Tono gjer fleire endringar etter eit ekstraordinært krisemøte torsdag.
Bakgrunnen for krisemøtet var at stjerneprodusent Alan Walker og manager Gunnar Greve onsdag kunngjorde at dei og låtskrivarane deira melder seg ut i protest mot maktstrukturen til organisasjonen og pengefordeling.
Også andre norske musikkstjerner, som Kygo og Aurora, har forlate organisasjonen og flytta heile eller delar av musikkrettane sine til utanlandske selskap.
– Det har vore viktig for tonostyret å gjenvinne tilliten til Tono. Vi har derfor sett i verk ei rekke konkrete tiltak vi meiner vil gjere Tono sterkare, seier styreleiar Tom Hugo Hermansen etter det ekstraordinære møtet torsdag. Finansavisen skreiv om møtet først.
Nokre av tiltaka er at Tono blant anna kallar inn til ekstraordinært årsmøte 1. september.
Dei vil i tillegg «legge opp til ein meir involverande prosess» med medlemar, foreiningar og samarbeidspartnarar.
Tono har også redusert nivået på «kulturelle middel» fram til det ekstraordinære årsmøtet.
VG meldte om endringane først.
– Ei avgjerd som er endeleg
– Eg synst det er litt oppsiktsvekkjande og eg syns det er litt trist på sett og vis. Det burde vere mogleg å skape endring og få til ein fornying utan at nokon skal måtte melde seg ut, seier Gunnar Greve.
Han har ingen planar om å komme tilbake til Tono med det første, trass dei lova endringane.
– Inntil vidare er dette ei avgjerd som er endeleg, og som vi ikkje kjem til å snu på.
Vederlagsorganisasjonen Tono har den siste veka måtta tole hard kritikk for å ha eit system kritikarane meiner er utdatert og urettferdig.
– Den kritikken de har fått den siste veka, er det noko de kjenner dykk igjen i?
– Eg trur mange opplever at det er ting som kan forbetrast med Tono. Det er ein vilje til forandring og endring både i styret og administrasjonen, men ting tar ofte litt lengre tid enn ein skulle ønske, seier Hermansen.
Kritiske til pengefordelinga
Tono krev inn pengar på vegner av medlemane for bruk av musikk blant anna på radio, TV, konsertar, strøymetenester og butikkar. Desse midla blir så fordelte ut blant alle medlemane.
Konflikten handlar om korleis pengane blir fordelte, og kven som bestemmer.
– Vi ønsker at Tono skal vere relevante for alle, så vi synest det er synd at norske opphavarar vel å dra til andre, seier administrerande direktør Karl Vestli.
Vestli understrekar at alle artistar får dei pengane dei har krav på gjennom den vanlege avrekningsmodellen for framførte verk
– Dei kulturelle midla kjem på toppen, og skal koma alle opphavarar til gode. Dei pengane kjem frå lisensieringsinntektene vi har i Noreg og blir brukte for å styrka rammevilkåra for norske opphavarar.
Musikkrettsorganisasjonen utbetalte 714,8 millionar til norske og internasjonale låtskrivarar, komponistar, songtekstforfattarar og musikkforlag i 2025.