– Det er alltid eit kappløp om å finne det neste som kan gi deg ein liten prosent i forhold til konkurrentane.
Det seier NRKs sykkelekspert Øivind Lukkedal.
For så fort ryttarane kryssar mållinja i Tour de France, dukkar desse «hemmelege» flaskene opp, berre sekund etter målgang. Ryttarane nærast kastar seg over flaskene og heller innhaldet i seg på få sekund.
Uno-X-ryttaren Tobias Halland Johannessen er ein av dei, sjølv om han verkar ein smule usikker på kvifor.
– Eg trur det er noko med at du restituerer betre. Det kan også vere gunstig for søvn.
Det kan Lukkedal bekrefte.
– Det er for å starte restitusjonsprosessen raskast mogleg, og hjelpe kroppen mest mogleg med å restituere klart til neste etappe, seier Lukkedal.
Innhaldet i flaskene er det ofte mykje neddyssingar rundt. Men løyndommen er like enkel som han er genial.
Overraskande godt
– Eg veit ikkje om eg vil seie at det er ei hemmeleg flaske, men det er ei flaske med kirsebærjus. Den inneheld ting som er veldig gunstige for restitusjonen. Det er ikkje noko meir hokuspokus enn det, seier Lukkedal.
Bruken er utstrekt på alle nivå innanfor sykkelsporten, fortel NRK-eksperten.
På éin dag kan ryttarane forbrenne frå 5000 til 8000 kaloriar. Dette svarer til rundt 26 hamburgarar, eller vanlege måltid som kan halde til tre–fire dagar for eit vakse menneske.
Da er sekunda etter målgang essensielle for å førebu restitusjonen.
– Å starte inntaket av væske og karbohydrat tidleg gjer det lettare å dekke det svært store samla behovet dei neste timane.
Det seier Ina Garthe som er fagsjef for idrettsernæring ved Olympiatoppen.
Og smaken på kirsebærjus, spør du?
– Vi bruker stort sett naturlege produkt, og det er faktisk overraskande kor godt det er med ei flaske kirsebærjus etter mål på varme dagar, seier Halland Johannessen.
– Men er det det du har lyst til å proppe i deg rett etter du kjem i mål med 190 i puls?
– Ein skulle ikkje tru det, men samtidig har det berre blitt ein sånn rutine. Så det kjennest nesten rart om ein ikkje gjer det nå.
«Glasuren på kaka»
Olympiatoppen har ikkje ei generell oppfordring om bruk av kirsebærkonsentrat på tvers av idrettar og landslag.
Garthe presiserer også at bruken av kirsebærjus kan vere eit tillegg, men ikkje som sjølve grunnlaget for restitusjonen.
– Det viktigaste vil alltid vere tilstrekkeleg energi, karbohydrat og protein, og dessutan væske, salt, søvn og god styring av den samla belastninga. Eit slikt produkt kan eventuelt vere «glasuren på kaka», men det kan ikkje erstatte sjølve kaka, seier Garthe.
Dette kan likevel vere nøkkelen til suksess for ryttarane i Frankrike. Garthe, som er fagansvarleg innanfor området idrettsernæring, åtvarar ivrige mosjonistar i å tru at dette er mirakelkuren som gjer deg betre.
– Trening nokre gonger i veka, med eitt eller fleire døgn fram til neste harde økt, stiller ikkje dei same krava til rask restitusjon som ryttarane i Tour de France. For dei fleste mosjonistar vil tilstrekkeleg mat, væske og søvn ha langt større betydning, seier Garthe, før ho følgjer opp:
– Dersom produktet kan ha ein effekt for enkelte toppidrettsutøvarar, kan det i prinsippet også ha ein effekt for enkelte mosjonistar. Det er likevel ikkje eit nødvendig restitusjonsprodukt. Uavhengig av nivå bør ein heller ikkje vente ein dramatisk eller omgåande effekt, seier ho.
Tallene setter ut NRK-eksperten – stjerne krever endring
– Meir stress enn du får igjen
I motsetning til Tobias Halland Johannessen, vel lagkamerat Jonas Abrahamsen å stå over kirsebærjusen.
– Eg har ikkje brukt det så mykje. Eg prøver i større grad å unngå alt av ting ein skal putte i seg.
Abrahamsen meiner at det, sjølv for han, er godt nok med vanlege matvarer.
– Eg prøver å forhalde meg til eit normalt kosthald. Dersom det er harde dagar der ein er veldig sliten, da kan ein heller bruke sånne ting, seier han og legg til at kroppen er tilpassingsdyktig og ofte klarar seg utan spesielle matvarer eller medikament.
– Eg har jo vore der sjølv – så eg har prøvd alt mogleg. Alt frå naseplaster til raudbetshots til brokkoli og alt mogleg. Men eg har kome litt fram til at om vi plutseleg skal ha seks, sju, åtte ting ein skal putte i seg før start, så er det meir stress enn det du eigentleg får igjen.
Under fotball-EM i 2024 tok engelskmennene i bruk ein «magisk drikk» for å forhindre krampe. Dei svor til ei sylteagurksaft.
Her blir Englands mystiske EM-våpen avslørt
Sjølv om utøvarane kastar dei ulike mirakelkurane i seg, er det ikkje dette ein først og fremst ønskjer rett etter målgang med ein sprengande puls.
– Eg var heldig, for kirsebærjusen kom etter eg la opp, så eg slapp å drikke han. I veldig varmt vêr, så var erfaringa mi at eg aller helst ville ha iskaldt vatn. Det er det beste, seier Lukkedal.
Tour de France 2026: Her er din guide til alle etappene