, vil merke streiken godt.
Rettane dine
Sjølv om ei rekkje avgangar har blitt innstilte, har Vy ikkje sett opp buss for tog. Det blir heller ikkje tilbode taxi eller fly som alternativ transport.
Reisande kan likevel sjølv velje alternativ transport og då få dekt utgifter til samanliknbar kollektivtrafikk, som rutebuss, tog og T-bane. Utgifter til taxi og fly blir ikkje dekte, opplyser Vy.
Reisande vil få billetten sin refundert uansett billettype. Dei med fleksibel og refunderbar billett kan sjølv endre til andre avgangar eller få full refusjon, medan dei med ikkje-refunderbar billett må søke refusjon frå Vy. Reisande har også rett på refusjon for delar av billettprisen ved forseinking, også dersom ein har periodebillett.
Dersom ein allereie er på ei påbyrja reise, vil ein kunne få dekt nødvendige hotellutgifter i opptil tre netter, opplyser Vy.
Tilsette permitterte
Som følgje av togstreiken, som har vart sidan 18. september, har fleire tusen togreisande blitt ramma.
Bakgrunnen for konflikten er at lokførarane i Vy krev same lønn som tilsette på Flytoget etter at dei to selskapa blei slått saman. I tillegg har Norsk Lokomotivførerforbund ønskt føreseieleg arbeidstid for medlemmane sine.
Dette har ikkje arbeidsgivar Vy ønskt å gå med på.
Sjølv om Spekter og Vy i slutten av september kom med eit nytt tilbod til LO og Norsk Lokomotivførerforbund, har streiken halde fram. Vy tilbaud då å flytta pengar frå ulike tillegg over til sjølve grunnlønna, slik at tilsette i Vy og Flytoget fekk like høg grunnlønn. Tilbodet vart avvist av Norsk Lokomotivførerforbund.
Onsdag førre veke blei alle dei 13 konduktørane på Hamar og 13 av 25 konduktørar på Lillehammer permitterte. Les også Mer enn halvannet år forsinket: Nå er de nye togene her