– Det er deilig. Det er fint vêr, og det er godt å kome seg ut og finne på andre ting enn å sitte på skulebenken.
10. klassingen Thomas Slettedal Longva nyt sola og det fine vêret saman med kameratane på Volsdalsberga i Ålesund. Det går i ballspel og bading i sjøen.
For no opplever dei endeleg den første pusten av sommar. Dei siste dagane har vêrgudane slått til med høge temperaturar.
Den siste veka har bydd på dei varmaste dagane hittil i år. Og gutane har sjølvsagt sjekka ut badetemperaturen.
– Det var litt kaldt, men ikkje så veldig, seier Thomas.
Varmaste dagane hittil i år
Fredagens vêrvinnar blei Steinkjer i Trøndelag, med 17,7 grader, etterfølgt av Værnes og Hitra, ifølgje Meteorologisk institutt sine målestasjonar.
I Møre og Romsdal kom Åndalsnes hakk i hæl, med 17,5 grader.
Likevel var det torsdag som var det varmaste dagen i landet hittil i år, der Molde og Åndalsnes klinka til med heile 17,8 grader i solsteika.
Dette er varmare enn på Mallorca i Kvinesdal, Kreta i Telemark og Madeira i Kristiansand. (Ja, det er faktisk stadar i Noreg som heiter det)
– Det har vore ein ganske fin dag med mykje sol og bra vêr i store delar av landet. Aller mest sol har det vore kring Møre og Romsdal og nordover, seier meteorolog Julie Solsvik Vågane.
Merk at målestasjonane til Meteorologisk institutt er meir presise enn prognosane som vert publisert på Yr.no.
Vêrskifte
Det gjeld å nyte sola når ein kan, for dei varme temperaturane vil ikkje nødvendigvis halde fram gjennom helga.
– Det blir litt meir skyar og spreidd nedbør sør for Stad og på Dovre. Møre og Romsdal er heilt i grenseland, det kan komme skyar og litt meir drypp i helga. I Nord-Noreg blir det tørrast og mest sol, seier meteorolog Solsvik Vågane.
Ho peiker på Namsos og Bodø som helgas vêrvinnarar, så der gjeld det å finne fram solbrillene og pakke ned paraplyen.
Nyte dagane
Folk smiler i kapp med sola utanfor kulturhuset i Kristiansund. No gjeld det å nyte dagen så lenge det varer.
– Det er kjekt å vere ute i sola i lag med ungane og ete den første softisen i år, seier Elise Roksvåg Iversen Thu.
Litt lenger borte har Aron Jordahl Lervik og Nils Fredrik Tørlen Kvende funne seg ein plass i finvêret.
– Eg tenkjer at det er perfekt å vere samane med vener og kose seg og bade når det er varmt.
Valldal på indre Sunnmøre blir ofte nemnd når ein snakkar om stadar med varmt vêr og høge temperaturar. Dei første teikna på at sommaren er i anmarsj blir godt mottatt i fruktbygda.
Gøril Bertinusen har budd der i 36 år. Ho har nyleg blitt pensjonist og set pris på det milde klimaet.
– Det er heilt topp. Eg kan gå tur og høyre på sjøen som slår inn mot land. Dette er jo indrefileten. Det er det milde klimaet som gjer at vi har så mange fruktgardar her.
Trude Witzøe er frå Namsos, men er for tida til rehabilitering på Muritunet i Valldal. Godvêret er som balsam for sjela.
– Det er så godt å få vere ut og høyre fuglane synge. Eg er heldig som får vere i Valldal og oppleve våren her. Så kan eg dra tilbake til Namsos og oppleve ein vår til.
– Eg trivest veldig godt når det er sånne temperaturar og så likar eg ikkje at det er for varmt.