En gruppe jublende personer i gule drakter holder pokaler og flagg. Flere av dem vinker med hendene. Bildet er tatt utendørs, med publikum i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
STJERNE: Tom Lund blir hylla for kva han gjorde for Lillestrøm. Foto: Erik Thorberg / NTB

– Har ikkje ord. Forferdeleg trist. Kva han har betydd for alle som var fotballinteresserte, seier Arne Scheie til NRK.

Scheie hyllar han som ein av Noregs største fotballspelarar gjennom tidene.

Han forklarar at fleire av dei største klubbane, på den tida, ynskja han: Bayern München, Ajax, Middlesbrough.

– Det var ikkje berre oss frå Skedsmo som meinte dette. Dette var jo heile Europa, for ikkje å seie fotballverda, som syntest Tommy var heilt fantastisk, fortel Scheie.

Også landslagssjef Ståle Solbakken hyllar Lund:

Bald mann i blå treningsjakke med sponsornavn og norsk flagg. Bakgrunnen er utydelig og lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
LANDSLAGSSJEF: Ståle Solbakken Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

– Han var eit barndomsidol saman med Kevin Keegan. Som spelar hadde han alt, og som trenar kunne han blitt like stor viss han ikkje hadde gitt seg så tidleg, seier Solbakken til NRK.

Tom Lund fekk 47 kampar på landslaget, men det er særleg innsatsen hans i heimstadklubben Lillestrøm han blir hylla for.

– Betydninga hans for LSK og staden Lillestrøm kan ikkje overdrivast, seier Solbakken.

– Han var eit naturfenomen til dei grader. Det er så vondt å leve med den beskjeden me fekk i dag, seier LSK-profil Ivar Hoff til NRK.

En statue av en fotballspiller står foran en bygning. Blomster og lys er plassert ved foten av statuen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)
HYLLA: Tom Lund har ein eigen statue utanfor Åråsen stadion i Lillestrøm. Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

«Hadde det ikkje vore for Tom Lund»

– Det er heilt utruleg kva han har betydd for Lillestrøm. Ikkje minst for fotballen, men også for byen. Han sette han på kartet så til dei grader, forklarar Hoff.

Han held fram:

Mann med baller
MÅL: Angrepsspelar Tom Lund skåra 154 mål for LSK. Foto: Ivar Aaserud / NTB

– Hadde det ikkje vore for Tom Lund, hadde ikkje LSK vore i nærleiken av dei øvste divisjonane i norsk fotball i moderne tid. Historieboka om LSK i moderne tid hadde bestått av to permar utan Tom Lund.

Lund byrja karrieren i Fram, der han spela ein sesong. Etter det var det berre Lillestrøm som gjaldt.

– Då han debuterte, var me på veg ned på nivå fire, og heldt på å rykkje ned. Då han gav seg som trenar og spelar, var me blant dei beste laga i Norden.

FREDRIKSTAD 20040418 Eliteserien FFK RBKIvar Hoff og Svein Graff. Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX FREDRIKSTAD 20040418 Eliteserien FFK RBKIvar Hoff og Svein Graff. Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX FFK RBK
Ivar Hoff har følgt Lillestrøm i over 40 år, har vore hovudtrenar i klubben og er æresmedlem. Foto: NTB scanpix

LSK heidrar Lund

– Dette er ein veldig spesiell dag. Ingen tvil om at når ein mottar ein så trist beskjed, så kjenner ein veldig på det, seier dagleg leiar i LSK, Robert Lauritsen, til NRK.

Han held fram:

– Han har betydd enormt mykje for Lillestrøm. Utan han trur eg nesten ikkje klubben hadde vore der han er i dag. Han har vore eit fantastisk menneske, både på og utanfor bane. Han er den beste spelaren i Noreg gjennom tidene, og han har forma Lillestrøm til det klubben er i dag.

Lund spelte for LSK frå 1967 til 1982. Han fortsette seinare å prege klubben som trenar i to periodar frå 1985 til 1987 og 1990 til 1991.

Tom Lund
DAGLEG LEIAR: Robert Lauritsen. Foto: Christian Breidlid / NRK

Klubben skriv på sine nettsider:

«Tom Lund er den største spelaren i historia til Lillestrøm Sportsklubb. Ingen spelar har betydd meir for Lillestrøm Sportsklubb enn Tom Lund. Med lojaliteten sin, det eineståande talentet sitt og personlegdomen sin sette han djupe spor langt utover banen – i klubben, på Romerike og i norsk fotball. Han blir også rekna som ein av dei aller beste spelarane i Noreg gjennom tidene.»

Lund skåra 154 mål på 274 kampar for dei gulkledde.

NRK møter også Tony Johansen, leiar for Kanarifansen, utanfor Åråsen. Dei er til stades for å heidre Lund.

– Han har betydd alt. Eg trur ikkje me hadde vore her i dag med dei folka bak oss og den klubben me har, utan han. Det er vanskeleg å seie kor me hadde vore, men me viser at der me er i dag, er på grunn av Tom Lund.

Mann spiller fotball
I GULT: Tom Lund spela i gult store delar av karrieren. Foto: NTB / NTB

«Eit reint paradigmeskifte i norsk fotball»

– Det er vanskeleg å forklare i dag kor god Tom Lund var. Han hadde eit steg, ein timing og ein touch som ingen andre i norsk fotballhistorie har vore i nærleiken av, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.

Lund fekk tilbod frå andre klubbar, men takka nei, trass i at LSK var i 3. divisjon.

– I tillegg hadde han ei utsøkt målteft. Hadde han vilja, hadde han blitt norsk fotballs første verdsstjerne. I staden valde han tryggleiken hjå sportsklubben heime på Romerike. Ingen enkeltspelar har betydd så mykje for ein klubb som det Tom Lund gjorde for hans elska Lillestrøm. Tom Lund var eit reint paradigmeskifte for norsk fotball. Så god var han, seier Saltvedt vidare.

– Ein av dei største

Også i sosiale medium uttrykkjer folk seg etter nyheita om Lunds bortgang kom laurdag.

– Den norske spelaren som meir enn anna viste meg skjønnheita med verdas beste idrett. Så ubegripeleg god. Og seinare ubeskriveleg smart også som trenar. Så audmjuk. Så hyggeleg. Ein av dei aller, aller største. Kvil i fred, skriv fotballekspert for Viaplay Lars Tjærnås på X.

– Ein av dei største, skriv Mini Jakobsen.