– For min del går det mest i rosiner, gjerne til grauten, seier Lars Østensen.
Han sit i ein sofa på Nord universitet saman med kompisen Eivind Engeseth og et lunsj.
– Det er frukt, og det kjem jo frå naturen. Det er naturleg at det skal vere sunt, seier Eivind Engeseth.
Men er det eigentleg eit sunnare alternativ?
Ei komprimert sanning
Det dukkar stadig opp nye produkt med tørka frukt og bær i butikkhyllene.
Ved kassa bognar det av bananskiver, dadlar, ananas og tørka mango – med og utan sjokolade.
Fersk frukt består av opptil 90 prosent vatn. Når vatnet blir fjerna, skjer det noko underleg.
Då inneheld nemleg den tørka frukta nesten like mykje energi som sukkerbitane du prøver å unngå.
Fagkonsulent i ernæring, Kristin Lundestad Førde, trur at mange ikkje veit kor mange kaloriar tørka frukt inneheld.
– Fordi ein fjernar mesteparten av vassinnhaldet, blir energimengda meir konsentrert.
Ein sit altså igjen med alle kaloriane og sukkeret, men i eit mykje mindre volum.
Ein neve druer kan innehalde 50 kaloriar. Same mengde rosiner gir meir enn fire gonger så mykje.
Blodsukker-fella
– Ein vil få ei rask blodsukkerstigning på same måte som med godteri, seier Førde.
Likevel kan innhaldet av fiber bremse blodsukkerstigninga noko.
Men ho har eit godt råd:
Namnet kan lure deg
Ifølge Mattilsynet finst det ingen eigne reglar for kva som kan bli kalla for tørka frukt kontra fruktgodteri.
Matinformasjonsregelverket krev berre at merkinga skal vere korrekt, tydeleg og ikkje villeiande.
For ferdigpakka produkt som skal seljast i butikken er det nokre reglar.
– Obligatoriske opplysningar som blant anna ingrediensliste og næringsdeklarasjon skal bli merkte, seier Lindis Folkvord.
Tilbake i Bodø har Eivind, som helst held seg til fersk frukt, snart ete opp bananen.
– Eg pleier ikkje å lese kva som står bakpå pakken, seier Lars.
Kameratane trur mange tenker at frukt er frukt.
– Eg trur kanskje dei bevisst marknadsfører det som om det er like sunt som ei vanleg frukt, seier Eivind.
Fiber og vitamin
Sjølv om tørka frukt inneheld fleire kaloriar, poengterer ernæringskonsulent Førde at ho også inneheld fiber og fleire vitamin og mineral.
– Det er sånn sett eit betre alternativ enn godteri og sjokolade, men alt med måte, ei handfull er som regel nok, seier Førde.
Likevel bør ein vere merksam på at nokre typar tørka frukt kan ha blitt tilsett sukker og olje for å auke haldbarheita.
– Det er ikkje noko problem å kose seg med litt tørka frukt eller godteri innimellom, så lenge ein har gode rutinar på kvardagskosthaldet.