Figgjo porselensfabrikk sjekker en medarbeider tallerknene
TOLLSTRID: Norske verksemder opplever situasjonen som uføreseieleg. Foto: Figgjo porselensfabrikk / NRK

På Figgjo porselensfabrikk sjekkar maskinane at servise som blir selt både til Noreg og andre land er heile og fine.

Men i bakgrunnen lurer truslar frå USAs president om ein auka toll på 12,5 prosent for å få selt varene til USA. Noreg er blant dei 60 landa i Europa som har fått beskjed om ein auka toll på 10 – 12,5 prosent.

Grunnen er at Trump-administrasjonen meiner landa ikkje arbeider hardt nok for å hindre tvangsarbeid.

No skal amerikansk høgsterett vurdere saka.

Dame som står foran tallerkener på Figgjo porselensfabrikk
Administrerande direktør på Figgjo AS, Anne Kristine Rugland Tullin seier dei er usikre på kva som skjer. Foto: Figgjo Norway / Figgjo Norway

Administrerande direktør på Figgjo AS, Anne Kristine Rugland Tullin, seier dei opplever situasjonen som uføreseieleg.

– Salet vårt i USA har vore eit satsingsområde dei siste åra. Og det har gått ganske mykje ned i år samanlikna med kor vi var i fjor. Det trur eg heng saman med uroa, truslane og uføreseielegheita for å kunne ta inn varer frå Europa og Noreg til USA.

Også Dagens Næringsliv har skrevet om utfordringane for Figgjo AS.

Sjǿmat Norge har tidlegare sagt til NRK at auka importtoll i USA er alvorleg for norsk sjǿmatnæring.

Meiner Trump taper tollstriden

EUs utanrikssjef Kaja Kallas har tidlegare sagt at auka toll på varer med grunngjeving i at landa ikkje gjer nok for å hindre tvangsarbeid er grunnlause påstandar.

Ho får støtte frå seniorøkonom Alex Durante i den uavhengige forskingsorganisasjonen Text Foundation.

Mann med gult slips og blå dressjakke ser i kamera
Seniorøkonom Alex Durante i den uavhengige forskingsorganisasjonen Text Foundation meiner Trump taper i retten. Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Han trur Trump-administrasjonen kjem til å tape i Høgsterett.

Han meiner dei ikkje har god nok dokumentasjon på at det skjer tvangsarbeid, og at definisjonen på tvangsarbeid er altfor vid.

– Sjølv om administrasjonen seier dei har undersøkt dette, så gjekk det enormt raskt.

Han meiner dei ikkje har dokumentasjon på tvangsarbeid og at rapporten ikkje har eksempel på dette.

– Fordi heile rapporten verkar svært lite målretta, er definisjonen deira på tvangsarbeid altfor vid, og dei kjem ikkje med nokon eksempel på kva dei faktisk legg i tvangsarbeid – og dermed kan dei ikkje vise at dette faktisk skjer i dei landa som er utsette for toll, seier den amerikanske økonomen.

Krev utanriksministeren på banen

Høgre-leiaren sa i politisk kvarter onsdag at utanriksministeren må enno tydelegare på banen i denne saka.

studio
Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) meiner dei har reagert ekstremt raskt. Foto: Tom Balgaard / NRK

Utanriksminister Espen Barth Eide seier dei skal møte næringslivet onsdag føremiddag.

– Vi skal møte både leiande representantar for sjømatnæringa og for NHO og Norsk Industri, partane i arbeidslivet, og ei rekkje andre aktørar. Nettopp for å både diskutere situasjonen, snakke om alvoret i den og sjå kva vi kan gjere. Det er både kva vi kan gjere opp mot USA, men sjølvsagt òg opp mot andre marknader.

studio
Høgre-leiaren Ine Eriksen Søreide meiner utanriksministeren er for seint på banen. Foto: Tom Balgaard / NRK

Høgre-leiar Ine Eriksen Søreide meiner regjeringa skulle reagert raskare.

– Uføreseielegheita i denne saka rammar òg alle andre land. Likevel er det Noreg som kvar gong kjem tapande ut. Vi får høgare toll enn EU. Vi får situasjonar der vi då vert ståande som eit ikkje-EU-land, på utsida og forhandla åleine. Og vi ser at innsatsen som er lagt ned, openbert ikkje har ført fram.

Barth Eide meiner dei har respondert ekstremt raskt på dette som skjedde. Han understrekar at dei samarbeider godt med næringslivet.

— Vi meiner at vi har gjort riktige val, og det er ei felles erkjenning at dette er skikkeleg vanskeleg, seier Barth Eide til NRK etter møtet.

— Det er ikkje slik at Trump-administrasjonen først og fremst er ute etter å finne sanninga, dei er ute etter å finne nye grunngivingar for det svaret dei har bestemt seg for på førehand, nemleg at det skal vere meir toll.

Forvirrande bodskap

Direktør Tullin seier både dei og kundane i USA blir forvirra av truslar om auka toll.

– Dei er litt forvirra, dei òg. Dei spør jo oss ofte kva det betyr. Vi sel selt til den same prisen, dei får berre ein dyrare importkostnad. Men dei klarer jo ikkje heilt å følgje med, dei heller, på kva som skjer. Så dei er like forvirra som oss.

Ho seier USA er eit satsingsområde for dei, men at kundane i USA kan velje dei bort på grunn av auka prisar.

– På lengre sikt kan det jo vere at nokon kundar i USA ser på dei små prosentane og heller vel produsentar i EU eller Storbritannia som har litt lågare toll.